Klar for filipine?

For mange er det ikkje jul utan å spele filipine. Kosen å knekkje nøtter saman, kjenne spenninga som stig. Skjuler det seg ein «tvilling» i den neste?
I hasselnøtta finn vi vanlegvis eitt frø. Har den to, kallast det filipine. Og er ein så heldig å knekke akkurat den nøtta - ja då er det konkurransetid!
Dei to frøa delast høgtidleg mellom finnaren og ein verdig konkurrent. I tillegg til å einast om ein høveleg premie, avtalast tidspunkt for å vere den første som ropar FILIPINE! Gjerne ein dag eller to seinare, helst på eit klokkeslett som er «vanskeleg» å hugse.
Så er det berre å vente…
Før den digitale påminninga sitt inntog, måtte ein nytte god gamaldags hugs. Å hugse det nøyaktige tidspunktet, samstundes som ein skulle kome konkurrenten i forkjøpet. Ei krevjande øving. Særleg om der var mykje anna julemoro som stal merksemda i ventetida.
Letta var difor stor, når tidspunktet var der og ein jublande kunne rope FILIPINE!
Kvar kjem filipine frå?
Det er lett å tenkje at namnet har noko med republikken Filippinene å gjere. Det har det ikkje. Som så mange av juleskikkane våre, kom spelet frå Europa til Noreg på 1800-talet.
Nokon meiner ordet filipine kjem frå det franske “philippine”, omdanna til det tyske “vielliebchen” som tyder «liten kjæraste».
Ganske fint å tenke på eigentleg - ein konkurranse med kjærleik i seg…
Kjelde: Store norske leksikon; snl.no/filipine
