Kunnskap

Fürstarkivet

En person sitter ved et skrivebord i et rom med papirer på veggene i et sort-hvitt vintage fotograf.
Hans Backer Fürst

Arkivet etter Christian Fürst og Hans Backer Fürst er det første som er funne etter nokon av arkitektane frå gjenreisinga av Ålesund. Jugendstilsenteret mottok arkivet frå arvingane i 2004. Arkivet inneheld meir enn 20 000 teikningar og andre dokument som ikkje berre fortel historia om arkitektur og jugendstil, men om samfunnshistorie, teknologi og litteratur i Noreg i denne tidsperioden.

Arkivet

Prosjektet med å ordne, digitalisere og tilgjengeleggjere arkivet tok til i 2014, med støtte frå Kulturrådet og i samarbeid med Interkommunalt arkiv i Møre og Romsdal. Samlinga er svært omfattande og vi reknar med at arbeidet kjem til å halde fram i mange år.

Du kan finne fleire enn 1000 digitaliserte teikningar, foto og andre dokument her.

Fürstbiografien

Eit resultat av arbeidet med Fürstarkivet er digitaliseringa av sjølvbiografien til Hans Backer Fürst som vart finanisert av Kulturrådet. Dette er ei svært viktig historisk primærkjelde og litterært verk som no er tilgjengeleg for alle som er interesserte i å lese om hans familie- og arbeidsliv, både i Ålesund, andre stader i Noreg og Europa. Du kan laste ned Fürstbiografien her.

Jugendstilsenteret og KUBE

Jugendstilsenteret og KUBE, Ålesund

Jugendstilsenteret og KUBE er eit kunstmuseum som ligg i hjartet av Ålesund sentrum.