Kva er jugendstilarkitektur?
Forfattar: Signe Elvik Svoen, konservator
Denne artikkelen er ein del av vår «Rettleiar for jugendstilarkitektur». Rettleiaren består av fleire delar, og alle inneheld verdfull informasjon for dei som arbeider med eller eig jugendstilarkitektur. Du bør lese alle delane for å få best mogleg utbyte.
Lær om jugendstilarkitektur ved å bla deg vidare nedover, eller undersøk andre tema i rettleiaren vår ved å nytte linken nedanfor.

Kva er jugendstilarkitektur?
Det er ikkje alltid så lett å slå fast når ein arkitekturstil oppstod, og kva som kan reknast som stilarten sin opphavsstad eller ‑person. Jugendstilen vaks fram frå ei rekkje straumdrag som verka parallelt i ulike land i Europa i andre halvdel av 1800-talet. Derfor er det mange bygningar som kan seiast å ha preg av jugendstil, og som dermed kan hevde å vere «den første».
Ein er likevel einig om at jugendstilarkitekturen tidleg stod sterkt i Brussel, med Victor Horta sin introduksjon av jern og støypejern i heimane til borgarskapet i byen. Horta sin bruk av industrielle materiale skapte opne rom med mykje lys og luft.
Han nytta metallet sin lettformelege natur til å skape dekorative og myldrande linjer, som gav assosiasjonar til korleis plantane veks. Slik fekk dei konstruktive elementa også ein dekorativ funksjon. På same tid skapte dei ein raud tråd frå konstruksjonen til dekorasjonane vi kan finne i veggmåleria og mosaikkane i interiøret.

Jugendstilarkitekturen sitt rammeverk blei definert under eit UNESCO-møte i Torino i 1994. Resultatet var Torinodeklarasjonen, underskriven av representantar frå 18 land. Deklarasjonen legg fram ei rekkje krav for bevaring av jugendstilarkitekturen og listar opp ni karakteristikkar vi kan kjenne att stilarten på. Det er desse punkta vi må ta utgongspunkt i når vi skal vurdere jugendstilarkitektur.
Materiale og byggjeteknikkar
«Bruk av både tradisjonelle og nye materiale, ofte kombinerte på ein eksperimentell måte og nytta gjennom nye byggjeteknikkar»
Torinodeklarasjonen, 1994
Kva betyr det?
Les meirLukk
Jugendstilarkitekturen sin materialbruk kombinerte tradisjonelle materiale som tre, mur og stein med nyare byggjemateriale som glas og metall.
Kombinasjonen av materiala gjorde det mogleg med auka etasjehøgd, større og fleire glasfelt, nye og mjukare former i bygningen sin struktur og design.
Ei ser også kunstferdig utforming av bygningselement som vindauge, dører, rekkverk og trapper.

Heilskap
«Ei heilskapleg haldning i tilnærminga til struktur, romdanning og funksjon»
«Ein kombinasjon av verkemiddel med ein fjernverknad der volum, tak og fasadar er integrerte i ein heilskap der ein på nært hald legg vekt på overflatebehandling, fargar og linjeføring som til saman utgjer bygningen sitt totaluttrykk»
Torinodeklarasjonen, 1994
Kva betyr det?
Les meirLukk
Desse to punkta refererer til jugendstilens tanke om Gesamtkunstwerk – «det totale kunstverket». Denne filosofien er synleg i overklassen sine bygningar, der heile bygningen si utside og innside er del av eit heilskapleg uttrykk.
Materiale, fargar, former og motiv går igjen ute og inne for å skape eit heile, der detaljar er nøye gjennomtenkte og designa. Ein ser for eksempel ei samanhengande dekorering av rom som entré, trapperom, stove og spisestove for å gi ei heilskapleg oppleving for dei besøkjande.
Plasseringa og funksjonen til romma blir også formidla vidare ut på fasaden. Viktige rom er tydeleg markerte med store, dekorerte vindauge, balkongar eller karnapp, medan mindre viktige rom hadde mindre og meir sparsamt dekorerte vindauge.
På denne måten skapte jugendstilarkitektane bygningar der kvar del var med på å skape eit heile – eit totalt kunstverk.

Lys og transparens
«Bruk av lys og transparens basert på eigenskapane til nye materiale og ny teknologi»
Torinodeklarasjonen, 1994
Kva betyr det?
Les meirLukk
Den teknologiske utviklinga rundt 1900 gav nye måtar å nytte lys og transparens på. Særleg utviklinga innanfor glas- og metallkunsten var viktig for jugendstilen.
Ein kan sjå vindauge, vegger eller tak utforma i glas og metall. Glaset kunne vere klart, farga eller med ulik grad av transparens. Lyseffekten gav ei spesiell stemning i rommet.
Dette fokuset på lys og effekten av ulike typar lys blei ein viktig del av utforminga av bygningen.

