Freda bygg i Ålesund
Gjenreisinga av Ålesund sentrum etter bybrannen i 1904 ga byen eit sjeldan einsarta arkitektonisk uttrykk; ein særprega lokal variasjon av jugendstilen innanfor eit avgrensa område. Arkitekturen er av høg kunstnarisk, arkitekturhistorisk og kulturhistorisk verdi. Dette er bakgrunnen for at Riksantikvaren i tidsrommet 1985 til 2003 har valt å frede til saman 10 jugendstilbygningar i Ålesund. Bygningane som er freda representerer breidda innanfor gjenresingsarkitekturen. Både dei velkjente monumenta og dei meir anonyme bygningane er tatt med. Utvalet speglar ulike bygningsfunksjonar som er typiske for perioden 1904-1907, samtidig som dei sikrar eit representativt utval i forhold til materialbruk, konstruksjon, formspråk og stiluttrykk. Samla gir dei freda bygningane eit bilete av byens utsjånad og livet i Ålesund på byrjinga av 1900-tallet.
Apotekergata 5 - Bersetbua
- Byggeår/datering: 1907
- Arkitekt: Jens Zetlitz Monrad Kielland
- Byggherre: Grosserer Peder Devold
- Funksjon: Forretningslokale, kontor og pakkhus mot sjøsida.
- Fredingsår: 2003

Fredinga omfattar bygningseksteriør, hovudkonstruksjon med etasjeskilje og søyler med skråstivarar, samt trapperommet mot Apotekergata. I tillegg er takkonstruksjonar i loftsetasjen, to delvis bevarte heisanretningar, butikkinteriøret mot Apotekergata med veggfast innreiing og interiøret i det øvste loftet freda.
Arkitektonisk er Bersetbua eit vesentleg element i fasaderekka av sjøbuer som vender ut mot Brosundet. I likheit med dei fleste av nabobygningane langs Brosundet, vart bygningen oppført som ein kombinasjonsbygning med forretningslokale og kontor i dei nedre etasjane mot Apotekergata og pakkhus mot sjøsida. Kulturhistorisk sett representera bygningen identiteten for Ålesund som «byen ved havet» og eit sterkt næringsliv bygd på handel og fiskeri tilknytt Brosundet.
Bygningen er teikna av Jens Zetlitz Monrad Kielland (1866–1926), som vert rekna blant dei viktigaste arkitektane i Noreg omkring 1900. Han kom til Ålesund frå arkitektpraksis i Bergen, der han mellom anna teikna monumentalbygg som jernbanestasjonen i Bergen og statsministerbustaden til Christian Michelsen på Gamlehaugen. Seinare vart han professor i bygningskunst ved Norges Tekniske Høgskole i Trondheim.
Apotekergata 16 – Apothekergaarden
- Byggeår/datering: 1907
- Arkitekt: Hagbart Schytte-Berg
- Byggherre: Jørgen Anton Johnsen Øwre
- Funksjon: Kombinert apotek i første etasje og private bustad i øvre etasjar
- Fredingsår: 1985
Den gamle «apothekergaarden» var den første bygningen i jugendstil som vart freda i Ålesund. Fredinga omfattar eksteriør og interiør, samt all bevart innreiing, lysarmatur og opphavelege detaljar teikna av arkitekten Hagbart Schytte-Berg.
Bygningseksteriøret står fram med tårn, gavlar og karnappar, forblenda med granitt frå Hvaler i Østfold. Variasjonen i dører og vindaugsformer er rik. Bak fasaden finn vi eit av byens best bevarte jugendstilinteriør. Innreiinga er inspirert av norrøn vikingkunst og norsk stavkyrkjeornamentikk, samt ein utstrakt bruk av ugler og maskeaktige «groteskar» som motiv. Blyglassvindauge og japanske tapet tilfører naturalistiske motiv og abstrakte mønster som smeltar saman til eit totalt kunstverk. Apotekergården er særeigen for jugendstilen i Ålesund, samtidig som den er eit av de fremste døma på norsk jugendstil. Det fell difor naturleg at bygningen i dag huser det nasjonale Jugendstilsenteret.
Hagbart Schytte-Berg (1860–1944) kom til Ålesund med store oppdrag i Oslo og Skien bak seg. Det er likevel dei bygningane i Ålesund som samla sett er høgdepunktet karrieren hans. Schytte-Berg teikna dei mest særprega bygningane i Ålesund, og er kanskje den fremste representanten for jugendstilen i byen. I arbeidet med Apotekergården fekk han det fulle ansvaret for å utforme både eksteriør og interiør. Dette gjer at bygningen har eit heilskapleg uttrykk, både i materialbruk og dekorativ ornamentering.
Einarvikgata 7 – Enkefru Devolds villa
- Byggeår/datering: 1907
- Arkitekt: Hagbart Schytte-Berg
- Byggherre: Enkefru O. A. Devold, Laura Helene Birkeland Devold
- Funksjon: Frittståande villa/privat bustad
- Fredingsår: 2003

