Kom og nyt urtehagen ved Middelaldermuseet

Urtehagen ved Middelaldermuseet har lukter, fargar og smakar vi kjenner frå Noreg i mellomalderen.
Her dyrkar vi isop, bergmynte (også kalla oregano), timian, salvie, kvann, sitronmelisse, persille og løpstikke (også kalla kjærleiksurt), samt jordskokk, humle og lin.
Utanfor gjerdet veks det ville brennenesle. Dei blei mykje brukt i mellomalderen, mellom anna for å lage rep og farge garn.
Vi har også apotekerrose (Rosa gallica). Desse rosene kom til Noreg i mellomalderen og har ein unik plass i historiasom medisinplante. Kronblada inneheld oljar som ein meinte var lindrande, bakteriedrepande, styrkande, roande og bra mot forkjøling. I tillegg var ho eit viktig symbol på, og ei kjelde til, venleik.
Mange reknar roser som kvinnelege blomar, og roseolje finns i mange parfymar, såper og afrodisiaka.
I dei norske klosterhagane vart det dyrka fram og introdusert nye urter. Urtene vart nytta til både medisin og matlaging. Isop, løpstikke, salvie og humle vart brukt til medisin, medan timian, mynte og persille vart brukt til matlaging. Kvann, som er den einaste urta som kom frå Noreg, blei også brukt som medisinplante og til og med eksportert. Kvann var så viktig at ein kunne bli straffa for å stele den.
Dei ulike urtene var ikkje like tilgjengelege for alle. Matkulturen i mellomalderen varierte med kva stand ein tilhøyrde (adel, geistleg eller bønder og borgarar), og kvar i landet ein budde.
Urter og plantar i hagen vår
Isop (Hyssopus officinalis) er kjend sidan oldtida, men vart truleg innført til klosterhagane i Noreg i mellomalderen. I folkemedisinen er isop brukt mot blant anna fordøyingsvanskar, forkjøling, nattesvette, luftvegsinfeksjonar, gikt og spedalskheit.
Bergmynte (Origanumvulgare) også kalla oregano, er først skildra på 1200 – talet, men kom truleg til Noreg tidlegare. Det er eitt av få krydder som er skandinavisk. Den var eit medisinsk universalmiddel. Knuste blad blanda med honning hjalp mot hoste, i tillegg hjalp bergmynta mot gulsot, spolorm, tannverk og ho kunne også forbetre syn og hørsle.
Timian (Thymusvulgaris) kom til Noreg på 1100 - talet og er nytta både som krydder og som medisinsk plante. Timian skulle beskytte mot sjukdom og skadar, og blei gitt til riddarar for beskyttelse.
Salvie (Salviaofficialis) bleii mellomalderen nytta både som krydder og som eit universalmiddel som kunne behandle alt frå psykiske lidingar og sår, til tannverk og fordøyingsvanskar. Salvie vart også nytta i matlaging, spesielt i feit mat. Salvien vart også brukt til munn- og tannpleie.
Humle (Humuluslupulus) vart brukt mot luftvegsplager, og er antiseptisk og ideell mot nesten alle typar halsbetennelsar. Humle stimulerer fordøyinga, og har vore nytta som hjelp under fødslar og til plager under overgangsalderen.
Kvann (Angelica archangelica) har blitt brukt mot tarminfeksjonar. Den stimulerer fordøyinga og er bra for andedrettsystemet og hukommelsen, og den skal motverke åreforkalkning.
Løpstikke (Levisticumofficinale) er først og fremst kjent som kjærleiksurt. Eit bad i uttrekk frå løpstikke skulle gje stor påverknad på det andre kjønn. Urta verkar lukthemmende og har ein antiseptisk verknad på huda, og er dessutan urindrivande og god mot nervøs mage.
Jordskokk (Helianthustuberosus) er næringsrik og helsebringande, og dessutan mettande og derfor gunstig ved vektreduksjon.
Sitronmelisse (Melissa officinalis)har fått ord på seg for å kurere melankoli. Hildegard av Bingen (1100 -talet) skreiv: ”Sitronmelisse er varm, og et menneske som spiser den smiler gjerne, da dens varme berører milten og deretter gleder hjertet.» Den er også sagt å verke foryngjande og rensande, dersom ein drikker han kvar morgon.
Persille (Petroselinumcrispum) har blitt sett som ein«djevelurt» som brakte ulykke, men samstundes tillagt magisk kraft. I antikken bleipersille brukt mot ødem. Romarane tygde persille for å få frisk pust, noko som truleg er årsaka til at persillen er brukt som garnityr. I ei bok frå 1600- talet er persille blanda med lakrisrot skildra som eit godt middel mot nyrestein.
Urter og plantar i Borgundkaupangen
I samband med den siste utgravinga i Borgundkaupangen i 2014 blei det teke pollenanalysar og makrofossilprøver. Prøvene blei analysert av Anette Overland og Kari Loe Hjelle ved avdeling for naturhistorie, Universitetetsmuseet i Bergen.
Dei fleste makrofossilprøvene var uforkulla og godt oppbevart, noko som tyder på vassmetta tilhøve. I dei nedste laga, av fleire, er der funn prega av mose, treflis, hår, bein og insektpupper. Dette kan vere avfall frå byggeaktivitet, hushaldning eller latriner. Denne typen avsetning har store likskapar med arkeologiske bylag frå mellomalder, som til dømes i Bergen. (Hjelle 2001; og Hommedal 2002)
Frø frå bringebær, krekling og markjordbær vert knytt til føde. Ei pollenprøve frå det nedste laget viste 5% byggpollen. Det er meir enn kva ein vanlegvis finn i åkerjord frå vikingtida.(Overland og Hjelle 2009)
Det blei også funne pors (Myrica) både som pollen og som frø. Denne aromatiske buska har vore nytta som krydder i ølbrygging (Hjelle og Hommedal 2002).
Det er også funne krekling, hassel, meldestokk, vassarve og bærlyng. Pollenanalysar viser også brennenesle, or, bjørk, korsblomster, furu, einer, engsoleie og kvitkløver i tillegg til gras og urtar. Det er funne hasselnøttskal som er datert til overgangen vikingtid/mellomalder og mellomalder.
Korleis finn vi ut kva urtane vart nytta til i mellomalderen?
I tillegg til dei arkeologiske og botaniske analysane, kan vi lese historiske skrifter og tolke måleri. Vi har skriftlege kjelder frå Kina skrive ned for 5000 år tilbake då keisar Shen Nong skildra hundrevis av urter sine terapeutiske eigenskapar.
Hippokrates, som levde mellom 469 f.Kr. og 377 f.Kr., vert kalla legekunstens far. Han omtalte rundt 200 medisinplantar. I antikken studerte og systematiserte spesielt grekarane og romarane bruken av urter.
Eldgamle egyptiske skrifter viser at ein har verdsett medisinplanter i Nord-Afrika i årtusen. Papyrus Ebers (ca. 1500 f.v.t.) er eit av dei eldste, og inneheld 870 oppskrifter med til samen 700 medisinplantar.
De Materia Medica, som er latin for «om medisinsk materiale», vart skrive av den arabiske botanikaren Ibn El Beitar. Det er en bevart tekst fra det første århundret som skildrar omtrent 600 plantar for meir enn 1000 tradisjonelle medisiner.T eksten var medverkande i å auke talet på nordafrikanske urtemedikament i vanleg bruk.

