Kunnskap

Meir informasjon og rettleiing om bygningsvern

Forfattar: Signe Elvik Svoen, konservator


Denne artikkelen er ein del av vår «Rettleiar for jugendstilarkitektur». Rettleiaren består av fleire delar, og alle inneheld verdfull informasjon for dei som arbeider med eller eig jugendstilarkitektur. Du bør lese alle delane for å få best mogleg utbyte.

Lær om andre kjelder, fagmiljø og rettleiingstenester ved å bla deg vidare nedover, eller undersøk andre tema i rettleiaren vår ved å nytte linken nedanfor.

Fargerike historiske bygninger speiler seg i det stille vannet ved Ålesund havn mens båter ligger f.
Den karakteristiske rekka av pakkhus i jugendstil langs Brosundet i Ålesund. Foto: Jiri Havran / Viti

Kvar kan eg finne meir informasjon og rettleiing?

I denne rettleiaren har vi prøvd å ta for oss dei viktigaste problemstillingane og utfordringane ein kan møte på i arbeid med jugendstilhus. Det er derimot ikkje mogleg å svare på alle spørsmål som kan dukke opp, spesielt sidan mange av dei kan gjelde konkrete forhold ved kvar enkelt bygning. Nedanfor kan du finne informasjon om og lenkjer til ulike forvaltningsorgan, organisasjonar og nettsider der du kan finne meir informasjon og rettleiing.

Viti, avd. Jugendstilsenteret & KUBE

Konservatoren ved Jugendstilsenteret & KUBE tilbyr råd og rettleiing til huseigarar og prosjekt knytte til jugendstilarkitektur i heile Noreg. Dersom du ønskjer å nytte deg av denne tenesta, kan du sende ein førespurnad på e‑post til konservatoren vår, der du forklarer kva det er du lurer på, og legg ved det du har av informasjon om bygningen og/eller prosjektet.

Bygg og Bevar

Bygg og Bevar er ei nettside for dei som eig eller arbeider med gamle hus. Her kan du finne artiklar, fagstoff og verktøy som kan hjelpe deg i arbeidet. Nettsida er eit samarbeid mellom Klima- og miljødepartementet og Byggenæringens Landsforening.

Murbyen Oslo

Murbyen Oslo er eit bygningsvernsenter som arbeidar med historiske murhus. Dei har spesielt fokus på Oslos historiske murgårder, men jobbar for å utvide sitt arbeid også utanfor hovudstaden. Dei tilbyr kurs og rettleiing for huseigarar, og administrerar ei medlemsordning for handverksfirma med relevant kompetanse innan historiske murhus. Deira nettsider inneheld også mange gode artiklar som er nyttige å lese for dei som eig eller jobbar med historiske murhus.

Fortidsminneforeininga

Fortidsminneforeininga arbeidar for bevaring av Noreg sine verneverdige kulturminner. Dei jobbar for å spreie kunnskap og forståing for verdien av denne arven og forvaltar ei rekke historiske eigedomar. Dei arrangerar også diverse kurs og arrangement med dette formålet. På deira nettside kan du finne informasjon om framtidige arrangement og bestille hefter med informasjon om ulike tema innan bygningsvern.

Riksantikvaren

Riksantikvaren er ein statleg etat som har ansvaret for kulturminnevernet på nasjonalt plan. Riksantikvaren ligg under Klima- og miljødepartementet og er departementet sin rådgivande og utøvande faginstans for forvaltning av kulturminne og kulturmiljø. På nettsida deira kan ein finne mange gode artiklar og rettleiarar, både for huseigarar, fagfolk og forvaltninga.

Byggjesakskontoret i kommunen og lokale byantikvarar

Det er byggjesakskontoret i kommunen som behandlar alle byggjesøknader som blir sende inn. Byggjesakskontoret har eit arkiv over byggjesaksdokument, og desse dokumenta kan ofte innehalde originalteikningar og annan historisk bygningsdokumentasjon.

Nokre kommunar har også ein byantikvar, som arbeider spesielt med verna bygningar. Nedanfor kan du finne ei lenkje til Bygg og Bevar si oversikt over byantikvarar i Noreg.

Fylkeskommunen

Alle fylkeskommunar har ei eiga avdeling for forvaltning av kulturarv og kulturminne. Nedanfor kan du finne lenkjer til nettsidene deira. Her kan du finne kontaktinformasjon og lese om arbeidet deira innanfor kulturminneforvaltning.

Byggjeskikksrettleiarar

Mange kommunar og fylkeskommunar har laga eigne byggjeskikksrettleiarar for sine område. Nedanfor kan du sjå Bygg og Bevar sin oversikt over gjeldande byggjeskikksrettleiarar i Noreg.

Lokale bygningsvernsenter og fagmiljø

I tillegg til byggjesakskontor, byantikvarar og kulturminneavdelingar kan ein òg finne informasjon hos og/eller få råd og rettleiing frå lokale bygningsvernsenter og fagmiljø. Nedanfor kan du sjå Bygg og Bevar si oversikt over slike tilbod.