Fredinga omfattar bygningseksteriør og interiør med opphavelege hovudledd og detaljar som planløysing, bygningsdelar, originale overflater og originalt veggfast inventar. Hageanlegget er freda som område rundt eit freda kulturminne.
Bygningen ble oppført som ein frittståande villa liggande i ein spiralforma hage anlagt på ein topp i terrenget. Eksteriøret er kjenneteikna av glatte, kvitpussa overflater og asymmetriske fasadar med brotne gavlar og tårn, samt dekorative element som gjer bruk av norrøne groteskar og slyngande ornamentikk.
Vestfasaden er hovudfasade på bygningen, der det mest særeigne elementet er ein framskoten terrasse med ein bogeforma opning i vegglivet. Bua er markert med eit karakteristisk maskemotiv i overkant, og viser korleis arkitekten henta inspirasjon frå norrøn vikingkunst og norsk stavkyrkjeornamentikk frå mellomalderen. Interiøra ber preg av varierte romformer, ein rik og eksklusiv detaljering og treskjerararbeid av høg handverksmessig kvalitet, noko som særleg kjem til syne i hallen og stovene i første etasje.
Villaen til Enkefru Devold er teikna av Hagbart Schytte-Berg (1860–1944), arkitekten som framfor nokon gav arkitektonisk form til jugendstilen i Ålesund. Villaen er ein av dei viktigaste bygningane han teikna og vert rekna som ein av dei vakraste jugendstilvillaene i Noreg. Den er både representativ for jugendstilen i Ålesund og sentral i norsk arkitekturhistorie.
Keiser Wilhelms gate 40
- Byggeår/datering: 1906
- Arkitekt: Mathias Nicolai Brække
- Byggherre: Jacobine Frøland og O. Aure
- Funksjon: Kombinert forretningslokale og bustad
- Fredingsår: 1996

Fredinga gjeld eksteriøret i frontbygningen og interiør. I tillegg til bygningen sin hovudkonstruksjon, omfattar vedtaket planløysing og detaljar som vindauge, dører, listverk, gerikter og andre bygningselement og original materialbruk. Uthuset er ikkje inkludert i fredingsvedtaket.
Keiser Wilhelms gate 40 er ein kombinasjonsbygning med forretningslokale i første etasje og bustadar øvre etasjar. Bygningen er ein anonym bygard, med glattpussa fasade og enkle profilar som markerer sokkeletasje og vindauge. Plasseringa av dører og vindauge i sokkeletasjen er forskuve horisontalt i forhold til dei andre vindauga, eit verkemiddel som vart nytta innan jugendstilarkitekturen for å skape eit forsiktig brot i symmetrien. Bygningen representerer dei noko enklare bygardane som vart oppførte i Ålesund etter brannen, samtidig som den har gjennomgått få endringar og framstår autentisk og intakt i dag.
Bygarden er teikna av arkitekt Mathias Nicolai Brække (1873–1919) frå Ørsta. Brække var den einaste av arkitektane som vart verande i byen etter at den stod ferdig gjenreist, og var frå 1907 til 1915 den einaste arkitekten i Ålesund.
Kongens gate 10B – Byens smalaste
- Byggeår/datering: 1907
- Arkitekt: Karl Norum
- Byggherre: Blikkenslager Larsen
- Funksjon: Blikkenslagerverksted og bustad
- Fredingsår: 1997

