Med hjarte for tradisjonen
Slik den alltid har vore – trur vi.
Kanskje har du høyrt sukk om at vi i dag hiv oss på den eine trenden etter den andre. «Jula har vorte så amerikanisert» seier nokre. Men kva med den urnorske julekorga? Den dei fleste har stifta kjennskap til på skulens juleverkstad, er den tradisjonen så norsk som vi trur?
Fletta julekorger i papir er mellom den eldste julepynten i Noreg. I starten av juletreet si popularitet på midten av 1800-talet, var pynten ofte heimelaga og enkel. Glanspapir var i sal på 1870-talet og dermed var hjarte og lenkjer av slikt papir i bruk. Hjå Nasjonalmuseet finn ein korger Edvard Munch laga saman med søskena sine på nett denne tida. Etter kvart som meir importert kjøpepynt vart tilgjengeleg, vart den òg lagt til saman med korger og lenker.
Dei fletta hjarta har opphav i Tyskland, men å sette hank på og henge dei på juletreet var det danskane som gjorde. Ei av dei eldste fletta korgene i Danmark stammar frå H.C Andersen, den var ikkje laga som julepynt men som vennegåve. Vegen til popularitet er uklar, men den hjartelege pynten spreidde seg truleg frå Danmark til Noreg via dei øvre samfunnslag og eksisterer i alle dei skandinaviske landa. Tradisjonen er derimot sterkast i Noreg og Danmark.
Hjarta har oftast berre rutemønster men kan og ha motiv i flettinga. Sjølve hjarteforma peikar på kjærleiken og den kristne julebodskapen om Guds kjærleik til menneska. Mykje av julepynten som på 1800-talet, var symbolsk knytt til julehistoria. På Vartdal på Sunnmøre fortel ein om ein student som i 1865 kom heim frå lærarskulen og pynta juletre. Han song salmar og greidde ut om meininga bak pynten.
Hjartepynten som fann vegen inn i bondeheimane via juletrea hjå dei mest velhaldne, har halde stand lenge. I dag endrar trendane seg mykje raskare. Fins det allereie julepynt som vi om 50 eller 100 år vil sjå på som rotnorsk? Eller er mangfaldet og individualiteten for stor på dagens juletregreiner?
Flett ei julekorg! Vi viser deg korleis:
Kjelder:
- https://www.gamletrehus.no/butikk/artikler/gamle-hus-historie/gammeldags-jul-1
- https://frederikssundmuseum.dk/10-december-det-flettede-julehjerte/
- Vår norske jul (nb.no)
- Den gamle sunnmørsjula; Brunstad, Sissel Pettersen, John Roald

