Julefeiring på Rogne
Hornskei
Les meirLukk
Denne skeia fekk Sunnmøre Museum frå Karl Rogne i 1960. Om skeia skriv Rogne: «Denne matskeii var laga i 1882. Far hadde ein rorskar frå Nordfjord. Han heitte Johannes og var gauv hornskeimakar. Hornet var ein storver me hadde. Eg minnest han vel».(SM.007898)
Julefeiring på Rogne
Les meirLukk
Lærar og gardbrukar Karl Rogne (1873- 1970 ) gav i 1960 ut boka «Minne og meiningar». I boka fortel han mellom anna om korleis dei feira jul heime på Rogne då han vaks opp:
Sjølve helgefreden kom i grunnen ikkje før om morgonen første juledag, minnest Rogne. Julaftan var det «so mykje å ståke med», særleg for mora. Ho skulle legge siste hand på kleda, sjå til at huset var i orden, og, ikkje minst, gjere julemiddagen klar: Ho ordna med poteter og kålrabi, kjøt og flesk, og rullepølse og mør. Ho dekte bordet med flatbrød, borddiskar, såkalla «borskar», knivar og skeier.
Faren skar opp fåreribba, og steikte ho på glørne i grua, «medan me borni stod ikring og drog i oss den gode angen frå den bræste steiki.»
Faren bar også fram øl til maten.
Alle sette seg så til bods, og kvar og ein las bordbøna i det stille.
Både born og vaksne fekk forsyne seg rikeleg under måltidet, men ingen måtte «fare åt som ei ånøyte», altså fråtse.
Julemiddagen vart avslutta ved at sodet frå matlaginga vart aust opp i skåler og servert som suppe.
Etter måltidet og oppvasken sette dei eldre seg til med salmeboka eller med ei bønebok. Ungane gjekk ut på tunet for sjå på kva som der gjekk føre seg. Ein tradisjon var at tenestefolk som var ny på garden, skulle stengast inne i kvernhuset på julaftan. Ofte freista dei å gøyme seg, slik at det tok tid før dei vart funne og tekne inn der. Dei som gjorde motstand, vart til gjengjeld dynka i mjøl.
Ein annan tradisjon syner samstundes arbeidsdelinga mellom gutar og jenter i dette fiskarbondesamfunnet: Om ikkje gutane hadde vore på sjøen og fått fisk i adventstida, so dei hadde «fritt seg frå vòren», som det heitte, skulle jentene følgje dei ned på vòren på julaftan. Ofte enda turen med at dei alle hamna i sjøen, meir eller mindre friviljug.
Jentene hadde sitt å ottast: Om ei jente ikkje hadde vore i fjøsen og teke imot ein nyfødd kalv i adventstida, skulle gutane sørge for at ho vart plassert midt i møkkadungen utfor løeveggen. Der måtte ho sitte ei god stund medan gutane passa på at ho ikkje fór sin veg.
Like fullt; «med moro og kjæte leiddest dei åt heimatt og», avsluttar Karl Rogne dette tidsbiletet frå 1870-åra.