Måling av jugendstilhus
Forfattar: Signe Elvik Svoen, konservator
Denne artikkelen er ein del av vår «Rettleiar for jugendstilarkitektur». Rettleiaren består av fleire delar, og denne artikkelen høyrer til «Tilrådingar for arbeid på jugendstilhus». Alle delane inneheld verdfull informasjon for dei som arbeider med eller eig jugendstilarkitektur. Du bør lese alle delane for å få best mogleg utbyte.
Les meir om våre tilrådingar for måling ved å bla deg vidare nedover, eller undersøk andre tema i rettleiaren vår ved å nytte linkane nedanfor.

Tekst: Signe Elvik Svoen, publisert 31.01.23.
Måling av jugendstilhus
Haldninga vi har til overflatebehandling i dag, er ganske annleis enn den ein hadde før i tida. Før var det fargen på målinga som kunne markere status og velstand. I dag er vi meir opptekne av kor ny målinga ser ut.
Ei overflate med forskjellig glans, skjoldar eller fargeforskjellar blir ofte oppfatta som dårleg vedlikehald. Vi har gløymt at målinga skal vere eit offersjikt, at det er meininga at ho skal brytast ned.
Det gjer at vi målar husa våre oftare, og at vi tyr til lette og raske løysingar som skal halde seg blanke og einsfarga så lenge som råd. Men ein slik praksis fører ofte til eit dårlegare og mindre haldbart resultat over tid.

Måling som offersjikt
Det er ikkje meininga at ei overflatebehandling skal vere evigvarande. Det er heller ikkje meininga at overflata skal halde seg blank og perfekt over lang tid.
Målinga er ikkje berre dekorativ, ho skal gi vern til materialet som ligg under, ved å vere eit offersjikt for sol, vêr og vind. Det vil seie at vi også må tillate at målinga viser teikn på slitasje.
Skjoldar, fargenyansar og varierande glans på ei måla overflate er teikn på at målinga fungerer som ho skal. Derfor er det viktig å skilje mellom kva som er den naturlege utviklinga av målinga du nyttar, og kva som er teikn på at ho er skadd eller treng fornying.
Diffusjonsopne målingar
I bygningsvernet snakkar ein ofte om diffusjonsopen måling. Dette er måling som tillèt fuktvandring. Slike produkt er ideelle for eldre bygningar.
Moderne, organisk måling legg seg som ei tett hinne og stoppar fukta frå å trengje inn òg ut. For bygningar som er laga for å vere tette, er dette bra. For eldre bygningar som treng å puste, kan det føre til både estetiske og tekniske problem.
Men sjølv med diffusjonsopne målingar er det nokre punkt ein må passe på.

Ikkje mal så ofte og ver nøye med påføringa
Les meirLukk
Eit vanleg problem er at den nye målinga losnar frå fasaden. Det kan bli eit problem når vi målar husa våre for ofte. Då kan laga bli for tette.
Nokre av målingane er først diffusjonsopne når dei er blitt delvis nedbrotne. Ein må derfor passe på at ein lèt det nye laget stå lenge nok før ein målar på nytt.
Mange målingar er også avhengige av korrekt påføring. Ein må derfor vere nøye med at målinga skjer i tråd med tilrådingane frå produsenten. Unngå tjukke lag med måling og vent til målinga er skikkeleg tørr før du påfører neste lag.
Gjer godt grunn- og forarbeid
Les meirLukk
Gamle målingslag kan også skape problem for dei nye laga. Grundig og korrekt grunnarbeid er derfor viktig for å sikre at målinga får fungere som ho skal, også når ein nyttar diffusjonsopne produkt. Mange og tjukke målingslag kan skape problem, og du må derfor vurdere kva som er nødvendig grunnarbeid for din bygning.
Dette inneber også at du må vere obs på kva slags måling som allereie er brukt på fasaden. Nokre typar måling er ikkje kompatible med andre typar. Derfor er det viktig å gjere godt forarbeid og finne ut kva for ein type måling som er nytta tidlegare.
Dersom den nye målinga ikkje er kompatibel med den gamle, må du vurdere om du skal nytte ei anna måling. Alternativet er å fjerne dei gamle målingslaga som ikkje er kompatible. Dette er derimot noko ein skal vere forsiktig med på eldre bygningar, då det kan føre til tap av historisk dokumentasjon.
Tilrådde målingstypar
For jugendstilbygningar i mur er det som regel tilrådd å nytte mineralske målingar, for eksempel silikatmåling eller kalkmåling. Til trehus bør ein bruke ei linoljemåling.
Kva som er den beste målinga for din bygning, er også avhengig av lokale forhold som vêr og klima, og kva som har vore nytta på bygningen tidlegare. Det er derfor lurt å snakke med lokale fagfolk for å finne ut kva som er rett for den aktuelle bygningen.

Verneverdige målingslag
Det er viktig å vere klar over at for mange eldre bygningar kan sjølve målingslaga vere verdt å verne. Då må ein ta spesielle omsyn ved grunnarbeidet. Ein må vurdere kva som må gjerast for å sikre gode forhold for nye målingslag, men ikkje fjerne meir enn nødvendig.
Det kan vere lurt å lage nokre felt der ein lèt dei gamle målingslaga stå urørde, som ein dokumentasjon for seinare undersøkingar. På desse felta kan ein då lage fargetrapper for å synleggjere fargehistoria.
Det er også viktig å undersøkje om ein må ha fleire slike felt. Mange jugendstilbygningar kan ha hatt dekormåling, både på interiøret og eksteriøret. Dekoren var ofte plassert rundt opningar eller i overgangar.
Dersom ein finn spor av slikt, er det svært viktig å få inn fagpersonar som kan vurdere funna, og som kan gi råd om kva ein bør gjere vidare. I somme tilfelle kan det berre vere snakk om forskjellige fargefelt som bør vidareførast, andre gonger kan det vere snakk om flotte, måla dekorasjonar med høg bevaringsverdi.

Fargetrapp
Les meirLukk
Fargetrapper er fysiske undersøkingar av dei ulike fargelaga på ei overflate. Ein nyttar skalpell eller eit kjemisk middel for å punktvis avdekkje underliggjande målingslag. Ein endar då med ei «trapp» nedover i målingslaga, og denne trappa kan så nyttast til å finne fram til fargar ved ei tilbakeføring.
Ein kan gjere slike fargeundersøkingar sjølv, eller ein kan få hjelp av fagfolk innanfor bygningsvern. Dei kan òg gi deg råd om korleis du går fram for å sikre bevaring av målingslag.
Gjer det som er nødvendig – når det er nødvendig
Ein kan spare seg mykje unødvendig arbeid ved ikkje alltid å måle heile huset samtidig. Dei ulike sidene av ein bygning har ulik slitasje. Ein vegg som er utsett for vêr og vind, har større slitasje enn ein som står i le.
På same måten gir ulike solforhold ulike behov. På vegger med mykje sol vil målinga bli nedbroten og krevje nytt lag med måling raskare. Ein vegg i skugge kan vere plaga med mosevekst og heller ha behov for vasking.
Ver obs på den faktiske tilstanden til veggen og gjer dei tiltaka som er nødvendige.
