Kulturhistoriske landskap
På oppdrag frå Riksantikvaren og Møre og Romsdal fylke har Viti dei seinare åra vore med i eit prosjekt for å utarbeide oversyn over kulturhistoriske landskap i Møre og Romsdal som har nasjonal Interesse (KULA).
Fire av dei utvalde landskapsområda ligg på Sunnmøre. Rapporten frå prosjektet, som er ført i pennen av historikar Ivar Gunnar Braaten, ligg no føre.
I november 2022 gir vi ein presentasjon av dei områda frå Sunnmøre som er valde ut, og grunngjevinga for utveljinga:

ALNES
Alnes er ein av få stader på Vestlandet der husa framleis dannar ein, felles tunskipnad. Tunskipnaden er tilpassa dei vêrmessige utfordringane som plasseringa, ytst ute mot storhavet, gir. Eit særmerkje for Alnes er det opne kulturlandskapet, ramma inn av bratte fjellsider på den eine sida og havbåra på den andre.
Nedanfor tunet ligg nausta på rekkje. Nærleiken til havet framhevar den tradisjonelle vekslinga mellom gardsdrift og sjøbruk. Dette gjer Alnes til eit sjeldan døme på eit vestlandsk fiskevær; der busetnad og landskap avspeglar livsvilkår og levekår frå langt tilbake.

FLÅVÆRLEIA
Flåværleia er ei farlei langs den sørlege kysten av Sunnmøre. Frå Stadhavet rundar leia Sandsøya før ho tek austover Herøyfjorden gjennom Røyrasundet. Herifrå tek ho ei nordleg retning fram til Breisundet.
Langs leia finn vi eit utal av øyar, holmar og skjer. På øyane vekslar terrenget mellom myrlendte flater og skogkledde høgdedrag. Gardane langs leia har vore gjennomgåande små, og gjerne drivne i kombinasjon med andre næringar; først og fremst fiske, men tidlegare også tarebrenning, fuglefangst og sanking av mose. Lyngkledde holmar vart nytta til utmarksbeite.
Til alle tider har Flåværleia vore nytta som ei trygg, innaskjers siglingslei nord om det vêrharde Stadhavet. Her kunne sjøfarande finne ly for storhavet. Her låg handelsplassar og fiskevær, og her låg kyrkjestaden. Langs leia finn vi soleis ein kombinasjon av spor etter menneske langt tilbake i tid og eit nettverk av moderne installasjonar for navigering og landkjenning. Denne kombinasjonen gjer Flåværleia til eit tydeleg døme på den sentrale rolla som kysten har hatt, og framleis har, for å binde Noreg saman.
Sjå filmen om Flåværleia

HJØRUNDFJORDEN
Klemt inne mellom ein djup, rein fjord og rekkjer av stupbratte tinder, finn vi grøne bøar og velstelte gardsbruk. Ein og annan stad opnar den massive tinderekkja seg opp mot slakare sidedalar; med større bruk og vidare vollar. Slik er landskapet langs Hjørundfjorden.
På hellingar og landtangar ut mot fjorden ligg gardane spreidde. I tillegg til å ha sol og vere trygg for fonna, måtte terrenget helst vere rimeleg flatlendt der jorda skulle dyrkast. Dermed fanst ikkje mange stader å velje mellom. Bygningar og bøar, slik vi kan sjå dei i dag, ligg difor gjerne der dei alltid har lege. Sidedalane gav høvelege vilkår for stølsdrift, og seterhus frå fleire hundre år tilbake er framleis å finne her.
Kombinasjonen av levande gardar, nokre med røter tilbake til førhistorisk tid, og grender i spektakulære, og til tider krevjande, omgivnader, gjer Hjørundfjord-området til eit kulturlandskap av nasjonal interesse.

GEIRANGER
Landskapet er prega av djupe og reine fjordløp, omkransa av høgreiste fjellrekker og slakare lier. Langs fjordløpa ligg gardsbruk og grøne bøar; nokre heilt nede ved sjøen, andre høgare oppe.
Til alle tider har Storfjorden vore den viktigaste sambandslina mellom kysten og indre delar av Sunnmøre. Ofte var han også den einaste ferdsleåra for dei som levde her, ikkje minst vinterstid. Fjorden var vegen som batt folket i hop, og færingen var det viktigaste framkomstmiddelet.
Nokre stader langsmed fjorden, der det var rimeleg flatlendt og trygt for fonna, slo ein og annan seg ned; rydda jord og sette opp stove, fjøs og naust. Andre fann fram til frodige flekkar høgare oppe i fjellsida, gjerne på hjellar der terrenget var slakare. Herifrå var det kort veg til utmark og fjellbeite. Sjølv om desse fjord- og fjellgardane for lengst er fråflytta, vert dei fleste framleis nytta som fritidsbustader, og er haldne godt vedlike.
Sidan siste del av 1800-talet har landskapet langs Storfjorden og Geirangerfjorden lokka til seg tilreisande i tusental. Tyske keisarar og britiske adelsmenn er tidlege døme på dei mange som har teke del i cruisefarten inn til Geiranger.
Denne sjeldsynte kombinasjonen av levande kulturlandskap langs spektakulære fjordløp gjorde at Geirangerfjord-området i 2005 vart skrive inn på Unesco si liste over verdsarvområde.