Kunnskap

Evensmos Englandsfarere - Boka, filmen og mottakinga

Forsiden av Norsk Filmblad fra 1946 viser filmplakaten til "Englandsfarere" med skuespillere og en .
Plakaten til Englandsfarere på forsida til Norsk Filmblad 15. mai 1946.

Framleis er interessa for den andre verdskrigen stor. Berre i Noreg kjem det stadig ut bøker, filmar, artiklar og anna som handlar om krigen.

Korleis var dei første kunstnarlege forsøka på å fortelje om den andre verdskrigen, og kva hendingar tok dei utgangspunkt i? Korleis vart hendingane hugsa i etterkant?

Rinnan-banden hadde si første infiltrasjonssak for 82 år sidan. Denne hendinga var utgangspunktet for ein av dei første romanane med handling frå krigen, som igjen vart utgangspunkt for den andre norske fiksjonsfilmen med handling frå krigen.(1)

Englandsfarten

Etter at Narvik var tapt sommaren 1940, reiste kongen og regjeringa til Storbritannia med HMS «Devonshire». I åra etter skulle flukta frå Noreg og vestover sjøvegen bli noko som okkupasjonsmakta ville unngå.

Ettersom krigen heldt fram og englandsfarten heldt stand, vart denne fluktruta såpass uønskt at ho skal ha vore drøfta på høgste hald i Berlin.

Denne trafikken førde med seg spionasje, rekruttering til illegal verksemd og våpensmugling i område som tyskarane kontrollerte, og okkupasjonsmakta fekk ikkje gjort noko med dette som gjekk føre seg rett under nasen på dei. I tillegg meinte ein at denne aktiviteten auka, og det kom streng ordre om at trafikken måtte stoppast.(2) 

I avisene i Noreg vart englandsfarten omtalt. Det var ikkje akseptabelt med ein slik tyskfiendtleg aktivitet. 18. august 1941 sto det å lese i den tyskvennlege Norges Handels og Sjøfartstidende at de som er så dumme at de driver på med englandsfart risikerer at forsikringa deira ikkje er gyldig.(3)

Straffeutmålinga for englandsfart vart snart stramma kraftig til, og allereie eitt år seinare skreiv Haugesund Avis at 17 nordmenn var dømde til døden etter at dei vart gripne medan dei førebudde seg til englandsfart.(4) 

Gestapo og Rinnan-banden
Jakta på englandsfararar vart stramma til, men det var spesielt vanskeleg for Gestapo å stogge englandsfarten når politiet var ein aktiv del av organiseringa av fluktgruppene.

I Ålesund var Walle-gruppa, som dreiv på med englandsfart, leia av politimannen Thoralf Walle. Det vart naudsynt for Gestapo å infiltrere slike fluktgrupper, og dette var nær umogleg for tyske agentar, då dei fort vart gjennomskoda.

Etter kvart fekk Gestapo ein trønder med i infiltrasjonsarbeidet, og med Henry Oliver Rinnan på laget vart Gestapo snart meir effektive i å øydelegge for den illegale englandstrafikken. Han hadde den opplagte fordelen av å vere norsk, og kunne gli inn i grupper som dreiv på med illegalt arbeid. Hans første store suksess var nettopp at han klarte å plassere to infiltratørar i Walle-gruppa.(5)

Ombordstiging på Gåseid

En fiskebåt ligger ved et gammelt sjøhus i en fjord omgitt av skog og åser.
Her i Einarvika gjekk flyktningane om bord for den første etappen av englandsfarta. Foto: Katastrofen i Dødmannsvika, Arne Ivar Aursnes (eige forlag, u.å.)


Laurdag 21. februar 1942 låg skipper Ole Dyrøy med motorkutteren «Viggo» ved Roaldbua i Einevika på Gåseid.(6) Han venta på ei gruppe med flyktningar, sendt av Walle-gruppa, som han skulle føre ut til Hustruhamna på Valderøya.

Der hadde dei ein avtale med ein annan båt som skulle frakte flyktningane vidare til Godøya, og derifrå skulle dei fraktast vidare til Shetland, truleg med M/K «Heland».
Møtetidspunktet var avtalt natt til søndag klokka 0300.

I ly av nattemørkret gjekk «Viggo» ut Ellingsøyfjorden, og inn Gjøsundet mellom Valderøy og Vigra. Her gjekk båten på grunn, og vart så forseinka at det var uråd å nå fram til møteplassen til avtalt tid.

«Viggo» måtte gjere vendereis, og gjekk tilbake til Ellingsøyfjorden og Einevika, og var tilbake ved Roaldbua i grålysninga.

To menn i dress og slips sitter ved siden av hverandre under et formelt arrangement.
Ingvar Aalberg (t.v.) og Bjarne Jenshus under rettssaka. Foto: rinnanbanden.no

To personar gjekk i land for å skaffe mat og gjere nye avtalar. For å kome betre i skjul, ankra båten opp i Dødmannsvika søraust for Lerstadholmen.

