Kunnskap

Fastelavn

Fastelavn betyr eigentleg «kvelden før fasten» men vart etter kvart til tre festdagar som innleier dei 40 dagane med faste før påske.

I dag er dei meste kjende tradisjonane for fastelavn nettopp bollar og fastelavnsris.

Ris har Norske Kvinners Sanitetsforening hatt for sal sidan 1946. Ideen kom frå Sverige der pynta ris var i sal allereie på 1870-talet.

Utgangspunktet for risa finn ein i heidensk skikk om at fruktbarheit kunne vekkast til live ved rising. Jord, træ, dyr og kvinner kunne få ei runde med riset. Heilt inn på 1800-talet var det vanleg at born stod tidleg opp og ga foreldra ei morgonhelsing med riset.

Å ete feit mat dagane før den magre fasta fins det ulike skikkar for med både graut og pannekaker. Baking av fastelavnsbollar var neppe vanleg på bygda før jarnkomfyren vart allemannseige rundt år 1900.

I Sunnmørsposten i februar 1930 les vi at dei gamle oppskriftene på fastelavnsbollar er så inngrodde at det kanskje er behov for nye. Skribenten kjem med forslag om både «narrehuer» og Sveitsiske «fastelavensører». Tradisjonen med kveitebollar hadde tydleg sett seg.

Vil du bake bollar kan du prøve deg på denne oppskrifta:

Fastelavnsbollar, ca 16 stk

  • 500 g kveitemjøl
  • 90 g sukker
  • 100 g smør eller margarin
  • ½ ts kardemomme
  • 3,5 dl mjølk
  • 25 g gjær

  • Smelt smør, og varm melka til den er fingervarm. Rør ut gjær og sukker i den varme veska. Elt inn mjøl, og sett deigen til heving. Når deigen har heva til dobbel størrelse formar du fine sprekkfrie bollar. Etterhev bollane og pensle med samanvispa egg før du steiker på 200℃ i 8-10 minutt
  • Del bollane i to og fyll med krem og syltetøy

Mitt favorittfyll er ei blanding av halvparten vaniljekrem og halvparten piska kremfløte. Sjølvsagt med bringebærsylte i tillegg.


KJELDER

  • Store norske leksikon
  • Sanitetskvinnene.no
  • Sunnmørsposten 26.februar 1930
  • Fra Bestemors kjøkken: mat og mattradisjoner fra Møre og Romsdal
Ane Havnegjerde

Ane Havnegjerde

Avdeling kulturhistorie: Konstituert seksjonsleiar formidling og vertskap

997 69 682 / ane.havnegjerde@vitimusea.no

Fastelavn — Viti — Viti