Fredinga omfattar frontbygningen adressert Kongens gate 10 B, med eksteriør og tilhøyrande interiør. Bygningen delar trapperom med Kongens gate 12. Det eine trappeløpet i portrommet frå 1918 er ikkje inkludert i fredinga.
Kongensgate 10 B er kjent under namnet «Byens smalaste». Fasaden er 2,94 meter brei med ein enkel vindaugsopning i kvar etasje. Fasaden er forblenda med råkopp, og avslutta med ein gavl med eit lite ovalt vindauge. Bygningen husa opphaveleg blikkenslagerverkstad i første etasje, men i dag er det forretningsverksemd i lokala. Dei øvre etasjane har framleis sin opphavelege funksjon som bustader.
Bygningen er teikna av arkitekt Karl Norum (1852–1911). Han er rekna blant Norges fremste arkitektar omkring århundreskiftet. I tillegg til fleire oppdrag i Ålesund, deriblant Rønnebergbua, teikna han ein rekke viktige bygningar i Trondheim.
Kongens gate 12
- Byggeår/datering: 1906
- Arkitekt: Jens Zetlitz Monrad Kielland
- Byggherre: Hr. Jens Berentsens Barn
- Funksjon: Forretning og bustad
- Fredingsår: 1997

Fredinga gjeld frontbygningen adressert Kongens gate 12, med eksteriør og tilhøyrande interiør. Bygningen deler trapperom med Kongens gate 10B. Det eine trappeløpet i portrommet frå 1918 er ikkje inkludert i fredinga.
Kongens gate 12 har ein særeigen fasade i jugendstil. Den er symmetrisk komponert omkring eit sentralt motiv som avsluttast av ein boga gavl. På kvar side av midtfeltet veks det ein stilisert blad- og blomsterranke over andre og tredje etasje. Murfasaden vekslar karakteristisk mellom bruk av overflater behandla med fin og grov puss. I første etasje er det store utstillingsvindauge som er plasserte mellom doble inngangsdører, alle med boga overkarm. Den eine døra leier inn til butikklokale, som framleis er nytta til forretningsverksemd. Bak den andre døra finn vi hovudtrapperommet som sørger for kommunikasjon mellom alle etasjane og bustadar i bygningen. Det er dette trapperommet som bind Kongens gate 12 saman med Kongens gate 10B.
Bygningen er teikna av Jens Zetlitz Monrad Kielland (1866–1926), som vert rekna mellom dei viktigaste arkitektane i Noreg omkring 1900. Han kom til Ålesund frå arkitektpraksis i Bergen, der han mellom anna teikna monumentalbygg som jernbanestasjonen i Bergen og statsministerbustaden til Christian Michelsen på Gamlehaugen. Seinare vart han professor i bygningskunst ved Norges Tekniske Høgskole i Trondheim.
Langeberggata 3
- Byggeår/datering: 1906
- Arkitekt: Hagbart Schytte-Berg
- Interiør: Carl Chr. August Michalsen og Olga Grytnes Larsen
- Byggherre: Grosserar O. J. Heggen
- Funksjon: Kombinert forretningslokale og privat bustad
- Fredingsår: 1997

