Kunnskap

Kva er jugendstil?

Denne artikkelen er ein del av vår «Rettleiar for jugendstilarkitektur». Rettleiaren består av fleire delar, og alle inneheld verdfull informasjon for dei som arbeider med eller eig jugendstilarkitektur. Du bør lese alle delane for å få best mogleg utbyte.

Lær om jugendstil og jugendstilarkitektur ved å bla deg vidare nedover, eller undersøk andre tema i rettleiaren vår ved å nytte linken nedanfor.

En jugendstil kommode i mahogni med intrikate blomsterinnlegg i gult tre og to små skap på toppen.
Kommode i eikefinér. Møbelet er dekorert med intarsia i buktande jugendstilmotiv. Foto: Viti

Tekst: Signe Elvik Svoen, publisert 31.01.23.

Kva er jugendstil?

Epoken som fekk namnet art nouveau – eller jugendstil – var intens i uttrykket, men kortvarig i tid, med ein hovudperiode frå 1890 til 1914. Jugendstilen var ikkje berre ein stilart. Den var ei tverrfagleg omveltning, eit fenomen og ein filosofi. Den var eit brot med fortida, og foreinte heile den visuelle kulturen i eit forsøk på å skape noko nytt og annleis.

Perioden var ein reaksjon på industrialiseringa i Europa, der kunsthåndverket hadde fått mindre og mindre betydning. Den var også eit forsøk på å bryte med dei klassiske stilartane som hadde dominert den visuelle kulturen i fleire hundreår. Jugendstilen spegla eit nytt syn på kunst og kultur rundt hundreårsskiftet – eit ønske om frigjering, nyskaping og heilskap.

Kunstnarar, designarar og arkitektar la vekt på handverket gjennom materialval, teknikk og form. Livskrafta i naturen var den store inspirasjonskjelda og kom til uttrykk gjennom asymmetri, plastisk formgiving og stor vekt på linja som dekorativt element.

To ungdommer står ved en dekorativ fontene med et maskaronhode i jugendstil, omgitt av roser og grø.
"Dekorative vorbilder" av Hoffmannsche Buchdruckerei Stuttgart. Motivet er eit kroneksempel på jugendstilens form- og motivbruk med stiliserte mennesker, planter og myldrande linjer. Foto: Viti

Eit viktig prinsipp innan jugendstilen var tanken om Gesamtkunstwerk, det totale kunstverket. Ingenting skulle vere underordna noko anna, og alt frå møblar til eksteriør skulle danne eit heilskapleg uttrykk og bindast saman til eitt kunstverk. Ønsket var no å gjere alle kunstartar likeverdige – arkitektur, kunsthandverk, design og bildekunst skulle saman utgjere ei høgare eining.

I mange land der den nye kunsten spreidde seg, ser vi nasjonale variantar av det same temaet. I Noreg ser vi påverknad frå europeiske straumdrag, men den norske varianten var òg prega av dei nasjonalromantiske tendensane som blomstra opp i tida rundt frigjeringa frå Sverige. I jugendstilen kjem dette til uttrykk i bruken av motiv, mønster og former inspirerte av den norske mellomalderen.

En utskåret trestol i eik med høy rygg har keltiske mønstre og et lærpolstret sete.
I denne stolen er jugendstilen sitt mjuke, organiske formspråk kombinert med nasjonalromantiske mønster og motiv. Foto: Viti

I Noreg fekk jugendstilen stor innverknad på kunstfeltet rundt 1900, og vi har fleire kunstnarar og kunsthandverkarar som fekk internasjonal anerkjenning. Denne rettleiaren legg særleg vekt på jugendstilarkitekturen og kjem derfor ikkje til å gå nærmare inn på kunst og kunsthandverk konkret.

Les meir

Meir frå Rettleiaren

Kva er jugendstil? — Viti — Viti