Asymmetri
«Ofte ein tendens til asymmetri»
Torinodeklarasjonen, 1994
Kva betyr det?
Les meirLukk
I motsetning til tidlegare stilartar, som ofte hadde eit symmetrisk uttrykk, er jugendstilen sterkt prega av asymmetri. Det kan ein sjå på fleire område.
- Bygningskroppen har ofte forskyvd plassering av gavlar og tårn.
- På fasaden kan ein sjå stor variasjon i former og plassering av vindauga.
- Planløysingane er prega av at inngangar ikkje ligg midt på fasaden.
Asymmetrien er ofte balansert med eit enkelt, kvadratisk fotavtrykk.

Plastisitet og linjeføring
«Ei plastisk behandling av enkeltelementa i komposisjonen – både i eksteriør og interiør – der linja flyt på ein måte som kan kallast den klassiske art nouveau-linjeføringa»
Torinodeklarasjonen, 1994
Kva betyr det?
Les meirLukk
Jugendstilarkitekturen er kjend for ei plastisk behandling av bygningselementa. I fasadane kan vi sjå element som veks inn i og ut av fasaden som om dei var levande organismar. Denne tilnærminga til design gir eit unikt uttrykk, som vitnar om jugendstilens inspirasjon frå naturen.
Dette formspråket ser vi òg i bruken av linja. Den buktande linja med skarpe vendingar kan minne om pisken sitt rørslemønster i lufta og er eit av dei mest karakteristiske elementa i jugendstilen. Stilen sin tendens til stiliserte motiv tok også denne linja vidare til enkle, geometriske former.
Sør i Europa kan vi sjå rik bruk av den plastiske formgivinga, med eit høgdepunkt i Antonio Gaudi sin arkitektur i Barcelona. Nordover i Europa kan ein sjå ei større vektlegging av linja, både i buktande og i geometriske former. Charles Rennie Mackintosh blir rekna som ein av dei fremste innanfor den geometriske linjebruken.

Ornamentikk
«Dekorativ ornamentikk som
- bruker naturformer – hovudsakleg dyr og plantar – som inspirasjon, ofte forandra til halvabstrakte avbildingar
- baserer seg på klassiske eller mellomalderske mønster og motiv, folkekunst og lokal byggjeskikk
- er inspirert av legender og mytar
- bruker inskripsjonar, masker og andre symbol»
Torinodeklarasjonen, 1994
Kva betyr det?
Les meirLukk
Ornamentikken i jugendstilarkitekturen er variert og ofte påverka av nasjonale og lokale tradisjonar. Ein kan sjå ein tendens til abstraksjon – ein prøver ikkje å vere naturtru. Denne abstraksjonen kan vere forsterka med buktande linjer eller geometriske former.
I Noreg kan vi sjå bruk av alle dei fire kategoriane, men vi kan ofte sjå ei vriding mot motiv som vi kan kjenne att frå norsk kultur og historie. Mest karakteristisk er dei norrøne motiva og ornamentikken henta frå stavkyrkjer og vikingskip.
Vindauge
«Utradisjonelle vindaugsformer, ofte med småruter i øvre del og utstrekt bruk av glasmåleri, både med ornamentale og figurative motiv»
Torinodeklarasjonen, 1994
Kva betyr det?
Les meirLukk
Vindauga i jugendstilarkitekturen er ofte særeigne i utforming. Dei kan vere alt frå vindauge i hestesko- eller nøkkelholform, til enklare vindauge med bogeforma element i inndelinga.
Gjennomgåande for dei fleste vindauga er ein kombinasjon av store og små vindaugsfelt. Dei små rutene er som oftast plasserte i øvre del av vindauget. I meir forseggjorte vindauge kan store og små felt vere kombinerte på andre måtar.
Ein kan òg sjå ein tendens til «flate» bogar, både i formen til vindauget og i inndelinga av det.
I påkosta bygningar kan vi finne rik bruk av glasmåleri. Glasmåleria var oftast plasserte i tilknyting til trapperommet. Motiva i glasmåleria er ofte knytte til ornamentikk som ein kan finne andre stader i og på bygningen. I mindre påkosta bygningar blei det nytta farga glasfelt i staden for glasmåleri.
Denne lista viser breidda i jugendstilarkitekturen og skal dekkje den omfattande variasjonen ein finn rundt om i Europa. Det er derfor ikkje meininga at ein skal finne alle desse karakteristikkane i ein og same bygning.
Når ein skal bestemme om ein bygning er jugendstil eller ikkje, må ein derfor vurdere mengda av kjenneteikn og i kva grad desse kjenneteikna er avgjerande i uttrykket til bygningen.




