Juleforteljinga i Tresfjord

Gjetarar og sauer ser forskrekka mot engelen. Tre kongar i moteriktige kapper ivrar etter å by fram gåver, og på ei trone mot skinande gull sit himmeldronninga Maria med eit i overkant storvakse Jesusbarn på fanget.
Kanskje kjem du ikkje nærmare den første julenatta enn ved å besøke Tresfjord kyrkje. På veggen ved preikestolen heng nemleg eitt av Europas eldste oljemåleri, måla ein gong mellom 1325 og 1350. Det er nesten ikkje til å tru at det har overlevd alle desse åra. Ei heil rekke menneske må ha tatt vare på det. Om du besøker Tresfjord kyrkje, vil du forstå.
Maria sit i midten med eit velvakse jesusbarn i fanget. Dei sit under ein gotisk baldakin og bak dei glimrar det i gull. Til venstre og høgre ser vi scener frå tida kring Jesu fødsel. Øvst til venstre kjem engelen Gabriel til Maria og fortel at ho skal bli mor til Jesus. Så ser vi Maria som møter Elisabeth. Elisabeth var høggravid med han som skulle bli døyparen Johannes. Det er tydeleg eit tett band mellom dei to gravide kvinnene.
Under til venstre kjem dei tre kongane med gåver. Legg merke til korleis dei nesten beveger seg ut av bilderuta og inn mot Maria og Jesusbarnet! Dei tre mennene har ulik alder. Det ser vi på håret og skjegget. Dei lange og moteriktige kjortlane og hanskane fortel oss at dei er rike.
Kontrasten er stor til gjetarane øvst til høgre. Gjetarane er berrføtte, og føtene er abnormt store. Poenget er truleg at vi skal legge merke til dei og forstå at dei er fattige. Det er eit viktig pedagogisk grep. Scena er nesten kaotisk. Gjetarane held hendene for augene og sauene virrar omkring. Nedst til høgre ser vi Maria og Josef bere fram det då 40 dagar gamle barnet i tempelet. Dette er dagen vi i Norge kallar Kyndelsmess.
Korleis opplevde dei som besøkte kyrkja på 1300-talet tavla?
Folk kunne ikkje lese, dei forstod ikkje latin og dei deltok lite i kyrkjesongen. Julefortellinga, og andre fortellingar frå bibelen, måtte forteljast i bilete. I trengselen i kyrkjeromet kan det å få eit glimt av den livfulle forteljinga og eksklusive tavla ha vore sjølve høgdepunktet.
I dag står tavla i den åttekanta kyrkja frå 1828, men ho har truleg følgt med frå tidlegare kyrkjer i Tresfjord. Det kan ha vore ei kyrkje i området Villa, og frå 1500 – talet kjenner ein to kyrkjer.
Alterfrontale
Denne typen altartavle var plassert føre alteret, derfor namnet alterfrontale. Det vart laga mange slike i Europa mellom 1100 og 1400, men svært få har overlevd. Dei fleste alterfrontalene vi kjenner i dag er anten spanske (111) eller norske (33).
Dei norske er laga i perioden 1250 til 1350. Dette var ei blømingstid for landet, med fred og kunst – og kulturelskande kongar som Håkon Håkonsson, Magnus Lagabøter og Håkon V Magnusson. Tavlene viser også korleis ytterkantane av Europa var knytt saman gjennom kongehus, handel og den katolske kyrkja.
Kven måla tavla?
Det veit vi ikkje. Kunstnaren sitt namn var underordna i den religiøse mellomalderkunsten. Tavla er laga av tre furubord som er føydd saman ved hjelp av trenaglar. I sprekkene har nokon dytta inn gamle pergament for å jamne ut underlaget.
Det har vore mogeleg å tolke skrifta på pergamenta, og språket er gammalnorsk. Det var fleire målarverkstader i Bergen på denne tida, og det er på Vestlandet vi finn dei fleste norske alterfrontalane.
Målaren kan derfor ha vore norsk, og hadde kanskje gått i lære hos engelske målarar. Handelsskipa gjekk i skytteltrafikk over Nordsjøen på denne tida. Både figurane og bildeoppsettet er kjent frå andre alter og alterskap. Slik kan vi vite at målarane fekk inspirasjon og heldt seg til ein tradisjon som var kjent over heile den kristne verda.
Tavla liknar mykje på den i Odda og Nes i Sogn. Den kan kome frå den same verkstaden, eller kanskje til og med same målar.
Litteratur:
- Henrik von Achen «Norske frontaler fra middelalderen i Bergen museum», UiB 1996.
- Bernt C. Lange og Bjørn Kaland Tresfjordantemensalet. Årbok Fortidsminneforeningen 1966 /67. Vol. 121/122
- Martin Blindheim, «De malte antemensaler i Norge», 1968
- Skeidsvoll, Agnar, «Bygdebok for Tresfjord», 1959
- Lande T. og Opdahl S., «Identitet – kunst i Møre og Romsdal gjennom 5000 år, Kunstmuseet KUBE 2005

Ingvil Eilertsen Grimstad
Adm. og leiing: Avdelingsdirektør kulturhistorie
917 69 356 / ingvil@vitimusea.no