Jonsok
Jonsok eller Sankthans er båe namn på midtsommarfesten, 24. juni. Dagen har namn etter Johannes døyparen, som i følge Bibelen vart fødd seks månader før Jesus. Frå mellomalderen var dette ein viktig katolsk festdag, også i Noreg.
At dagen fall saman med sommarsolkverv 21. juni gjorde at fleire urgamle tradisjonar knytt til midtsommar og fruktbarheit heldt seg levande i folketrua og tradisjonen også etter at kristendommen vart innført.
Sjølv om jonsok vart avskaffa som heilagdag i Noreg så tidleg som i 1770 har fleire av tradisjonane halde seg levande fram til vår tid. I dag skjer feiringa jonsokkvelden, den 23. juni.

I det gamle bondesamfunnet var midtsommartida viktig. Alt som skulle vekse og gi avling var kome i jorda og buskapen var sendt på beite. No skulle naturen gjere sitt for at menneska seinare kunne hauste den gode grøda.
I folketrua vart jonsoknatta rekna for å ha magiske eigenskapar, mellom anna gjennom åkervekking. Dette var ein skikk som heldt seg lenge på Sunnmøre.
Jonsokkvelden gjekk husmora saman med borna rundt kvar åker medan dei batt ein blomekrans og song:
Vakopp, vakopp åker og eng
Jomfru Maria reier ei seng
Sankt-Hans-natta er ei natt
Skund deg unna snø og regn
Og unna den kalde haustnatta
Alle slags vekstar hadde ei ekstra kraft jonsoknatta. Om ein la sju slag blomar under puta, kunne ein drøyme og sjå kven ein skulle gifte seg med.
Ein tradisjon som var vanleg på Vestlandet frå 1800-talet og framover var jonsokbryllaupet. Dette var eit liksombryllaup der ein gut og ei jente gifta seg, som ein kopi av dei vaksne si bryllaupsfeiring. Brudeparet var utkledde, og det var forlovarar, prest, spelemann og gjester.
Men dei gode kreftene som var verksame denne natta hadde sine motstykke. I folketrua var også dei mørke kreftene i sving. Då hadde heksene sin største fest, og rei på sopelimar til Blokksberg, Lyderhorn eller andre fjelltoppar der dei feira heksesabbat.

Bålbrenning er den tradisjonen som har halde seg sterkast fram mot vår tid. Bålbrenninga blir gjerne knytt til den eldre solsnufeiringa, der elden kunne ha ein magisk verknad på sola i det kritiske vendepunktet. På Sunnmøre, og fleire andre, brenn folk framleis bål jonsokkvelden.
I Ålesund var det på 1950-og 60-talet sterke tradisjonar for at gutegjengar konkurrerte om det største og lengstbrennande bålet. Desse båla var knytte til bestemte gater eller område i byen, og hadde namn som Volsdalsbålet, Bollaren, Kjerringa, Tyskholmen, Skjærvane og Slinningsbålet.
Slinningsbålet er det siste av dei mange bybåla i Ålesund som framleis blir bygd kvart år. I 2016 vart det sett verdsrekord med eit bål som raga heile 47,4 meter over bakken.
Tenninga av Slinningsbålet er i dag ein folkefest som samlar mykje folk både på land og på sjøen. Bålgjengen som kvart år bygg dette bålet bidreg til at jonsoktradisjonane framleis er levande i Ålesund og på Sunnmøre.

Forfatta av: Torbjørn Akslen, historikar.