Kunnskap

Kongle – eit krigsminne

På Møbelmuseet i Sykkylven står det ein enkel lenestol som ikkje merkar seg ut på noko vis. Den har raudt trekk, armleinar i tre og står støtt på fire bein. Men også ein slik smålåten stol har ei historie å fortelje - krigshistorie.

En slitt lenestol med laksrosa trekk og treramme står på et mørkt tregulv i et verksted.

Det er i år 80 år sidan andre verdskrigen tok slutt og dei tyske okkupantane forlet Norge. Krigen varte i fem år og det var år som røynde hardt på både folk og materiell. Det var rasjonering på alt av varer, frå mat til slikt som industrien trong for å lage produkta sine.

Det var det tyske militærapparatet som vart prioritert, den norske industrien måtte greie seg på knappe rasjonar og ofte måtte bedriftene ty til surrogatmaterialar for å framstille varene sine. Slik var det også i møbelnæringa.

Lenestolen på Møbelmuseet heiter Kongle. Stolen vart laga ved Fet Møbelfabrikk i Velledalen under krigen. Fet Møbelfabrikk var blant dei små møbelverkstadane som kom i gang i krigsåra. Bedrifta vart starta i 1942 av brørne Norvald og Perry Fet i kjellaren i våningshuset på Bøtelgarden på Dravlaus.

Vanskane med å få tak i råvarer og delar å produsere av, slo hardast ut for dei store, etablerte bedriftene. I det vakuumet som oppstod voks det fram ein underskog av små bedrifter i bygdemiljø med ein handfull tilsette.

Dei kunne improvisere med lokale råvarer, først og fremst trebaserte råvarer. Dei fleste gardbrukarar hadde ein skogteig. Trong dei andre varer hadde dei attraktive byttemiddel i form av kjøt, huder og smør.

En vintage lenestol med terrakottafarget stofftrekk og trearmlen står på et mørkt tregulv.

Kongle er ein stol som delvis er bygd av surrogatmaterialar. Trevirket er ganske sikkert henta frå lokal skog. Bjørk var ein tresort som vart mykje nytta i møbelproduksjonen under krigen. Møbelstoffet som er nytta i Kongle er av cellullose.

I Sykkylven var her ein lokal produsent av papirstoff, Olav P. Eidem Striefabrikk som kom i gang i 1941. Bedrifta hadde god avsetning i heile krigsperioden. Også stoppinga i stolen er av trevirke.

Spon frå høvelmaskina gav eit mjukt underlag den første tida stolen vart brukt, men det gjekk ikkje lang tid før spona vart knuste, og spensten i sitteunderlaget forsvann.

Til å halde saman tredelane nytta dei fiskelim. Det var ein viss bindeeffekt i masse som var kokt på fiskerestar, men heller ikkje dette vart særleg langvarig.

Det er sjeldan å finne slike surrogatstolar frå krigen i dag. Papirstria var lite slitesterk og flisa seg nokså fort opp gjennom bruk.

Det vert fortalt at papirstoffet også sleit hardt på buksebakane! Dei fleste ville kvitte seg med slikt som minte om krigens utfordringar, og krigsmøblane vart kasta.

Eigaren av denne stolen, Borghild Fet Neset, var historieinteressert og tok vel vare på klenodiet. Ho la eit teppe over stolen for å verne originalstoffet mot slitasje. Difor står stolen i dag fram nesten i like god stand som då han vart laga.

Men ikkje heilt. Stolen er bleikare i fargen, er hard å sitje på og har gått opp i liminga!

Under krigen var det god etterspørsel etter stolar som Kongle. Greidde ein å skaffe materialar å lage møblar av, var det berre å gå i gang med møbelproduksjon.

Mange prøvde seg, men etter krigen forsvann dei fleste av desse bedriftene.

Fet Møbelfabrikk var eitt av unntaka, og verksemda heldt det gåande heilt fram til 1989 i eit toetasjes fabrikkbygg på Fet i Velledalen.

Kjelde: Eldar Høidal: Industrisoge for Sykkylven. Sykkylven 1990.

Eldar Høidal

Eldar Høidal

Avdeling kunst og design: Førstekonservator NMF

900 18 419 / eldarh@vitimusea.no

Kongle – eit krigsminne — Viti — Viti