Freden i 1945
Den 7. mai 1945 kapitulerte Tyskland, og ved middagstider same dag nådde rykta Ålesund. Utover ettermiddagen stimla folk saman i hopetal på Sankt Olavs Plass, spente på å få med seg dei siste nyhenda. Og då kringkastinga i halv seks- tida kunne stadfeste kapitulasjonen, ville jubelen ingen ende ta. Etter fem år med krig og okkupasjon, var landet endeleg fritt!

Blant dei sunnmøringane som framleis sat i fangenskap denne dagen, var R. Emil Sæter. Sæter, som dreiv småbruk og var lærar på Skredestranda, vart teken av tyskarane i samband med opprullinga av stasjonen «Frey 2» i Oksavika same vinter. I Tidsskrift for Sunnmøre Historielag 1985, fortel han om opplevingane sine under krigen:
Etter arrestasjon og avhøyr i Ålesund, vart den 40 år gamle læraren sendt til Falstad fangeleir. I leiren fanst eit par skjulte radioapparat, så utover våren vart fangane meir og meir klar over at krigen i Europa gjekk mot slutten. Spørsmålet vart da om dei mange tusen tyske soldatane som framleis var på norsk jord, ville ta opp kampen her, eller om dei kom til å legge ned våpena.
Sæter, som arbeidde på kjøkenet i fangeleiren, var ferdig i tre-tida denne ettermiddagen, 7. mai. Då han kom ut på plassen oppdaga han at bak eit skogholt, i utkanten av leiren, var eit stykke kvitt tøy i ferd med å bli firt opp på ei stong: «Det kom i små rykk, kanskje helst av ei gamal hand, og det falda seg ut i den veike brisen og det blanke solskinet».
Sjølv om tøystykket var godt synleg, vart vaktene ståande, urørlege i tårna sine. Og ingen halsande hundar vart sende på jakt etter syndaren. Alt var roleg, og det kvite flagget blafra einsleg i vinden fram til klokka fem på ettermiddagen. Då, med eitt, var det ikkje åleine lenger. På alle stenger, så langt ein kunne sjå, gjekk norske flagg til topps.
Sæter skildrar eit augeblikk han aldri vil gløyme:
«Det rann ei blank glede gjennom hug og tanke. Heilt sidan fangenskapet tok til hadde eg, kanskje utan å vere heilt klar over det, bygd opp styrke og prøvt å herde meg til det som eg reddast skulle kome, og så var det brått ikkje nødvendig lenger. Det slepte taket og eima bort i ein blenk.»
Av: Ivar Gunnar Braaten, historikar.


