Kunnskap

Immateriell kulturarv på utstilling

Eit interaktivt møte mellom handverkar, publikum og handverk, med klinkbåttradisjonen som eksempel.

Fagartikkel publisert i Norsk museumstidsskrift, av Ingvill Naalsund, Viti.

Artikkelen er eit bidrag i forskinga på korleis museum formidlar immateriell kulturarv og korleis formidlinga verkar inn på besøkande si oppleving og meiningsskaping.

Den tar utgangspunkt i «Båten og mennesket», ei vandreutstilling om klinkbåttradisjonen. Her får den besøkande eit direkte møte med handverket og handverkaren og kan interagere med eit mangfald av formidlingsformer, også utøvande og praktiserande.

Som medprodusent av utstillinga reflekterer Naalsund rundt formidlings- og læringsformene musea bruker, frå eit innside og praktikarperspektiv.

Tre ungdommer i ytterjakker undersøker trebenkene på en tradisjonell trebåt sammen.
Foto: Erik Brandsborg

Gjennom analyse av data frå observasjonar og intervju, og eit teoretisk perspektiv med vekt på formidlings- og læringsteori, utforskar artikkelen dei besøkande sine opplevingar og refleksjonar:

  • Gøy å finne famn og alen og sånt
  • Vi fekk bruke hovudet når vi fekk byggje sjølv
  • Det eg skjønte, var at å byggje båt er ein tidkrevjande prosess. Også likte eg å høvle, da

Også i den negative responsen finn vi ulike formidlingsmetodar. Nokre likte ikkje det praktiske, andre det forteljande:

  • Det var kjedeleg å høvle
  • For mykje prating
  • Det var så kjedeleg med den målinga av famn og slik

Analysen viser korleis taktile erfaringar og dialog leiar til auka meiningsskaping, egna til å aktivere og fremme engasjement og forståing.

Immateriell kulturarv
Immateriell kulturarv har fått auka merksemd. Dette kjem til syne i normative dokument som tildelingsbrev frå Kulturdepartementet, FN sine bærekraftsmål, ICOM sine etiske retningsliner og UNESCO-konvensjonen, der klinkbåttradisjonen blei innskriven som immaterielle kulturarv i 2021.

LES ARTIKKELEN HER

Ingvill Naalsund

Avdeling kulturhistorie: Fellestenesta formidling

980 96 723 / ingvill@vitimusea.no

Immateriell kulturarv på utstilling — Viti — Viti