Kunnskap

Knut jager jula ut

Å brygge øl er ein gamal tradisjon. Arkeologiske spor av kveiteøl frå Kina 7000 år tilbake i tid stadfestar dette. 4000 år gamal kileskrift på leirtavler frå det gamle Babylon fortel kor viktig det var å forsyne svigersønene med øl. I Danmark er det funne spor etter kveiteøl frå bronsealder i den kjende Egtvedtpikegrava, og i Noreg er det funne 1500 år gamle bryggjesteinar. Men når blei ølbrygging ein juletradisjon?

To personer sitter på en utskåret benk i vikingtidsstil med dragehodeutsmykninger på endene.
Øldrikking i Harald Hardrådes saga, teikna av W. Wetlesen. Wikimedia Commons.

Vi veit at vikingane drakk øl under juleblotet som i følgje tradisjonen vart halde 12. januar. Juleblotet var ein offerfest for gudane, døde slektningar og vener, i tillegg til ei feiring av midtvinterdagen. Denne heidenske tradisjonen vart ikkje utrydda når kristendomen vart innført kring år 1000, men han vart fylt med kristent innhald. Blotet vart erstatta av den kristne julefeiringa. Paven erklærte kristninga allereie på 600-talet, men det gjekk nokre hundreår før ho kom hit til oss. Håkon den gode sette Gulatinget midt på 900-talet og lovfesta at alle skulle halde jul på same tid som dei kristne, den 25. desember. I følgje kjeldene blei det då drukke øl for å minnast Jesus Kristus og Jomfru Maria. Det hjalp nok at folk allereie var glade i øl og at det allereie var ein lang tradisjon, som blant anna bryggjesteinhaugane viser.

I Gulatingslova, Kristendomsbolken kap.6, frå om lag 1100 står det:

«Det neste er at vi har lovet ølbrygging. Det kaller folk samberingsøl. En mæle [16,2 liter] malt til øl fra bonden og en annen fra husfrua. Minst tre bønder skal lage det sammen, utenom slike karer som bor så langt ute i øyene eller i fjellet at han ikke kan føre ølbrygget sitt til andre menn. Da skal han alene brygge like mye øl som hver av de andre. Den som eier en gård med færre enn seks kuer eller seks såld sådd [i underkant av 600 liter korn], da skal han bare brygge øl hvis han vil. Ølet skal være brygget før allehelgensmesse på det seneste. Og ølet skal signes som takk til Kristus og hellige Maria for år og fred. Hvis ikke det blir gjort innen fristen, skal de bøte 3 øre til biskopen og brygge øl, selv om det blir senere. Hvis noen ikke gjør det, og blir funnet skyldig i å sitte i 12 måneder og ikke brygge samberingsøl, skal han bøte tre merker for det til biskopen.»

Med dette ser vi kor viktig det var å brygge, og kor stor påverknad kyrkja og kristendommen hadde på det meste av dagleglivet.

Brygga dei øl i Borgundkaupangen?

Arkeologisk utgravning ved sjøen viser steinformasjoner og ruiner fra oldtiden.
Bilde 2: Utgravingane i Borgund viser spor etter hus og menneske, og dei har truleg også brygga og drukke øl. Biletet er sett saman av fleire foto, Unimus Bergen

Det er lite spor etter ølbrygging på Sunnmøre, men det betyr ikkje at ein ikkje gjorde det. Alt korn kan bryggast, og på Sunnmøre vart ølet mest truleg laga av bygg. Bygg var også truleg det første kornet ein bryggja øl av. Arkeologane har funne spor av bygg i mellomalderbyen Borgundkaupangen i Ålesund. Det er godt mogeleg at det har vore nytta i ølbrygging. Dei mellomalderske primstavane fortel også om bruken av øl. Jula var heilag og det var svært viktig med julefred. I følgje lova var jula over tjuendedag jul, og all mat og øl skulle vere fortært. Dette kan vi også sjå på primstavar fra mellomalderen. Den 25. desember kan ha symbolet av eit drikkehorn og 13. januar, altså tjuandedag jul når jula er over, er drikkehornet opp ned.Da skal alt vere ete og drukke opp. Før kalla sunnmøringar dagen for “julevippen”, og det vart sagt at «Knut jagar jula ut». Det kom av den danske baronen og helgenen Knut Lavard. Dagen går også under namnet Knutsdagen eller Tjuendedagsknut.

Primitive figurer og symboler er skåret inn i et gammelt trestykke med rustikk tekstur.
Bilde 3 og tekst: På primstaven er 25. desember markert med eit drikkehorn. Tjuande dag jul er drikkehornet opp ned. Då er jula slutt. Foto: Brynja Bjørk Birgitsdotter

Brynja Bjørk Birgitsdotter ved Sverresborg museum skriv i en artikkel i Forskning.no om nettopp drikkehornet. Julius Caesar har skildra korleis germanarane tok uroksen sine store horn og utstyrte dei med sølvbeslag ved munningen og brukte dei til drikkekrus i festar. I Noreg veit vi at ein nytta horn frå vanlege kyr og verar. I mellomalderen var det også dei som importerte bisonoksehorn og uroksehorn.  

Det skulle drikkast øl til alle rituelle handlingar, som barnsøl, gravøl, blot med fleire. Arkeologiske spor som gjenstandar, måltidsanalysar, kileskrift, hieroglyfar og historiske tekstar stadfestar dette.

God Knutsdag, no jagar vi jula ut!

Heidi A.Haugene

Avdeling kulturhistorie: Konservator

988 93 947 / heidi@vitimusea.no

Knut jager jula ut — Viti — Viti