Fredinga omfattar bygningseksteriøret med alle hovudledd og detaljar, samt følgjande interiør; portrom, hovudtrapperom, salong, kabinett, røykerom og spisestove. Desse romma ligg i 1. og 2. etasje. Fredinga omfattar dessutan veggfast inventar (skap, peiser etc.) i nemnde rom, samt lysarmatur i spisestova.
Langeberggata 3 er ein monumental hjørnegard som visualiserer korleis jugendstilen elegant balanserte rik detaljert interiør med eit sobert, forenkla eksteriør. Eksteriøret er tilnærma uendra og har høg autentisitet. Bak fasaden er interiøra uvanleg rike og eksklusive med ei særs flott detaljering, representativt for jugendstilinteriøret fram mot første verdskrig.
Bygningen er teikna av arkitekt Hagbart Schytte-Berg (1860–1944), av mange rekna som den fremste blant arkitektane som bidrog til å gjenreise Ålesund. Schytte-Berg er mest kjent for Apotekergata 16 (Apothekergaarden) som har eit meir framtredande uttrykk. Langeberggata 3 representerer ei anna side av arkitekten sitt stiluttrykk.
Lorkenesgata 2 - Arbeideren
- Byggeår/datering: 1906
- Arkitekt: Kristen Rivertz og Heinrich Jürgensen
- Byggherre: Aalesund Arbeiderforening
- Funksjon: Forsamlingslokale
- Fredingsår: 1997
Fredinga omfattar bygningseksteriøret, samt alt originalt fast interiør. Vedtaket gjeld også det som i dag er dekka til med plater eller annan overflatebehandling.
Arbeideren står fram som eit viktig element i bybiletet i Ålesund. De særeigne fasadane blandar nyklassisistiske søyler, tempelgavlar og balustrader med jugendstildetaljar, ornamentikk og nøkkelholforma dører og vindaugsopningar. Interiøret er vakkert gjennomført i jugendstil, med ein lett og elegant dekor. Til saman står bygningseksteriøret og interiør som eit ambisiøst totalt kunstverk frå arkitektane si side. Fredinga understrekar at bygningen historisk sett har hatt stor betyding for det kulturelle og sosiale livet i Ålesund.
Bygningen er teikna av arkitektane Kristen Rivertz (1862–1937) og Heinrich Jürgensen (1871–1953). Begge kom frå arkitektpraksis i Kristiania, og samarbeidde om store prosjekt i Ålesund, mellom anna Norges Bank- bygningen ved Apotekertorget som i dag husar KUBE.
Parkgata 5 - Bakkehuset
- Byggeår/datering: 1905-06
- Arkitekt: John Roald
- Byggherre: Kirsten Bakke
- Funksjon: Bygård
- Fredingsår: 1997
Fredinga gjeld bygningseksteriøret og interiør, med enkelte unntak. Forutan hovudstrukturen i bygningen, konstruksjon og originale materialbruk, er planløysinga og detaljar som vindauge, dører og andre bygningselement freda. Fredinga gjeld i tillegg forhagane mot Parkgata og Parkveien.
Bakkehuset er eit karakteristisk og særprega innslag i Ålesunds sentrum. I motsetnad til dei fleste andre bygningar i Ålesund sentrum, vart bygningen oppført berre til bustadformål, utan butikk eller forretningslokaler på gateplan. Murbygningen er umåla, noko som er eit sjeldan syn i dagens bybilete. Bygningen har også stor kjeldeverdi. Som ein av dei mest intakte og autentiske gjenresingsbygningane i Ålesund kan den fortelje mykje om overflatebehandling og detaljering i den opphavelege jugdenstilen i byen.
Den frittliggande murbygningen har fasadar som er komponert med markante gavlar, varierte vindaugsmotiv og detaljar som minner om kontinental jugendstilarkitektur.
Storgata 23
- Byggeår/datering: 1906
- Arkitekt: Jens Zetlitz Monrad Kielland
- Byggherre: Slaktar Mjelva
- Funksjon: Kombinert butikk/forretningslokale på gateplan og bustadar i øvre etasjar
- Fredingsår: 1997

Fredinga omfattar bygningseksteriør og konstruktive bæresystem, samt lyssjakt med rastar på fortauet utanfor. Inkludert i fredingsvedtaket er også portrommet og hovudtrapperommet. Fredinga omfattar ikkje endringar og nyare bygningselement.
Storgata 23 er karakteristisk for den lokale jugendstilen i Ålesund; ein sentralt liggande hjørnegard som kombinerer forretningslokale i første etasje med bustadar i dei to øvre etasjane. Også formspråket i bygningen, materialbruk og flotte detaljeringer er representativt for jugendstilen i byen. Fasadane illustrerer variasjon i graden av pussa mur, ein nærmast symmetrisk komposisjon omkring eit gavlmotiv og ulike vindaugsformer. Smijernsdetaljar, pussdekor og ornament som minner om dei bølgjande linjene i naturen, er typiske trekk frå jugendstilen. Bygningen har gjennom utforminga og plasseringa ein viktig visuell verknad i bybildet, og dei arkitektoniske og representative kvalitetane er i stor grad intakt.
Bygningen er teikna av Jens Zetlitz Monrad Kielland (1866–1926), som reknast blant dei viktigaste arkitektane i Noreg omkring 1900. Han kom til Ålesund frå arkitektpraksis i Bergen, der han mellom anna teikna monumentalbygg som jernbanestasjonen i Bergen og statsministerbustaden til Christian Michelsen på Gamlehaugen. Seinare vart han professor i bygningskunst ved Norges Tekniske Høgskole i Trondheim.







