Kunnskap

Julekort-nissen som fall av lasset

Små nisser med røde luer går på skøyter foran et slott på en snødekt bakketopp.
Omkring 1900 kom skikken med å sende julehelsingar på postkort til Norge. Dette er eit av dei første julekorta, med nisser på skøyter på Frognerkilen, med Oscarshall i bakgrunnen. Julekort gitt ut av H. Abel, Christiania, 1908.

Er du ein av dei som sender julekort til familie og venner kvart år? Då er du mellom dei standhaftige som synest det er viktig å halde på juletradisjonane. Og som synest det ligg noko meir i ei helsing som er skrive for hand på eit stykke papir enn i ei lynhelsing som er sendt over nettet.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at stadig fleire vel den meir lettvinte og raske løysinga, å sende helsingane gjennom dei nye kanalane - Facebook, Messenger, Instagram, Snapchat eller e-post. Tida er knapp for dei fleste, særleg vekene og dagane før jul. Snarvegar er kjærkomne, og den digitale verdsveven er ein mykje nytta snarveg for folk i tidsklemma før jul.

Underteikna har teke pulsen på julekorttradisjonen dei siste 40 åra. I 1980-åra, det siste web-frie tiåret, stod julekortskrivinga fjellstøtt. Då hadde folk kome inn i vanen gjennom 80 år med julekortskriving i Noreg. Postboda bar tunge sekkar med julekort med nissemotiv, dompappar og julenek. Helsingane var gjerne korte og fyndige: «God jul og godt nytt år». Det skulle ikkje meir til for å vise at du tenkte på tante Marit og fetter Anton, som du elles berre møtte i gravferder og bryllaup.

Tradisjonen heldt seg oppe gjennom 1990-åra, og 1999 vart det året vi sende flest brev og kort i Norge. Så kom e-posten, og postsekkane til boda vart lettare. Nokre av postboda vart til og med arbeidslause.

Eg held framleis på julekorttradisjonen, kanskje litt fordi eg er eit vanemenneske, og synest det er godt at det er noko som er fast i vår omskiftelege verd. Men også fordi eg synest det er ein fin skikk. Du når kanskje ikkje så mange med dei personleg forma julehelsingane, men eg innbiller meg at det er noko eige med å få eit kort i handa som nokon har teke seg bryet med å skaffe, skrive på, bere til postkontoret og kjøpe frimerke til.

I alle fall kjenner eg det slik sjølv når eg mottek julekort, i stadig minkande antal. Det ligg omtanke i ei julekorthelsing. Det er med å styrke band til menneske som du kjenner og set pris på.

En malt treboks med blomstermotiv står over gamle julekort og postkort fra 1960-tallet.
Julekort som familie-arkiv. Foto: Eldar Høidal / Viti

Eg høyrer til i ein julekortfamilie, og ein eignalut eg verdsett og tek vare på, er eit gammalt skrin med julekort etter besteforeldra mine. Gjennom å lese i desse får eg innsyn i livet dei levde, stadane dei budde på og venene dei omgav seg med. Julekorta er dei einaste skriftlege kjeldene som finst igjen etter dei. Hadde dei også hatt tilgang til, og nytta, flyktige nettmedium, hadde helsingane vore tapte for alltid.

Julekorta bind folk saman, og held minna levande. Men ikkje stress så mykje med å få dei ut innan ein viss frist. Det er kjekt å få helsingar i romjula også!

Eldar Høidal

Eldar Høidal

Avdeling kunst og design: Førstekonservator NMF

900 18 419 / eldarh@vitimusea.no

Julekort-nissen som fall av lasset — Viti — Viti