Kunnskap

Med amtmann Kielland til Ålesund

Et gammelt svart-hvitt vinterfotografi viser en person i lang frakk og hatt som støtter seg på en s.
Foto henta frå Obrestad, Tor: Sannhetens pris. 1996.

Laurdag morgon den 23. januar 1904 kima telefonen heftig i amtmannsbustaden i Molde. Amtmannen sjølv, Alexander L. Kielland, lyfte raskt av røret, og fekk den dramatiske meldinga frå Ålesund: "Ildebrand udbrød inat kl. 2 i vestre ende af byen, begrænsning umulig. Rasende storm. Intet menneskeliv gaaen, saavidt vides. Mangler det nødvendige af klær og mad."  [1]

Kielland kom seg i ytterkleda det raskaste han vann, og la i veg til byen.

Her gjekk han først innom bakeria, og gav bakarane ordre om straks å frakte alt ferdig brød ned på hamna, og, "uden Stans", setje i gang med å bake meir. Apotekaren fekk beskjed om å pakke ned så mykje medisin som råd, og sende av garde. Smør, mjølk og ullklede vart også samla inn. [2]

Varer for til saman 12 000 kroner vart så lasta om bord i DS "Rauma", ein rutebåt som høyrde til Det Romsdalske Dampskibsselskab. "Rauma" la frå kai klokka eitt om ettermiddagen, og var framme ved Skansekaia i Ålesund om lag tre timar seinare; som det første av dei mange hjelpeskipa som etter kvart kom til den brende byen. Pakkhusa på Skansekaia var blant dei få bygningane i sentrum som var uskadde, så staden vart base for utdelingsarbeidet dei første dagane etter brannen.

Dei fleste som har skildra hjelpearbeidet etter bybrannen i 1904 har gått ut i frå at amtmannen også var med «Rauma» på turen til Ålesund. Men var han det, eller kan det vere at han i staden kom hit med ein annan rutebåt, nemleg DS «Nordfjord», om lag på same tid? Nokre kjelder peikar nemleg i ei slik retning:

I eit brev til Justisdepartementet to dagar etter at han er komen til Ålesund, omtalar Kielland sjølv DS "Nordfjord", «som jeg havde taget i Molde". [3]

Det gamle skipet Nordfjord ligger til kai i et svart-hvitt fotografi fra tidligere tider.
Rutebåten D/S "Nordfjord". Foto henta frå boka: Ragnar Ulstein: Om Samferdsel i Møre og Romsdal

At det var rutebåten "Nordfjord" som frakta Kielland til Ålesund, kjem også fram i Tor Obrestad sin biografi om han. Obrestad skildrar eit møte mellom Kielland og ein annan forfattar, Peter Rosenkrantz Johnsen (1857 – 1929), på kaia i Molde denne laurdagsmorgonen. Truleg er det Johnsen si eiga forteljing som Obrestad her har gjeve att: [4]

-Aalesund brenner, sa Kielland, nu beslaglegger vi et dampskib sammen. 

Ved kaia får dei auge på DS "Nordfjord", med ein mann om bord:

-Er De kaptein her? spør Kielland.

-Det er jeg.

-I kongens navn beslaglegger jeg Deres skib (...)

-Det går ikke, for jeg har kreaturer om bord, som skal til Haram.

-Nu, så får De slippe kreaturene iland. Her er ingen annen utvei."

Kielland og Rosenkrantz Johnsen kjem etter kvart om bord, og vel nede i salongen møter dei ein kar som sit og hutrar og frys, og som er synleg rusa.

-Er De los De, far min? spør han.

-Gjerne det, svarar amtmannen. Drikker De en dram? Se her skal De få et glass Martell.

Så då «Nordfjord» legg frå kai kort tid etter, har stemninga i salongen vorte rett så gemyttleg.

Eit glas vert til fleire, og etter kvart vert karen kranglevoren, og eglar seg meir og meir inn på amtmannen. Då dei skal til å ete, set han seg frimodig ned på heidersplassen, ved bordenden. Då mister Kielland tolmodet, og fyrer laus med eit mynde som får mannen til å bleikne:

"Denne dampbåt skulle egentlig gå til Haram med kreaturer, og viss De ikke oppfører Dem ordentlig, lar jeg Demsette i land på Haram og fører Dem til fjøset."

Etter ein slik reprimande fell mannen saman, og vert vennleg og sentimental resten av turen.



Av: Ivar Gunnar Braaten, historikar.

Kjelde

Les meir

[1]Attgjeve i Lunde, Johs. : «Amtmannen og bybrannen». Aalesunds Museum 1975. Skrift nr. 6, s.9

[2]Kielland sin rapport til Justisdepartementet 28.01.1904, attgjeve i Lunde, Johs. 1975: Kunst og liv i konflikt. 1975, s. 276.

[3]Attgjeve i Lunde, Johs. : «Amtmannen og bybrannen», s. 19

[4] Obrestad, Tor: Alexander L. Kielland. Sannhetens pris. En beretning. 1996, s. 435f.

Med amtmann Kielland til Ålesund — Viti — Viti