Tre vart sette i land der. Blant desse var infiltratørane Bjarne Jenshus og Ingvar Aalberg. Dei to fekk varsla ein ventande og parat Rinnan, som så sende styrkar for å ta fluktgruppa.


Om morgonen 23. februar opna Gestapo maskingeværeld mot «Viggo», og båten vart omringa av tyske patruljebåtar. Rinnan og HauptsturmführerHolach gjekk om bord. Ankertauet vart kappa og båten vart slept til Ålesund der dei som var om bord vart førte i land.

Walle-gruppa vart samtidig sprengt. I rådhuset vart englandsfararane stilt opp saman med kameratane frå land.(7) Av dei 27 ombord som vart arresterte denne natta, måtte 19 bøte med livet.(8) 

Avisutklipp fra 1945 viser en liste over 18 nordmenn som ble henrettet av tyske okkupanter i Oslo.
Slik framstilte Norsk Tidende avrettinga dagen etter, 7. mai 1942. skjermdump nb.no

Så snart krigen var slutt kom det ut bøker om desse åra med krig og okkupasjon. Kunnskapstørsten om det som hadde skjedd var stor. Sunnmørsposten kunne melde at det allereie i fjerde kvartal 1945 ville komme 74 bøker om krigen.(9)

Den store svolten etter å lese om krigsåra vart snart stilt, hausten 1946 hevda ein bokhandlar på Hønefoss at folk var leie av krigslitteratur, og det måtte vere spesielt godt skrivne bøker folk ville ha viss det skulle vere om krigen. 

Svart-hvitt portrett i passfoto-stil fra midten av forrige århundre.
Sigurd Evensmo, fotografert av Gestapo i 1942. Foto: Wikimedia Commons

Englandsfarere, Sigurd Evensmo si debutbok, som handla om «Viggo»-saka, vart trekt fram som døme på særleg god litteratur. Boka hadde selt 20 000 eksemplar, og var då allereie umogleg å få tak i, skreiv Ringerikes Blad i oktober 1946. (10)

Boka vart etter kvart trykt opp i 55 000 eksemplar, eit kjempeopplag på den tida.(11).

Journalisten blir forfattar 

Et krigsminnesmerke med en stor dekorativ stein står på en gresslette ved en granskog.
Minnesmerke i Trandumskogen. Teksten er på norsk, engelsk og russisk, og representerer nasjonalitetane til dei som vart avretta her. Foto: Oddbjørn Hofseth

Ein av dei som ikkje hamna i massegrava i Trandumskogen i 1942, var Sigurd Evensmo. Journalisten Evensmo såg seg i 1942 tvungen til å flykte frå landet etter at han fekk okkupasjonsmakta etter seg grunna arbeid med illegale aviser.

Han reiste frå Oslo til Ålesund, og vart blant dei som ikkje kom seg til Storbritannia derifrå grunna Gestapo sine lange og nykvesste klør.

Det vart bestemt at 19 frå «Viggo»-gruppa skulle skytast i Trandumskogen. Like før dei vart køyrde av garde, vart Evensmo teken ut av gruppa for å svare på avissaka som han opphavleg rømte på grunn av.(12)

Han slapp unna dødsstraff, og vart i staden verande på Grini, men vart etter kvart sloppe ut frå soninga der. Då skreiv han om det han hadde opplevd.

Evensmo fullførte manuset til boka Englandsfarere på fire månader under eit opphald på ein gard i Østerdalen, og grov så dette ned i vedskjulet til foreldra sine i Billingstad.(13)

Nettopp det at han var ein erfaren journalist var nok ein viktig grunn til at han kunne skrive såpass godt og nøkternt om desse hendingane medan dei framleis låg så nært i tid, og krigen framleis raste. Han hadde erfaring med å skrive om dramatiske hendingar på 1930-talet som reporter i eit politisk uroleg Europa.(14) 

Det at han ikkje skreiv biografisk, men heller valde å skrive ein dokumentarisk roman, var kanskje grunnen til at boka vart den suksessen ho vart.(15)

I boka er namn bytta ut og persongalleriet gjort om, og dei komplekse omstenda forenkla, men ho er bygd på og ligg nært opp mot dei faktiske hendingane.(16)

Englandsfart som film

En norsk filmplakat fra 1944 viser en seilbåt på stormfullt hav med røde bokstaver "Englands-farere.
Filmplakaten til Englandsfarere 1946. nb.no

Etter at boka var utselt starta innspelinga av filmversjonen. 14. januar 1946 var første opptaksdag i filmstudio på Jar.

Regissøren Toralf Sandø var oppteken av at filmen skulle følgje boka så langt som råd var, og ikkje lage ein film på den ytre handlinga, men legge vekt på den indre spenninga.

Sandø hadde ambisjonar om verkeleg å lage ein norsk kvalitetsfilm. Manuset til filmen skreiv Sandø saman med forfattaren Victor Borg, i samråd med Evensmo.

Planen var at filmen skulle ha premiere 9. april, altså første 9. april etter at krigen var over. (17) Filmen vart vist for presse og inviterte denne datoen, men fekk ordinær premiere først 22. april 1946, som var andre påskedag.(18)

Filmen sine eksteriørscener vart spelt inn på Sunnmøre og i Oslo, mens resten vart spelt inn i filmstudio på Jar.

