Kunnskap

Jugendstilinteriør

Forfattar: Signe Elvik Svoen, konservator

Denne artikkelen er ein del av vår «Rettleiar for jugendstilarkitektur». Rettleiaren består av fleire delar, og denne artikkelen høyrer til «Tilrådingar for arbeid på jugendstilhus». Alle delane inneheld verdfull informasjon for dei som arbeider med eller eig jugendstilarkitektur. Du bør lese alle delane for å få best mogleg utbyte.

Les meir om våre tilrådingar for jugendstilinteriør ved å bla deg vidare nedover, eller undersøk andre tema i rettleiaren vår ved å nytte linkane nedanfor.

Elegant spiserom med trehvitt interiør har dekket bord og store buede vinduer langs veggen.
Den gamle boligen til Apoteker Øvre i andre etasje av Apotekergården er ein viktig del av utstillingen til Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund. Foto: Kristin Støylen / Viti

Jugendstilinteriør

Jugendstilen var basert på ein felles kunstfilosofi – Gesamtkunstwerk, eller «heilskapskunstverk». Det vil seie at jugendstilbygningar var designa slik at både eksteriør og interiør skulle vere delar av ein heilskap.

I kor stor grad dette prinsippet blei nytta i bygningar i Noreg, var avhengig av den økonomiske situasjonen til byggherren, kva bygningen skulle nyttast til, og kven som skulle nytte han.

Bustadhus for rike familiar hadde ofte spesialdesigna interiør, med tydeleg jugendstilpreg og rike dekorasjonar. Husa til arbeidarar hadde mindre karakteristiske interiør, og der nytta ein ofte det som var vanleg av panel og listverk på den tida, uavhengig av stil.

Dersom du ønskjer å gjenskape interiøret i ein jugendstilbygning, bør du derfor setje deg inn i kva og kven bygningen var bygd for, og korleis dette kan ha påverka interiøret.

Et elegant rom med gyllent mønstret tak, buet kommode i tre og ovalt glassmaleri med grønne toner.
Spisestova i Apotekergata 10A er ein av dei vakraste bevarte jugendstilinteriøra i Ålesund. Foto: Jiri Havran / Viti

Generelt om jugendstilinteriør

På grunn av filosofien om heilskapskunsten ser ein ofte ein tydeleg raud tråd i interiøret i jugendstilbygningar. Dette er spesielt tydeleg i borgarskapet sine bygningar.

Både eksteriør og interiør var designa i detalj av arkitekten, og ein fekk derfor ofte særeigne og unike interiør med repeterande motiv, former og mønster i dekorasjonane.

Det er ikkje gjort noko grundig registreringsarbeid av norske jugendstilinteriør, og derfor er det vanskeleg å seie noko konkret om korleis dei har sett ut, spesielt når det gjeld dei enklare interiøra. Ein kan likevel peike på nokre fellestrekk for dei rike interiøra til borgarskapet.

En svungen tretrapp med utskårede ugler pryder inngangspartiet ved siden av et fargerikt glassmaler.
Trappeoppgangen i Apotekergården. Foto: Kristin Støylen / Viti

Trappeoppgangane i jugendstilbygningar var som regel meir påkosta enn det ein normalt ser i andre stilartar. Bruken av glasmåleri og farga glasfelt hadde stor effekt på opplevinga av rommet.

Ein kan òg ofte finne utskjeringar på trappemeklarar og rekkverk, i tillegg til flotte dekorative interne dører. Veggene hadde ofte måla dekorasjonar, tapet eller panel.

I inngangsparti og baderom var det ofte nytta flotte, fargerike fliser, både på golvet og som brystning på veggene.

Dekorativ trepanel med rød og gyllen tapet øverst pryder en elegant, viktoriansk vegginnramming.
Veggene i spisestova er prega av høge brystningar og ein vakker tapet. Foto: Kristin Støylen / Viti

Fellesnemnaren i alle dei mest dekorerte romma var gjesten. Interiøret skulle ikkje berre tilfredsstille dei som budde der, men også imponere gjesten.

Ein ser derfor at dei mest storslåtte romma som regel var stova og spisestova. Der var det ofte brukt høge brystningspanel kombinert med slåande tapet eller veggmåleri. I taket kan ein ofte finne dekorativ måling og lister i intrikate mønster, plasserte rundt ein flott lampe.

Desse romma hadde også ofte spesialdesigna møblar, teikna av arkitekten. Møblane hadde gjerne dekorasjonar tilsvarande det ein kan finne i resten av bygningen.

Ornamentert tretak med buede bjelker og en sirkulær rosettkrans i gammel viktoriansk stil.
Taket i spisestova i Apotekergården. Foto: Stian Wiik / Viti

Av tresortar finn ein ofte ein kombinasjon av eik, furu og mahogni i interiøra, avhengig av funksjon og kor synlege dei er, og teak på ytterdører og vindauge. Der lysare tresortar er synlege, er dei ofte behandla for å imitere mørkare tresortar gjennom ådringsteknikk eller mørk lakk og olje.

Av metall ser ein mykje messing i dørhandtak og hengsler, støypejern i rekkverk og bly i glasmåleri.

Et buet balkongrekkverk i smijern med dekorative svungne mønstre står montert på en steinvegg.
Ein kan ofte finne forseggjorte rekkverk i smijern i jugendstilhus. Foto: Viti

Bevaring av originalinteriør

Opp gjennom historia har fornying av interiør vore regelmessig nytta som ein metode for å modernisere ein bustad. Dette har ført til at det i dag er lite som er bevart av originale interiør.

Det inneber òg at alt av originale interiør kan ha stor bevaringsverdi, uavhengig av om det er storslåtte rikmannsinteriør eller nøkterne arbeidarbustader. Det er derfor viktig å undersøkje kva som finst av originalt interiør før du bestemmer deg for kva du vil gjere i din bygning.

