Kunnskap

Jugendstilen i Ålesund

Jugendstilen i Ålesund

Ålesund er gitt tittelen "Jugendbyen" og har ei unik stilling i jugendstilen si historie i Noreg. Dette er ikkje fordi Ålesund er den einaste byen med betydelege mengder jugendarkitektur. Tvert i mot er det fleire norske byar med like mange eller fleire bygningar i jugendstil. Det som gjer Ålesund unikt er derimot den høge tettheita av jugendbygningar i sentrum.

Jugendbyen Ålesund

Etter brannen 23. januar 1904 låg nesten heile bysentrumet i ruinar. Dette skjedde akkurat i den tida då nye impulsar frå Europa kom til landet gjennom arkitektar og handverkarar som hadde gått i lære i Europa. I tillegg var det låg aktivitet i byggebransjen i resten av landet, noko som resulterte i at store mengder av desse arkitektane og handverkarane reiste til Ålesund for å delta i gjenoppbygginga.

Gjenreisinga av Ålesund var ein unik moglegheit til å utvikle ein ny og urban norsk arkitektur i stein, murstein og murpuss, inspirert av den gjeldande europeiske stiltrenden Art Noveau. I løpet av berre tre år reiste byen seg og meir enn 320 jugendstilbygningar vart bygd side om side i eit kompakt sentrumsområde. Resultatet vart ikkje berre ein ny nasjonal stilart, men også det som sannsynlegvis er det mest unike og einsarta jugendbybiletet i Europa, jugendbyen Ålesund.

Arkitektane som skapte Ålesund

Nedanfor kan du finne ein oversikt over arkitektane som deltok i gjenreisinga av Ålesund og bygningane dei teikna. Listene gir også oversikt over dei husa som har gått tapt. Desse vises ikkje på karta. I tillegg er det ti hus som er freda. Desse er markerte i lista med ein F. Du kan lese meir om desse bygningane her

Last ned PDF med oversikt over arkitekter og bygg

Vi vil påpeike at lista er basert på foreløpig forsking. Dersom vidare forsking og undersøkingar av kjeldemateriale avslørar ny informasjon vil lista bli oppdatert så fort som mogeleg. Vi gjer også merksam på at denne lista berre inneheld bygningar i murstroket der vi har informasjon om arkitekten. Det vil derfor vere gjenresingsbygningar i sentrum som ikkje er inkludert.

Jugendstilsenteret og KUBE

Jugendstilsenteret og KUBE, Ålesund

Jugendstilsenteret og KUBE er eit kunstmuseum som ligg i hjartet av Ålesund sentrum.

Jugendstilen i Ålesund — Viti — Viti