Kunnskap

Feriemål anno 1952

Gammel reklame for reiseeffekter fra J. E.
Reise-effektar må til, om ein vil på ferie! Annonse frå Sunnmøre Arbeideravis, 21. juni 1952.

«Blir det skikk å pakke sekken mens ungene velger kjøretøyet?»

Den 21. juni 1952 er dette spørsmålet Sunnmøre Arbeideravis stiller, etter at ein far har late ungane velje både framkomstmiddel og reisemål for ferien.

I ein større reportasje kjem det fram at reiselivet har vore gjennom ei rivande utvikling dei siste 30 åra. Feriereiser, som før berre var for rikfolk, er no i ferd med å bli noko som også ålmenta kan ta del i, slår avisa fast.

Sommaren 1952 finst det mykje å velje mellom, også for dei som bur i Ålesund. Berre ved å gå om bord i ein buss på Rutebilstasjonen i byen, kan ein kome seg langt av garde: til Nord-Noreg, til Sverige, ja, heilt til Danmark!

Likevel er det nok slik at lommeboka oftast er reiseleiar, og ein slik reiseleiar toler ikkje mange sidesprang, minner avisa om. Så dei fleste må nok nøye seg med meir nærliggjande mål for ferien.

Trøysta er at det i områda kring Ålesund finst ei rekkje innbydande feriemål, som trygt kan tilrådast for dei fleste lommebøker:

Med rutebåt kan ein til dømes reise til Valderøya eller til Giske, for ikkje å snakke om Vigra, som er spådd ei rik framtid som utfartsstad. På Vigra finst mykje å sjå: moderne jordbruk, tulipandyrking og, ikkje minst, dei store mastene til Vigra- sendaren, «…som dominerer i det flate terrenget

Rutebåten legg også til ved idylliske og fredelege Hamnsund. Herifrå kan ein ta bussen både til industristaden Brattvåg, og til Vatne «som nok er langt fagrere enn folk flest forestiller seg.»

Vil ein nytte bil, kan ferjesambandet til Ellingsøya vere eit høveleg utgangspunkt. Frå ferjestaden på sørsida av øya er vegen godt køyrbar, slik at ein på enkelt vis også kan utforske gardane på nordsida.

Vil ein halde seg på landjorda, har rutebilane mykje å by på. Mest populær er nok Emblemsruta, som køyrer langs foten av Emblemsfjellet. Frå Emblemsfjellet kan ein gå over til Glomset, der det går rutebil til byen om kvelden. Glomset er ei vakker lita bygd; noko bortgøymd, og difor vel verd å vitje.

Brusdalen er eit høveleg utgangspunkt for dei som ønsker ein dagstur av det meir makelege slaget. Ein kan gå over fjellet til Mørkeset eller til Utvika. Frå desse stadene kan ein spasere vidare inn til Digernesskiftet. Frå Digernesskiftet går både Skodje-ruta og andre bussruter tilbake til byen.

Også for dei som vil lenger av garde, finst det ei rekke framifrå feriemål:

Overgangsturen frå Solnørdalen til Ørskogfjellet er populær. Her kan ein rusle i roleg tempo i lett terreng. Frå Ørskogfjellet er det også greitt å kome seg til byen att, då Vestnes-ruta køyrer over fjellet heile fem gongar om dagen.

Det finst dei som ønsker å leggje ferieturen heilt til Molde. I og med at Vestnes-ruta har fast samband med ferja som går frå Helland, er det enkelt å få til. Å bli att i romsdalsbyen ei stund utover ettermiddagen, er også råd med. Om sommaren legg nemleg Åndalsnes-båten til kai der kvar kveld, før han returnerer til Ålesund.

Om ein vel å ta rutebåt ut til øyane eller å følgje bussen innover i landet, vil resultatet vere det same: Både store og små vil kunne sjå attende på sommaren med kveik i sinnet, konkluderer Sunnmøre Arbeideravis.

For han som let ungane velje køyretøy, vart det korkje båt eller buss. Der vart bilen vald. Og reisemålet? Det var mannen svært så nøgd med:

«Kona og jeg havnet i en liten avkrok vi aldri hadde vært før, men snakk om festlige omgivelser!»



Av: Ivar Gunnar Braaten, historikar.

Feriemål anno 1952 — Viti — Viti