Med mindre bygningen din er freda, vil det mest sannsynleg ikkje vere noko vern av interiøret. Slike historiske interiør kan likevel gjere mykje for opplevinga av bygningen, og mange set pris på det unike uttrykket det gir.

Historiske interiør er ikkje for alle, og det er mange som ønskjer eit anna uttrykk. Dersom dette gjeld deg, er det viktig å tenkje på dei som kjem etter deg, når du skal gjere endringar. Sjølv om du i dag ikkje er interessert i å ha eit historisk interiør i bygningen din, kan det kome nokon etter deg som er interessert i det.

Det kan òg liggje mykje verdfull kunnskap om tradisjonar, stil, handverk og historiske teknikkar i slike interiør. Når du skal gjere endringar i bygningar med originalt interiør, er det derfor viktig å nytte det vi kallar reversible løysingar.

Reversible løysingar

Les meir

Reversible løysingar er dei som kan gjennomførast og fjernast utan å gjere permanent skade på det originale.

Der du kan, la vere å fjerne originalelement og prøv heller å dekkje til. Dersom det finst originalt tapet eller panel på veggene, kan du for eksempel dekkje det til med plater framfor å fjerne det originale. Unngå å måle rett på originaltapet. Legg nytt golv oppå det originale. Dersom du vil fjerne døropningar, kan du byggje inn døra framfor å fjerne henne.

Når du skal dekkje til originalinteriør, er det ikkje berre viktig å unngå direkte skade, men òg vere obs på indirekte skade. Unngå tette materiale som fangar fukt. Bruk diffusjonsopne materiale som er kompatible med bygningen og interiøret.

Ver kritisk til eigne ønske

Les meir

Det er viktig å vere kritisk til sine eigne ønske når ein skal gjere endringar i eit historisk interiør. Vurder kva du vil gjere, og undersøk kva som faktisk er nødvendig, og kva du kan ofre.

Dersom vi skal oppnå eit berekraftig samfunn og bevare bygningsarven vår for framtida, må vi vere villige til å nytte alternative løysingar. Vi kan ikkje alltid forvente at eldre bygningar skal møte dei same behova som nye bygningar.

Eldre bygningar kan gi ei heilt anna atmosfære og stemning enn nyare bygningar, men ein må då også vere villig til å ofre litt av den moderne levemåten.

Tilbakeføring av interiør

Tradisjonen for fornying av interiør gir større handlingsrom innvendig enn ein ofte har utvendig. Kva ein vel å gjere inne i bygningar utan originalt interiør, handlar mindre om ønska til samfunnet og meir om ønska til dei som nyttar bygningen.

I bygningar utan verneverdig interiør er det viktigast at ein sørgjer for å nytte løysningar som ikkje gjer unødig skade på konstruksjonen. Ut over dette er det opp til eigaren og brukaren om ein vil skape interiør som speglar stilen til bygningen, eller om ein går for noko meir moderne.

Dersom du ønskjer å tilbakeføre interiør i ein jugendstilbygning, bør du setje deg inn i kva og kven bygningen var bygd for, og korleis dette kan ha påverka interiøret.

I mange bygningar kan ein òg finne spor av originalinteriør under dei nyare overflatene. Også der ein i stor grad har fjerna originalinteriøret, kan ein ofte finne små spor innimellom – små bitar med tapet, gamle målingslag, originalfliser i sekundærrom og liknande.

Saumfar loft, lager og kott etter interiørrestar, opn opp nye golv- og veggflater og kikk bak og under fast inventar. Du kan òg finne mykje dokumentasjon på teikningar og fotografi.

Tekniske arkitekturtegninger i hvitt på blått papir viser ulike snitt og plan av en bygning fra 190.
Teikningsmaterialet frå Apotekergården inneheld rike og detaljerte interiørteikningar. Teikning: Hagbart Schytte-Berg

Grunnlag for reproduksjon

Les meir

Dersom du ikkje finn spor etter originalt interiør i din bygning, kan du undersøkje dokumentasjon i form av teikningar eller fotografi.

Høyr med byggjesakskontoret i kommunen din for å få tak i originalteikningar av bygningen. Dersom teikningane manglar eller ikkje inneheld informasjon om interiøret, kan du høyre med lokale kulturhistoriske museum om dei har historiske fotografi frå området.

Du kan òg leite sjølv på digitale plattformer som Digitalmuseet eller Digitalarkivet.

Ofte kan private arkiv innehalde detaljteikningar eller historiske fotografi som ikkje er tilgjengelege andre stader. Leit etter eit arkiv i bygningen eller høyr med etterkomarane av den originale byggherren om dei har noko liggjande.

Dersom du ikkje greier å finne god dokumentasjon av originalelementa, kan du òg kikke på andre tilsvarande bygningar designa av den same arkitekten frå omtrent same tida. Sjølv om ein ikkje er sikra at interiøret blir heilt likt det originale, blir det i det minste stil- og tidskorrekt.

Ikkje-originalt historisk interiør

Les meir

Ein faktor du må ta omsyn til før du begynner med tilbakeføring, er verdien av det ikkje-originale interiøret du har.

Det er ikkje berre originale interiør som har bevaringsverdi.

Ein jugendstilbygning med eit godt bevart interiør frå 1930 kan vere like interessant som eit originalt jugendstilinteriør. Derfor er det viktig å vere sjølvkritisk også på denne fronten.

Undersøk kva du kan oppnå med det interiøret du har, og om det er noko av særeigen verdi du bør ta vare på. Når noko først er fjerna, får ein det ikkje tilbake att.

Les meir

Fleire tilrådingar

Meir frå Rettleiaren

Jugendstilinteriør — Viti — Viti