Kunnskap

Folkesalongen

En brun skinnsofagruppe i L-form med treramme og knappet mønster står mot en lys vegg.
Sofa i hud frå 1977, laga av Ekornes.

Folkesalongen

Salongen Party frå Ekornes vart lansert i 1977, og er ein av dei meste selde hudsalongane i norsk møbelsoge. Salongen har synleg treverk i furu, og kombinasjonen hud og furu var ein god vinnaroppskrift i 1970- og 80-åra.

Hud til alle

Hudmøblar har eksistert i lang tid. Dei første åra hadde hudmøblar høg status, og vart assosierte med tunge kontinentale møblar.

Etter krigen kom fleire norske produsentar med hudmøblar. Ei av bedriftene som heldt oppe kvalitetspreget til hudmøblar var Vatne. Med modellar som 965 og 806, teikna av Fredrik Kayser, og fleire modellar av Sigurd Resell, vann sunnmørsbedriftaanerkjenning langt ut over landegrensene.

Framleis var hudmøblar eksklusive produkt. Slik var situasjonen heilt til Ekornes lanserte sin Svane 4-sofa med hud i 1969. Ekornes følgde opp med salongar som Luganoog Amigosom førte til at også vanlege forbrukarar kunne koste på seg ein hudsalong.

Eldar Høidal

Eldar Høidal

Avdeling kunst og design: Førstekonservator NMF

900 18 419 / eldarh@vitimusea.no

Folkesalongen — Viti — Viti