Frivillige organisasjonar og foreiningar

Mange frivillige organisasjonar og foreiningar arbeider med å spreie informasjon om kulturminne og står for arrangement retta mot huseigarar og andre med interesse for kulturminne. Nedanfor kan du sjå Bygg og Bevar si oversikt over slike organisasjonar i Noreg.

Firma og handverkarar med spesiell kunnskap

Det er ikkje alltid så lett å vite kven som har den rette kunnskapen til å arbeide med din bygning. Nokre handverkarar har fått kompetansen sin gjennom erfaring, medan andre har hatt spesialisert utdanning eller har vore deltakarar på kurs og seminar.

Nedanfor finn du lenkjer til lister over handverkarar med spesiell kunnskap innanfor bygningsvern. Mange av dei som tilbyr råd og rettleiing, har også oversikt over kven som har spesialkompetanse i sine lokalmiljø.

Kurs og samlingar

Dersom du skal til med arbeid på ein eldre bygning eller ønskjer å lære meir om kulturminne, rår vi deg til å undersøkje om det blir arrangert relevante kurs og samlingar som du kan vere med på. I løpet av eit år blir det arrangert mange ulike kurs i alt frå linoljemåling til lafting.

Nokre av kursa er spesielt retta mot huseigarar og kan vere nyttige både for å lære metodar og for å knyte kontakt med andre som held på med det same som du. Nedanfor kan du finne oversikter med relevante arrangement i heile landet.

Butikkar og forhandlarar

Mange eldre bygningar krev spesielle produkt, både av tekniske og estetiske omsyn. Vi har nokre butikkar og forhandlarar i Noreg som har spesialisert seg på denne marknaden, og som tilbyr alt frå spesialiserte bygningselement til historiske tapet og lampar.

Dersom du skal gjere arbeid på din bygning eller berre ønskjer eit stilmessig korrekt dørhandtak, kan det vere lurt å kikke på utvalet til desse forhandlarane. Nedanfor finn du Bygg og Bevar sin oversikt over slike spesialiserte butikkar og forhandlarar.

Litteratur

Det finst mykje god litteratur som gir informasjon og råd om bygningsvern og jugendstil. Mykje av litteraturen som er oppgitt nedanfor, har vore avgjerande i utviklinga av denne rettleiaren, saman med ei rekkje artiklar på nettet.

Dersom du skal gjere arbeid på ein verneverdig bygning, kan det vere lurt å undersøkje noko av denne litteraturen, for å gi deg sjølv eit betre grunnlag. Det kan òg kome svært godt til nytte når du skal diskutere ulike løysingar og framgangsmåtar med handverkaren.

Nokre av desse bøkene er ikkje til sals lenger. Undersøk på det lokale biblioteket eller sjekk Nasjonalbiblioteket si digitale samling.

Om bygningsvern:

  • Dekorasjonsmaling. Marmorering – Ådring – Sjablong- og strekdekor – Lasering – Patinering, av Jon Brænne (1998)
  • Enøk-tiltak i gamle bygg,av Fortidsminneforeningen (2016)
  • Gamle hus. Vern, valg og muligheter, av Else «Sprossa» Rønnevig (2004)
  • Gamle trehus. Historikk, reparasjon vedlikehold, av Jon Brænne, T. Drange og H.O. Aanensen (2011)
  • Gamle vinduer. Historikk, restaurering og vedlikehold, av Håkon Gøthesen (2012)
  • Gode råd-serienfrå Fortidsminneforeningen
  • Kulturminnevern. Kulturminneloven med kommentarer, av Riksantikvaren og Økokrim (2020)
  • Praktisk fargesetting av historiske interiør. En fortelling, en introduksjon, et verktøy, av Marte Osvoll Valderaune
  • Rehabilitering: Konstruksjoner i tre,av A. Frøstrup (1993)

Om jugendstil:

  • Arkitektur i Ålesund 1094–1907, av Helga Stave Tvinnereim (1981)
  • Art Nouveau,av Gabriele Fahr-Becker (1997)
  • Art Nouveau Tiles c. 1890–1914,av Sandie Fowler & Wendy Harvey (2002)
  • The Art Nouveau Style. A Comprehensive Guide with 264 Illustrations, av Stephan Tchudi Madsen (2002)
  • Artikkelen «Historisk museum – praktverk i jugendstil», av Bjørn Vidar Johansen i bokaByen og Blindern. Universitetet i Oslo 200 år(2011)
  • Fugl Føniks. Ålesund opp av asken, av Harald Grytten (2004)
  • Jugendbyen Ålesund. The city of art nouveau,av Harald Grytten (1996)
  • Jugendguiden for Trondheim,av Eirik Lien og Svein Henrik Pedersen
  • Norsk Art Nouveau, av Jan-Lauritz Opstad (1979)

Meir frå Rettleiaren

Meir informasjon og rettleiing om bygningsvern — Viti — Viti