Fargebruk i jugendstilen
Forfattar: Signe Elvik Svoen, konservator
Denne artikkelen er ein del av vår «Rettleiar for jugendstilarkitektur». Rettleiaren består av fleire delar, og denne artikkelen høyrer til «Tilrådingar for arbeid på jugendstilhus». Alle delane inneheld verdfull informasjon for dei som arbeider med eller eig jugendstilarkitektur. Du bør lese alle delane for å få best mogleg utbyte.
Les meir om våre tilrådingar for fargebruk ved å bla deg vidare nedover, eller undersøk andre tema i rettleiaren vår ved å nytte linkane nedanfor.

Fargebruk i jugendstilen
Det er dessverre ikkje gjort skikkelege kartleggingar av fargebruk i jugendstilarkitektur i Norge, og det er derfor vanskeleg å gje veldig konkrete råd for fargesetting. Ein kan vere heldig og finne spor etter original farge på bygningen, eller ein kan ta utgangspunkt i det ein veit om generell fargebruk i jugendstilen.

Originale fargar
Det er vanskeleg å finne informasjon om fargebruk på fotografi og teikningar av jugendstilarkitekturen, ettersom bilda stort sett er utan farge. Det beste ein kan gjere er å sjå etter forskjellar i fargenyansar på fotografi for å finne ut om det har vore nytta ulike fargar, og korleis desse fargane i så fall har vore plasserte.
I nokre tilfelle kan ein finne skriftlege instruksar frå arkitekten om fargebruken, men dette er sjeldan inkludert i byggjesaksdokumenta og er såleis ofte ikkje bevarte. Ein kan likevel prøve å leite i private arkiv frå arkitekten eller byggherren.
Ein må som regel ty til fysiske undersøkingar for å finne informasjon om fargebruken. Fargetrapper som viser underliggjande målingslag, er ein av dei vanlegaste metodane for å kartleggje fargehistoria til ein eldre bygning. Når du skal kartleggje fargane til ein jugendstilbygning på denne måten, er det likevel nokre faktorar du må ta omsyn til.
Vi veit at mange av veggene i interiøra hadde høge brystningar og tapet. Det kan derfor vere lurt å ta dette med i vurderinga, også med tanke på kvar du gjer fargeundersøkingar.
Dersom du har foto eller annan informasjon om originalinteriøret, kan det vere lurt å kontrollere kva som var på veggen der du har plassert fargetrappa, for å vere sikker på at fargane du har funne, faktisk var synlege i originalinteriøret.

Fargetrapp
Les meirLukk
Fargetrapper er ei fysiske undersøkingar av dei ulike fargane på ei overflate. Ein nyttar skalpell eller eit kjemisk middel for å punktvis avdekkje underliggjande målingslag. Ein endar då med ei «trapp» nedover i målingslaga, og denne trappa kan så nyttast til å finne fram til fargar ved ei tilbakeføring.
Ein kan gjere slike fargeundersøkingar sjølv, eller ein kan få hjelp av fagfolk innanfor bygningsvern. Dei kan òg gi deg råd om korleis du går fram for å sikre bevaring av målingslag.
Når det gjeld farge på eksteriøra til murhusa, må ein hugse på at dei originale laga med murpuss kan ha vore fjerna, og at det inste laget med farge ikkje nødvendigvis er det originale. Materialundersøkingar av murpussen kan vere ei hjelp til å datere fargen.
I nokre tilfelle kan det òg ha vore brukt upigmentert murpuss som original overflate. Ålesund var for eksempel kjent som ein grå by fram til 1960–70-åra. Det var nok ikkje slik at alle bygningane var grå, men det var mange nok av dei til å gi byen denne merkelappen. Det er uvisst om denne trenden også gjaldt jugendstilarkitekturen i andre byar.

Generelt om fargebruk i jugendstilarkitektur
Av generell fargebruk i jugendstilen i Noreg veit vi at det på eksteriøra blei brukt mykje lyse, nøytrale fargar, gjerne kvitt, beige eller pastellfargar med mykje bleike grågrøne, gråblå og gule tonar.
Fasadane var som regel prega av låg kontrast, og ein kan ofte sjå at dei måla overflatene har henta farge frå naturmateriala som er nytta i fasaden. I den grad det blei brukt sterkare fargar på eksteriøra, var det som regel jordfargar.
I interiøra kan ein i større grad sjå bruk av sterkare fargar, sjølv om det også her var ei overvekt av lysare fargar på måla vegger.
Det er òg viktig å ta høgde for at lyse fargar kan ha blitt sette i kontrast med mørkt tre og meir fargesterk tapet, og med fliser i utvalde rom. Dette har nok hatt mykje å seie for totalinntrykket av interiøra. I nokre interiør kan ein òg sjå ein del bruk av gull på dekorative element.

Utfordringa med jugendstilinteriør i Noreg er at dei ofte var sterkt påverka av dei nasjonalromantiske straumdraga. Ein kan derfor sjå mange drakestilelement i jugendstilinteriøra.
Drakestilen kunne vere mørkare og sterkare i fargebruken, og denne påverknaden kan vi sjå i mange av dei meir forseggjorde spisestovene. Her kan totaleffekten av mørkt treverk, tapet og/eller dekorasjonar på vegger og tak gi eit relativt fargesterkt inntrykk. Det er derfor vanskeleg å definere kva som er korrekt fargebruk for norske jugendstilinteriør, og kva som eigentleg er henta frå drakestilen.
Denne utfordringa kan ein òg få i trebygningar, der jugendstilen ofte var kombinert med sveitserstil og drakestil. Originalfargane kan derfor vere meir i tråd med desse stilartane og tendere mot sterkare fargar og større kontrastar enn det ein finn i reine jugendstilbygningar.

