Miljømedvit

Miljøvennleg sofa
“Less is more” er eit velkjend uttrykk frå internasjonal marknadsføring. Vendinga «det enkle er ofte det beste» ber den same bodskapen i seg. Produsenten LK Hjelle har kalla denne sofaen for Less. Den har ein ukomplisert og solid trekonstruksjon og røffe puter. Stifter og lim er kutta ut slik at det skal vere lett å skifte ut slitedelar for brukarane. Designar er Lars Tornøe og sofaen vart lansert i 2024.
Dei siste åra har vi opplevd at vår livsstil og høge forbruk har fått negative konsekvensar for klima og natur. Kundane spør etter produkt som er miljøvennlege. Det har blitt teke til orde for at vi må leggje om til ein sirkulærøkonomi, det vil seie at vi må gjenbruke materialar og lage varer som får lengre liv og kan reparerast.Mange møbelprodusentar har byrja å reklamere med at dei bruker resirkulerte materialar, eller materialar som ikkje skadar naturen og ikkje gjev skadeleg utslepp til luft.