Hildegard av Bingen som levde mellom 1098-1179 e. kr. var ei tysk abbedisse, klostergrunnleggar, visjonær-profetisk forfattar, komponist, urtemedisinar og naturforskar. Ho er kjend for sine teologiske og naturvitskaplege skrifter og då særleg dei medisinske skriftene om urter.
Henrik Harpestreng, død ca 1244 e. kr., var ein dansk lege som studerte ved dåtidas viktigste lærdomssenter, Salernoskulen. Han skreiv ei bok om urter, og var den første som nemnde kvann.

Vi har også svartebøker frå 14 - og 1500- talet der vi finn hundre år gamle innsamla og detaljerte skildringar om urter i norsk folkemedisin. Her er oppskrifter på kva som skulle brukast mot ulike sjukdommar.
Rosmarin i myter, overtru - og kjerringråd
Rosmarin var populært hos grekarane for sine varmande eigenskapar. Urta vart tileigna kjærleiksgudinna Afrodite, og vart dermed nytta i romantiske samanhengar. I mellomalderen var rosmarinen sett som lykkebringande for kjærleik og truskap. Bruda si krune var laga av rosmarin, medan brudgommen og gjestane fekk ein rosmarinkvist.
Rosmarin har også blitt brukt for å halde pest, smerter og mareritt vekke. Ein rosmarinkvast utanfor huset skulle halde heksene vekke.
Opp gjennom historia har rosmarin vore brukt til å stimulere hukommelsen, og i dag veit vi at han fremjar blodtilførselen til hjernen, og også at han lindrar muskelsmerter. Rosmarin er også mykje brukt til matlaging, og er god til både kjøt, fisk, poteter og frukt.
Urtene er vakre, i hagen og på kjøkenet. Dei har mange lukter og bruksområde, og ei rik historie.
Litteratur:
Hjelle KL (2001) Eksisterte det et tettsted i Bergen i vikingtiden? Bosetningsutvikling basert
på botanisk materiale. Årbok for Bergen Museum 2000, Universitetet i Bergen, s. 58–63.
Hjelle KL, Hommedal AT (2002) Holmen og Veisan – Ei kjelde til Bergen si tidlege historie. Arkeo 2:18–26.
Overland A, Hjelle KL (2009) From forest to open pastures and fields: cultural landscape
development in western Norway inferred from two pollen records representing different
spatial scales of vegetation. Vegetation History and Archeobotany 18:459–476.
Urtekilden
https://alternativ.no/urter-magi-og-medisin-i-artusener/
https://bunny.blogg.no