Kunnskap

Julestri og møbelindustri

Et gammelt svart-hvitt fotografi viser håndverkere som lager fiskeredskaper i et verksted.
Foto: Hjalmar J. Langelo

I møbelindustrien var førjulstida for nokre år tilbake den travlaste tida for bedriftene. «Alle» skulle ha møblar til jul, så utover hausten produserte fabrikkane det remmer og tøy kunne halde. Arbeidsdagene varte ofte fram til midnatt, og så var det på an igjen neste morgon.

Ein kan lure på kvifor det var slik at folk kjøpte mest møblar fram mot jul. Møblar var nok ikkje mykje brukt som pakkar under juletreet! Heller var det nok slik at det var viktig for folk at alt skulle være på stell til jul. Dette var familiens julegåve til heile huslyden.Når einskulle fornye interiøret var førjulstida beste perioden å gjere det på. Det var då ein hadde best tid til innesyslar.

Tradisjonen med å fornye innbuet til jula går langt tilbake. Det var mellom anna vanleg skikk å skifte ut halmen i sengane til julaftan. Det var godt og mjukt å liggje på lett og luftig halm i jula.

Framleis vil vi gjere det lunt og hyggeleg til jul, men dei store oppussingsprosjekta er no meir spreidde ut over heile året, slik også møbelhandelen er det.

Eldar Høidal

Eldar Høidal

Avdeling kunst og design: Førstekonservator NMF

900 18 419 / eldarh@vitimusea.no

Julestri og møbelindustri — Viti — Viti