Kunnskap

Kva forma jugendstilarkitekturen i Noreg?

Forfattar: Signe Elvik Svoen, konservator

Denne artikkelen er ein del av vår «Rettleiar for jugendstilarkitektur». Rettleiaren består av fleire delar, og alle inneheld verdfull informasjon for dei som arbeider med eller eig jugendstilarkitektur. Du bør lese alle delane for å få best mogleg utbyte.

Lær om jugendstilarkitektur i Noreg ved å bla deg vidare nedover, eller undersøk andre tema i rettleiaren vår ved å nytte linken nedanfor.

En historisk steinbygning på et gatehjørne huser restauranten Steineman med innglasset uteservering.
Gjerdegata 4 i Ålesund. Foto: Stian Wiik / Viti

Kva forma jugendstilarkitekturen i Noreg?

I Noreg blir perioden frå 1900 til 1914 rekna som hovudperioden for jugendstilarkitekturen. Perioden var prega av store omveltingar, både innanfor byggjeskikk og i samfunnet generelt. Desse straumdraga verka sterkt inn på den norske jugendstilen, både i uttrykk og omfang.

Dei var òg med på å skape ein stil som skil seg frå det ein finn lenger sør i Europa. For å få ei betre forståing av kva norsk jugendstil er, skal vi sjå litt nærmare på ulike faktorar som påverka denne stilarten.

Ålesund by ligger vakkert til mellom fjell og fjord med fargerike jugendhus langs havnen.
Ålesund er kjent som Jugendbyen. Dette er ikkje fordi det er byen med mest jugendstilhus i Noreg, men på grunn av den høge tettheita av jugendstilhus i bysentrumet. Foto: Viti

Murtvang

Bygningsmassen i Noreg har opp gjennom historia vore dominert av trebygningar. Det gjaldt også i byane, noko som førte til fleire store og alvorlege bybrannar.

Mange byar hadde innført murtvang på lokalt nivå. Det var derimot først etter bybrannen i Ålesund i 1904 at murtvangen blei innført på nasjonalt nivå i Noreg. Dette hadde store konsekvensar for byggjeskikken i dei norske byane og fall i tid saman med jugendstilen sitt inntog her i landet.

Jugendstilen fekk såleis starthjelp då han blei etablert i Noreg. Vi hadde ikkje sterke tradisjonar for mur og stein, og derfor var ein meir open for å eksperimentere med den nye europeiske trenden. Dette er ein av grunnane til at vi kan sjå eit stort spenn i uttrykket innanfor den norske jugendstilarkitekturen.

Arkitektane eksperimenterte ikkje berre med ulike uttrykk frå den europeiske stilen, men kombinerte dei òg med tradisjonelle norske byggjeskikkar og andre gjeldande stilartar i Noreg i perioden. I tillegg utforska og eksperimenterte dei med mur, stein og murpuss, og korleis desse materiala kunne utnyttast i den nye byggjeskikken.

Påverknad frå Nord-Europa

Rundt 1900 hadde Noreg eit avgrensa utdanningstilbod innanfor arkitektur. Mange arkitektspirar tok derfor heile eller delar av utdanninga si i utlandet. Dei vanlegaste landa å utdanne seg i var Tyskland, Storbritannia og Frankrike.

Denne utvekslinga av unge arkitektar blei ein av faktorane som gav jugendstilen innpass i Noreg. Dei unge arkitektane blei inspirerte av den nye europeiske stiltrenden og tok han med seg når dei reiste heim.

Denne inspirasjonen blanda seg med eit ønske om å skape ein ny norsk byggjestil og resulterte i ein eksperimentell stil der norske byggjetradisjonar blei kombinerte med formspråket til den europeiske jugendstilen.

Koplinga til Nord-Europa førte til at jugendstilen vi ser i Noreg, liknar meir på stilen vi kan sjå i dei nord-europeiske områda, med spesiell relasjon til Tyskland, Austerrike og Skottland. Den tyske påverknaden er òg grunnen til at stilarten har fått namnet jugendstil i Noreg – etter det tyske tidsskriftet Jugend.

En åpen utgave av det tyske magasinet Jugend fra 1896 viser en fargerik art nouveau-illustrasjon og.
Tidsskriftet Jugend gav namn til jugendstilen. Det blei utgitt første gongen i München i 1896 og viste nyskapande illustrasjonar frå mange av dei fremste tyske formgivarane innanfor jugendstilen i denne perioden. Foto: Viti

Kjært barn har mange namn

Les meir

Jugendstilen var ein kort, men intens stilperiode som spreidde seg raskt i Europa. Stilarten er i dag definert under samleomgrepet art nouveau, men i likskap med Noreg er det mange språk som brukar eit anna namn på stilarten. Ein kan for eksempel lese om «modernismo» i Spania, «Sezession» i Austerrike, «Glasgow Style» i Skottland og «stile floreale» eller «stile Liberty» i Italia.

