Kunstsamlinga
Som eit relativt ungt kunstmuseum med små midlar til innkjøp, har tilveksten til samlinga tidvis vore avgrensa og samlingane er små. Etter 20 års drift er det framleis mange hol å fylle, og det er eit stort behov for tilvekst, utvikling og auka representativitet. Kunstavdelinga i Viti består av tre delsamlingar knytt til Jugendstilsenteret, KUBE, og Anders Svor.
Samlingsutvikling Jugendstilsenteret 2002–2024
Oppbygginga av jugendstilsamlinga starta i 2002, og var relatert til etableringa av Jugendstilsenteret i 2003. Dei første åra var oppbygginga av samlinga retta mot museet si faste utstilling Den vakre jugendstilen. Det blei samla norsk og internasjonal jugendstil frå 1890–1914, med hovudvekt på mindre arbeid innan kunsthandverk og kunstindustri. Etter kvart blei fleire og større objekt, som møblar, kjøpt inn, og magasinering blei nødvendig. I 2017 blei samlingsprofilen spissa mot norsk og nordisk jugendstil, tidshorisonten blei utvida til 1890–1920, og industridesign inkludert i innkjøpsstrategien. Dei siste åra har samlinga vekse betydeleg, særleg gjennom større donasjonar og strategiske innkjøp.
Samlingsutvikling KUBE 2005–2024
Samlinga frå det tidlegare fylkeskunstgalleriet i Møre og Romsdal utgjorde grunnlaget for samlinga då museet vart oppretta i 2005. Eit mindreantalverk frå Norsk Kulturråds tidlegare innkjøpsordning blei inkludert i 2006. Samlingsarbeidet har heilt sidan opprettinga av museet vore spissa mot kunst med relevans for regionen. Sidan 2019 har museet fått øyremerka midlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune til innkjøp frå nolevande kunstnarar frå fylket. Ekstraordinære tilskot frå staten i samband med korona-pandemien i perioden 2020–2021 gav også samlinga eit stort løft.
Anders Svor
Anders Svor-museet i Hornindal vart opna i 1953 og inngjekk i samlinga til Viti i 2020. Samlinga består av skulpturar og skisser i gips, bronse og leire, samt teikningar og arkivmateriale. Frå slutten av 1970-talet blei det utført nystøypingar i bronse av fleire skulpturar som også blei innlemma i samlinga. Denne praksisen blei avslutta ved overtakinga i 2020.
Mål for kunstsamlinga i Viti
Målet med samlingsarbeidet er å komplettere den nasjonale kunsthistoria med eit særleg fokus på jugendstil, kunst knytt til regionen Møre og Romsdal, samt Anders Svors kunstnarskap. Samlinga skal utviklast i spennet mellom anerkjende og oversette kunstnarskap frå slutten av 1800-talet og fram til i dag, med særleg blikk for mangfald i kunstnarskap, materialar, tematikk og geografisk opphav.
Prioriteringar 2024-2029
- Museet samlar særskilt på norsk jugendstil. Internasjonal jugendstilkunst kan samlast når den har relevans for eksisterande samling.
- Museet har ei rekkje bygningsdelar frå perioden som ikkje er registrert. Relevante bygningsdelar skal no innlemmast i samlinga.
- Museet har eit særleg ansvar for å samle samtidig og historisk kunst med relevans for regionen. Inntak av kunst frå profesjonelle kunstnarar knytt til regionen, geografisk eller innhaldsmessig, skal prioriterast.
- Museet si samling av Anders Svor sine arbeid er representativ for han som kunstnar. Dersom nye verk blir tilgjengelege kan museet vurdere inntak.
Organisering av inntak til samlinga
Inntak til samlinga kan gjennomførast som innkjøp, donasjonar og langtidsdeponi. Inntakskomiteen blir leia av fagdirektør for kunst og består i tillegg av sentrale fagtilsette. Ekstern fagkompetanse kan nyttast ved behov. Inntakskomiteen følgjer dei etablerte rutinane for inntak slik dei er definert i samlingsforvaltningsplanen for heile Viti.
