Gå julebukk

Med skrekkblanda fryd, utkledd som rare hekser, gamle koner og skrøpelege menn samla ungdomen seg i flokk og gjekk frå hus til hus. Meir skumle å sjå til enn godt var - for nokon. Vakker julesong skulle bøte på førsteinntrykket og ein vart påskjønna med julekaker, sjokolade eller anna godt. Ikkje alle var like glade for dette skremmande romjulsbesøket – men det var litt av spaninga også. Kva mottaking fekk ein hos neste hus?
For romjulstid er også tida for å gå julebukk. Ein tradisjon vi i Noreg har tatt med oss sidan 1800-talet. Å gå julebukk heitte det seg når ein dukka opp utkledt med bukkehorn, skinnfell og maske av halm. Nokon hadde òg med seg eit bukkekranie festa på ein kjepp. Ungdommane gjekk mellom gardane og framførte skodespel eller song. Som takk skulle ein få mat, drikke eller pengar som skulle brukast til fest i mellomdagane.

Historia om julebukken
Det blir sagt at i norrøn tid slakta ein bukk til jul som offer for å få eit godt år .Historia knytt julebukken kan òg vere mørk, vill og diabolsk. Ein teori er at feiringa av geita er knytt til tilbeding av den norrøne guden Tor, som køyrde over himmelen i ei vogn trekt av to geiter.
I antikken var den førkristne jula ei høgtid knytt til innhausting. Då vart den siste bunten med korn spart til avlinga for neste år og kalla «Julebukken».
Frå mellomalderen av vart det sagt at Sankt Nikolaus hadde med geitebukken for å halde djevelen i sjakk. Djevelen var ofte symbolisert med bukkehorn og bukkefot.
I “Danske skrifter” (1543) vart folk åtvara mot ulovlege nattframferder, mellom anna å gå julebukk. I 1840-åra innførte Bergen by forbod om å gå julebukk.
Tradisjonen med julebukken har vandra gjennom generasjonar, tilpassa seg, fått nye funksjonar undervegs og på den måten lever vidare.
«Eit viktig aspekt ved julebukktradisjonen er viljen til å temje si eiga redsle. Julebukken hadde ein kontrollfunksjon som skulle lære ungane å meistre skremmande opplevingar. Ingen forsøkte å skjerme barna for julegeiteopptrinna. Tvert imot, skremminga var lekk i oppdraginga, slik at barna skulle bli lydige og utføre pliktene sine. Etter som åra gjekk, vart ungane mindre redde for julebukken.» (Anne Helgesen, Figurteaterets historie. 1999)
«En forskaffede sig en Stang, saa lang som en selv. Han arbeidede en kjæft, som han indrettede saa, at han kunne aabne og lukke Gabet etter Behag, farvede den innvendig rød og fæstede den til Stangen. Denne holdt han nu saaledes, at Gabet vendte frem, og satte sig derpaa i ridende Stilling; den anden ende af Stangen dannede halen, og over det hele ble en stor Skindfeld tilheftet." (Anne Helgesen, Figurteaterets historie. 1999)
Kjelder:
- Julbocken i folktro och jultradition, Karin Schager, Rabén & Sjögren
- http://www.halmbocken.se/
- https://jonkopingslansmuseum.se/bloggportal/museet/att-ga-med-julbocken/
- Knut Anders Berg: Julen i norsk og utenlandsk tradisjon. 1993
- Anne Helgesen: Figurteaterets historie. 1999