Kvinner i møbelindustrien

På kvinnedagen 8. mars er likestilling mellom kjønna eit hovudtema. I møbelindustrien sin barndom var kjønna langt frå likestilte.
Møbeleventyret på Sunnmøre starta med eit kurs i korgfletting på Stranda i 1908. Det var fleire jenter som ønska å være med på kurset, men dei fekk ikkje sleppe til, for dei som arrangerte kurset meinte korgfletting var for tungt arbeid for kvinner. Og så var haldninga at det var karane som trong kunnskap om denne attnæringa. Jentene vart jo likevel snart gifte og forsørga!
I mange tiår var møbelindustrien ganske mannsdominert. Det vart først ei endringa på det i 1960- 70-åra då det vart meir sying i møbelproduksjonen.
Men det var unntak: Møbelbedrifta J.E. Ekornes i Sykkylven byrja å produsere madrasser frå 1935, Svanemadrassene. I madrasseproduksjonen var det mykje saumarbeid, og då var kvinnene sin kompetanse nyttig. På Ekornes var det frå 40-åra og framover mange kvinner.
