Hans Strøm (1726–1797)

Hans Strøm var fødd i Borgund, der faren var sokneprest. Han utdanna seg i Bergen og København, og vart prest i same kyrkja som faren. I 1764 vart han sokneprest i Volda.
Strøm var nysgjerrig på alt rundt seg. Han reiste rundt på Sunnmøre og samla opplysningar om naturfenomen og levemåtar.
Strøm var den første og fremste opplysningsmannen på Sunnmøre. Han var doktor i teologi, naturvitskapsmann og forfattar av både topografiske, zoologiske og botaniske verker.
"Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør, beliggende i Bergens Stift, i Norge" (1762–66)
Dette er hovudverket til Hans Strøm. I dei to bøkene skildrar han geografien, naturfenomen og folkeliv frå Sunnmøre.
Strøm la stor vekt på dei rasjonelle danningsideala i opplysingstida, og Sunnmøres beskrivelse vart eit føredøme for slike framstillingar i samtida.
I Ålesund sitt kommunevåpen, som er teikna av Andreas Bloch (1860-1917), er motivet ei stillisering av ei teikning frå skriftene til Hans Strøm.
- Hans Strøm naut betydeleg anerkjenning i si samtid og var ein av dei som var til stor inspirasjon for den oppvaksande genereasjon. Fleire av desse "møter" du i utstillinga EG VAR HER på Sunnmøre museum.
- Aarsille Strøm ( 1724-1748) var søstra til Hans Strøm. Ho er inspirasjonskjelda til Sunnmøre museum sitt nye formidlingstilbod for unge, gjennom appen Lille Aarsille