I mange land blei stilarten assosiert med spesielle personar, samfunnsrørsler, bedrifter eller kulturelle aktørar. Dette ser ein ofte reflektert i namnet.

Trehus

Som nemnt har byggjeskikken i Noreg vore dominert av tre. Trass i murtvangen som blei innført i byane, heldt denne skikken fram med å dominere utanfor bysentra. Vi har derfor ei stor mengd med trehus frå denne perioden, og fleire er påverka av jugendstilen.

Rundt 1900 var sveitserstilen populær. Denne stilen opererte parallelt med jugendstilen, og vi kan derfor finne mange trehus der dei to stilartane er kombinerte. Nokre av bygningane kan definerast som jugendstil, medan andre er sveitserhus med element av jugendstil.

Mange av desse bygningane blir ofte oversedde når ein omtaler jugendstilarkitekturen i Noreg. Dei er likevel ein viktig del av stilhistoria vår. Møtet mellom tremateriale, norske byggjetradisjonar og jugendstil skapte eit særeige uttrykk som utforskar andre aspekt ved stilen enn det ein finn i murhus.

Nasjonalromantiske tendensar

Jugendstilen sin filosofi la vekt på arkitekten og handverkaren sin kunstnariske fridom. For mange gav dette rom for å integrere nasjonale særpreg. I norsk jugendstil kan vi sjå at stilen speglar dei samfunnsmessige omveltingane i tida og den aukande vektlegginga av det særnorske.

Rundt 1900 var Noreg sterkt prega av nasjonalromantiske straumdrag, og dei nådde eit høgdepunkt ved unionsoppløysinga i 1905. Heile det norske samfunnet hadde eit ønske om å etablere seg som sjølvstendig nasjon. Dette ønsket blei også teke med inn i utviklinga av den norske jugendstilen.

Ein tydeleg nasjonalromantisk tendens er bruken av råkopp på fasadane. Råkopp er naturstein som gir uttrykk av å vere ubehandla. Det var som regel granitt eller marmor henta frå norske steinbrot. Stein var òg sedd på som eit haldbart materiale som ville tole det norske klimaet godt, og som kravde minimalt med vedlikehald.

Ein annan referanse til nasjonalromantiske tendensar var bruken av ornamentikk inspirert av norrøne motiv, vikingkunst og norske folkeeventyr og sagaer. Bruken av slike ornament har også ei tilknyting til drakestilen, som var særleg utbredt i perioden 1880-1910. Vi kan sjå fleire eksempel der jugendstil og drakestil er kombinert, spesielt i møbel- og interiørdesign.

Mykje av ornamenta som blei brukte i norsk mellomalderkunst, har eit uttrykk og eit formspråk som passar godt med prinsippa i jugendstilen. Det er derfor ikkje så rart at dei fremste jugenstilarkitektane lot seg inspirere av desse ornamenta.

Jugendstilsenteret holder til i en praktfull historisk bygning med karakteristisk tårn og grønt kob.
Apotekergården i Ålesund er eit av dei fremste dømene på norsk jugendstil med sin fasade i råkopp og mange dekorasjonar inspirert av norsk middelalder. Foto: Kristin Støylen / Viti

Økonomi

Ein siste faktor som hadde mykje å seie for den norske jugendstilen, var økonomi. Det norske borgarskapet har gjennom historia vore avgrensa, og det var framleis tilfellet rundt 1900.

Mange hadde ikkje råd til å investere i overdådige bygningar med eksteriør og interiør uforma i tråd med jugendstilen sin tanke om Gesamtkunstwerk. Mange hadde heller ikkje pengar til å investere i dekorative element. Vi kan derfor sjå ein stor del bygningar utan tårn, karnapp, dekorative gavlvegger eller ornamentelle dekorasjonar.

Den enkle utforminga gav grobotn for andre og rimelegare former for dekorasjon. Dei viktigaste dekorative grepa ligg då i utforminga av vindauga. Ein kan også sjå innriss i murpussen for å skape geometriske eller organiske linjer rundt vindauge og dører.

Mange bygningar er òg heilt utan dekorasjon, noko som kan gjere dei vanskelege å stilvurdere. I mange tilfelle kan ein likevel sjå asymmetri i plasseringa av inngang og vindauge, og bruk av runde former i bygningselementa.

Dette skapte ein nøktern og enkel jugendstil, som var langt meir tilgjengeleg for den store arbeidarklassen i det norske samfunnet. Denne enkle jugendstilen fall etter kvart også i smak hos det norske borgarskapet, og ein kan sjå at det enkle fasadeuttrykket òg vart nytta på meir påkosta bygningar.

Les meir

Meir frå Rettleiaren

Kva forma jugendstilarkitekturen i Noreg? — Viti — Viti