Marianne Heske - Prosjekt Gjerdeløa
Marianne Heske
Prosjekt Gjerdeløa, 1980-1981/2010
Kunstmappe med 30 trykk, 40 x 60 cm.
Tenk deg at du er på fjellgarden Øyen i Tafjord, 500 meter over havet. Høgt der oppe i det storslåtte landskapet står ei lafta utløe frå 1630. Veggene ber spor av hundreåra gjennom ristningar i tømmeret som syner namn, initialar, figurar og datoar. Tenk deg så til det verdskjende Pompidou-senteret i Paris, to veker seinare. Utstillingslokala myldrar av folk, og der – midt imellom dei – står no den same løa som eit kunstverk. Korleis skjedde dette? Svaret finn du i denne teksten om ein av Noregs fremste kunstnarar, Marianne Heske. Gjennom dokumentasjonsbilete frå gjennomføringa av kunstverket Gjerdeløa frå 1980–81 tek ho oss med på ei reise mellom naturen og kunsten.
Kva er ei gjerdeløe?
Les meirLukk
Ei gjerdeløe blir brukt til oppbevaring av høy, og til å gi ly til slåttefolk, gjetarar og reisande. Dei fleste norske fjellgardar har frå gamalt av slike utløer for å utnytte kvart grasstrå i den karrige naturen. Byggjemåten, med lafting, gjer montering og demontering til ei lett oppgåve, og løene kan bli flytta etter beite og slåtteforhold.

Klargjering for transport
I august 1980 bruker Marianne Heske seks dagar på å klargjere løa for flytting til Paris, saman med lokale hjelparar. Stokkane blir nummererte og merkte. Deretter blir løa demontert, og stokkar, grunnmurstein og torvtak blir sende nedover den bratte fjellsida på løypestreng. Før løa blir pakka for transport i ein kassebil, blir ho prøveoppsett i bygda Tafjord. Alt er på stell, og deretter startar reisa til Paris, med Heske som sjåfør. Ferda går frå smale vestlandsvegar, over på båt til Amsterdam, og vidare sørover til målet.

Ein bit av Noreg i Paris
Ein septemberdag i 1980, to veker etter at prosessen først tok til, blir løa bygd opp i eit eige rom i Pompidou-senteret i Paris. Marianne Heske bestemmer sjølv storleiken på rommet og kvitfargen på veggene. I eit forrom er dokumentasjonsbilete frå demonteringa i Tafjord og reisa til Paris hengde opp. Utanfor dette igjen står to monitorar som viser lydlause videoar. På den eine ser vi løa i sitt naturlege habitat oppe på fjellgarden. Løa står støtt, og den einaste rørsla i videoen skjer i naturen. Den andre monitoren viser eit live-opptak av utstillingsrommet i Paris. Folk går inn og ut og ser på løa i sin nye kontekst, som eit kunstverk. Heile 140 000 menneske ser Gjerdeløa under den dryge månaden ho står utstilt.

Heimkomst
Ein augustdag i 1981 blir løa returnert til si opphavelege plassering i Tafjordfjella, og med det blir kunstverket fullenda etter nøyaktig eitt år. 365 dagar og 4800 kilometer etter ferda starta, er løa tilbake til utgangspunktet, som om ingenting har skjedd. Undervegs har Gjerdeløa også vore innom Henie Onstad Kunstsenter på Høvikodden. Men noko har likevel skjedd. Ikkje berre har løa fått nye ristningar som vitnar om reisa i form av franske, arabiske og kinesiske inskripsjonar. Marianne Heske har også sett i gang ei rekkje tankeprosessar hos dei som har møtt løa på sin veg. Frå dei lokale hjelparane i Tafjord, som er meir eller mindre medvitande om at dei har vore med på skapinga av eit kunstverk, til det kunstvande publikummet i Paris. Og så, i neste omgang, alle oss som i ettertid blir innvigde i forteljinga om Heske si kunstnariske handling.

Eit nytt kunstsyn
Kunstsynet er konservativt i Noreg i 1980-åra. Også innanfor store delar av det profesjonelle feltet er kunst synonymt med tradisjonelle medium som måleri og skulptur. Men i Paris, der Marianne Heske bur på denne tida, har dei ei breiare og meir internasjonalt orientert haldning til kunsten. Gjennom det konseptuelle kunstverket Gjerdeløa knyter ho band mellom publikummet i Paris, som får kjennskap til hennar eigen heimstad og kultur, og folka i Tafjord, som får eit lite innblikk i den progressive kunstscena i Paris. Heske speglar stadene mot kvarandre og løftar dei begge opp med sin eigenart. Effekten av samanstillinga er kraftfull.
Konseptkunsten
Konseptkunst er det faglege ordet ein bruker for å definere Marianne Heske sine kunstverk. Her står kunstnarens tankar og idear sentralt. Retninga oppstod i 1960-åra, og dette tankegodset er i dag ein uunngåeleg komponent i all utøving av kunst. Marianne Heske er ein av dei første kunstnarane her i Noreg som nytta konseptuelle strategiar, og Gjerdeløa er i dag rekna som eit av dei viktigaste kunstverka i nyare norsk kunsthistorie. Fordi konseptkunsten ofte tek form av handlingar framfor konkrete objekt, er det gjerne dokumentasjonen av kunstverka som står igjen for publikum i ettertida.

Den vidare skjebnen til Gjerdeløa
Marianne Heske arbeider gjerne vidare med motivkretsane ho nyttar i kunstverka sine. Ho set dei inn i nye kontekstar, og Gjerdeløa er ikkje noko unntak. Denne teksten viser dokumentasjonsbilete som Heske tok undervegs i 1980–81. Saman utgjer dei det nye kunstverket Prosjekt Gjerdeløa, som Heske sette saman i 2010 med tretti bilete i ei kunstmappe. Dette verket vart skapt i ein periode der ho reaktiverte tankegodset i Gjerdeløa-prosjektet. For i 2014 vart løa på nytt flytta og vist som del av eit nytt kunstverk i ei større separatutstilling ved Astrup Fearnley Museet i Oslo. Løa er no innlemma i samlinga til Kunstsilo i Kristiansand.

Marianne Heske (f. 1946, Ålesund) bur i Oslo og har utdanninga si frå Bergen Kunsthåndverkskole (1967–71), École Nationale Superieure des Beaux-Arts i Paris (1971–75), Royal College of Art i London (1975–76) og Jan van Eyck Academie i Maastricht (1976–79).

Jugendstilsenteret og KUBE, Ålesund
Jugendstilsenteret og KUBE er eit kunstmuseum som ligg i hjartet av Ålesund sentrum.
