Kunnskap

Februar 1942 – 8. mai 1945: Shetlandsgjengen

Et vinterbilde fra Ålesund havn med båten Heland og flere personer på dekk i snøvær.
Gjensynstreff i 1986 for Shetlandsgjengen og Nordsjøklubben om bord MK Heland i Ålesund. Foto: Per Weddegjerde / Viti

Etter februar 1942 vart MK Heland eit av 19 fiskefartøy som gjennomførte operasjonar til norskekysten. Dei var organisert som ei sivil irregulær gruppe med base på Lunna Voe på Shetland.

Sommaren 1942 blei gruppa formelt organisert som Norwegian Naval Independent Unit, og frå oktober 1943 også tatt inn under Den Kongelige Norske Marine. Namnet på denne spesialeininga var NNSU (Norwegian Naval Special Unit), betre kjent som «Shetlandsgjengen».

MK Heland utførte fem turar mot Træna og Lofoten, men berre ein av turane lukkast.

Båten var også med på våpenleveransar til Helgelandskysten.

I perioden desember 1941–1944 vart det ført store mengder utstyr med båt og frivillige innover i Vefsn. Utstyret skulle vere klart til ein eventuell engelsk alliert invasjon. Ein aksjon var meint å dele landet i to, og slik skape problem for tysk transport og kommunikasjon mellom Sør- og Nord-Noreg.

Våpena kom frå Shetland via Træna og utværet Lånan i Vega til Visten i Vevelstad, inn Storbørja i Brønnøy og vidare inn i Visten.

I 1942–1943 slo tyskarane hardt til mot Nordsjøfarten, og totalt 10 fartøy med 44 mann gjekk tapt i åtaka.

For å styrke tryggleiken fekk derfor Shetlandsgjengen tildelt nye båtar. I oktober 1943 fekk dei tre moderne amerikanske ubåtjagarar. MK Heland vart heretter brukt som reservebåt.

Ubåtjagarane fekk namna «Hessa», «Hitra» og «Vigra». Samstundes kom eininga under norsk kommando. Resten av krigen klarte dei å segle utan tap.

Frå dei første turane i 1940 til freden i 1945 vart det gjennomført 94 turar med fiskeskøyter og 114 med ubåtjagarar.

Kjelder nytta i artikkelseriane FISKEKUTTAREN MK HELAND og MK HELAND OG 2. VERDSKRIG

Marie Vermersch

Avdeling kulturhistorie: Skipper (frå 1. mai 2026)

916 92 064 / marie.vermersch@vitimusea.no

Februar 1942 – 8. mai 1945: Shetlandsgjengen — Viti — Viti