Jul på fyret

«Langt ute i havet på en liten holme, omkranset av selveste storhavet stod en hvitmalet ensom fyr». Slik byrjar Stein Ståle si julefortelling om griseslakting på fyret.
På holmen budde det berre to personar, fyrvaktar Salve Salvesen og kona Gyda. Alle ungane var vaksne og hadde flytta ut. Berre den nusselege grisen heldt dei med selskap. Etter fleire år på holmen var det eldre paret nærmast blitt folkesky. Kom det folk til fyrholmen kunne dei gøyme seg. Berre den gode gamle postføraren var alltid velkomen.
No leid det fram mot jul og grisen skulle slaktast. Postføraren hadde fått beskjed om å ta med seg slaktar-Ola.
«Aa, du verden hvor ondt det gjør å drepe denne snille gode grisebassen vår» sa Gyda medan varme tårer rann nedover andletet. «Pytt! Et griseliv er jo ingenting, min kjære kone» svarte Salvesen. Men innerst inne såg han for seg grisen som berre fire veker gamal sprang rundt inne, nærmast som eit lite born.
Begge to gjekk ein tur ned i grisehuset. Med ei sørgmodig mine serverte fru Salvesen eit kakestykke til grisen. Herr Salvesen strauk og klødde grisen medan han fortalte at Slaktar-Ola skulle kome dagen etter.
Grisen var uvanleg stor og feit, så Slaktar-Ola ville skyte grisen inne i grisebingen. Slaktar-Ola hadde med seg ein revolver med seks skot. Han gjorde seg ferdig med førebuingane og gjekk fram i døra med revolveren i skotstilling. Fru Salvesen kom skjelvande etter med ei kasserolle i handa. Den skulle ho nytte for å samle blod. Herr Salvesen sette difor opp ei tøff mine og forklarte frua at dette ikkje var noko å ta seg vondt av. Det var berre ein gris.
Ola sikta midt i hovudet på grisen og trakk av. Revolveren klikka. Han trykte av igjen. Det smalt. Men denne gongen utan skikkeleg sikte. Grisen sette i eit hyl og gjorde eit tverrkast, så lett og elegant som ei ballett-dansarinne.
No fekk Ola blod på tann og skaut skot etter skot. Grisen dansa rundt i bingen og hylte for kvart skot. Det var noko mørkt i bingen, og det vart ikkje lettare å sjå ettersom krutrøyken vart tettare og tettare. No var det ikkje lenger tale om å sikte. Ola skaut i den retninga han høyrte grisen hyle. Det vil seie, i alle retningar.
Fru Salvesen svimte av, medan den tidlegare så sterke og modige herr Salvesen tok beina fatt og sette på sprang rundt holmen. Han heldt seg for øyrene, så han skulle sleppe å høyre korleis hans kjære grisebasse hylte og skreik i smerte og dødsangst.
Situasjonen tilspissa seg. Ola var tom for skot medan grisen framleis var i godt slag. Då tok postføraren storslegga, sprang inn i grisebingen og byrja å delje laus på hovudet til grisen. Ola stakk tollekniven inn i hjartet på grisen. Postføraren henta kasserollen som låg ved sidan av den medvitslause frua. Saman fekk dei slakta grisen.
Frua kom seg til hektene, medan herr Salvesen igjen vart tøff i trynet: «Man skal ikkje miste fatningen av litt grisehyl og man skal heller ikkje felle tårer for et svin, min kjære kone». Fyrvaktaren var no hard og bestemt i målet, og sterk som stål i augo.
Då julaftan kom med sterk storm frå nordvest og eit veldig hav som braut over holmen, satt herr og fru Salvesen i den varme stova si. Svineribba var god og så feit at kjøtet nærmast smelta på tunga. Klokka 20.00 gjekk Salvesen opp i tårnet for å føre vaktjournalen, medan fru Salvesen byrja å synge ein julesong med ei mjuk og varm stemme.

Lesande fyrfolk

Denne forteljinga vart publisert i Norsk fyrtidende i desember 1943. Redaktøren for tidsskriftet, Knut Krøvel, var fyrvaktar på Grasøyane fyr.
Denne fyrstasjonen ligg på ei lita øy ut mot havet mellom Runde og Flø. Klokka 5.26 om morgonen, den 11. april 1940 vart fyrlyset på Grasøyane slekt. Frå no av fekk det berre lyse når tyske militærmakta bestemte det.
Krøvel redigerte Norsk fyrtidende og fekk trykt tidsskriftet hjå Møre-Nytt i Ørsta. Derifrå vart tidsskriftet sendt ut til alle medlemmane av Den norske Fyrbetjentforening.
Forfattaren
Forfattaren av forteljinga, Stein Ståle, heitte eigentleg Trygve Hirsch. I mellomkrigstida arbeidde Hirsch som sakførar og dommarfullmektig både i Volda og i Ålesund.
Under 2. verdskrig budde Hirsch i Oslo, der han arbeidde som sekretær for Riksskattestyret. Same år som forteljinga vår vart gjeve ut, publiserte han boka «Åndemasken».
Denne boka er rekna som ein av dei store klassikarane innan norsk kriminallitteratur. Saman med andre krimbøker som «Cocktailmysteriet» (1941), «Dødstonene» (1942) og «Døden går på bedehus» (1945) vart Stein Ståle vidgjeten over heile landet.
Lysande fyrfolk
Griseslaktinga på fyret verkar hard og blodig, men det var nok lite i forhold til all den «blod, sveitte og tårer» som vart utspelt i samtida.
Harde kampar gjekk føre seg i alle verdsdelar og slaget ved Stalingrad var akkurat avgjort. Kan grisen og slaktar-Ola symbolisere dei krigførande partane i krigen? Det koselege fyret på holmen midt i storhavet kan vere Noreg midt i eit blodig Europa?
80 år seinare er det vi som sit i varme stover med pinnekjøt og griseribbe. Vi markerer jul og nyttår på vår fredelege «fyrholme», medan det stormar og bles i storhavet utanfor.
Trass full storm i ureine farvatn, så finnast det fyr der ute som kan lyse opp og få oss på rett kurs.
Vi ønskjer alle fredligare og lysare tider. Noko som redaktør Krøvel fekk oppleve klokka 22.58 tysdag 15. mai 1945, då lyset på Grasøyane fyr atter vart tent.