Sunnmørsposten skreiv om fotograf Kåre Bergstrøm som var ute med rutebåten DS «Eira» for å filme dei siste sekvensane i Ålesund i 1946, og vekte nok ein del merksemd då han fekk den velkjente båten til Møre Fylkes Ruteselskap til å gå i ring i Valderøyfjorden i snøføyka ein grå og kald marsdag.(19) 

Omtale av filmen

Filmen fekk jamt over god kritikk i Noreg, og kritikarane hadde eit sakleg og nøkternt blikk på filmen, sjølv om det må ha vore spesielt å sjå denne nære og vanskelege samtida handsama som film.

Morgenbladet hevdar at filmen ikkje er like god som boka, og klagar på at replikkane ikkje kling godt, og at den påtekne gebrokne norsken til dei norske skodespelarane som speler tyske soldatar ikkje er realistisk.(20) Gamle synder i norsk film, som ei anna avis hevdar.(21)

Tønsberg Blad er langt meir positiv, og skriv mellom anna at dei norske skodespelarane tek representantane for «herrefolket» på kornet.(22)

Arbeiderbladet kalla filmen «en stor kunstnerisk seier men legg til at offiserer i Wehrmacht-uniform (som) sprader rundt med SS-luer virker litt irriterende». Nærleiken i tid med tilhøyrande praktisk kunnskap om uniformering er tydeleg i kritikarane sin omtale av korleis dei tyske soldatane vart framstilt.(23)

Ein kritikar klagar over at det er for lite vestlandsnatur med i filmen, og at skodespelaren Ingeborg Cook-Borg er for kjent frå teaterscena til å gje rolla si eit realistisk preg.(24) 

Generelt skriv kritikarane at filmen viser at norsk film har ei positiv utvikling, éin ser dette som ein god trend, bort frå «det justerske vrøvlenivå» og hevdar at det «er noe vesensforskjellig fra de svenske industriproduktene som flommer over oss.»(25)

Ein annan kritikar gir filmen stort sett berre gode skussmål, og kallar han den kunstnarleg mest verdifulle filmen laga til då i Noreg.(26) 

Sunnmørsposten sin kritikk av filmen skil seg ut. Det var ein uvanleg pathosladd omtale under overskrifta «Et gjennombrudd for norsk film.»

Filmmeldarenskreiv: «Rammen om premieren var nydelig, med norske flagg som flankerte teppet og et blomstervell foran, midt i blomsterhavet en kutter på veg mot vest.» Vidare står det, «Og samtidig som den er et sjølstendig kunstverk, er den dokumentarisk så det svir tvers gjennom en.»

Det som Sunnmørposten sin filmmeldar hadde å utsette på filmen var måten sunnmøringane i filmen var framstilt på og «Heller ikke var dialekten så sunnmørsk som den burde.»

Dei bibelske dimensjonane blir tekne fram til slutt, då «… takker vi og gleder oss enno en gang over monumentet som Sigurd Evensmo og A/S Snorrefilm har reist over de mange som tok korset opp i dei tunge år og bar det til ― Golgata. De vil ikke bli glemt.»(27) 

Filmen fekk dessutan eit utanlandsk publikum. Både Holland og England kjøpte filmen, i tillegg til dei skandinaviske nabolanda.(28)

I det danske filmbladet som kinoen Atlantic Bio i København ga ut, står det å lese at filmen er «En enestående Oplevelse, som De ikke maa gaa Glip av.»(29) Til festframsyninga i den danske hovudstaden var ei rekke danske frihetskjempere invitert, der inntektene gjekk til den danske frihetsgaven.(30) 

Filmsuksess i Ålesund

Kinoprogram fra Løvenvold viser filmene Konvoy og Englands Fedre i oktober 1941.
Kinoprogrammet til Løvenvold, Sunnmørsposten 17. april 1946. Skjermdump nb.no
En travel bygate på 1930-tallet med en bank og fotograf-butikk.
Då somme frå fluktgruppa køyrde frå Ålesund sentrum til Gåseid, fekk dei seg ein støkk då dei køyrde forbi ei lang kø foran Løvenvold kino. Denne opplevinga skreiv Evensmo inn i romanen Englandfarere, men hendinga vart ikkje med i filmen. I følgje Sunnmørsposten gjekk køa på premieredagen til filmen heilt frå kinoen øvst på midten av biletet, og ned på venstre sida og forbi hjørnet på Sankt Olavs plass. Foto: Skjermdump youtube

Filmen Englandsfarere var enormt populær i Ålesund, og Løvenvold kino hadde eit langt større innslag av folk frå distrikta enn vanleg var.

Sunnmørsposten kalla publikumsmengda frå distriktet ― som kom med buss, båt og færing ― på premieredagen ein invasjon. Slik hadde ein ikkje opplevd i Ålesund sidan kongedagen, då kong Haakon besøkte byen på sin turné året før.

To timar før billettsalet byrja sto folk i kø, og snart var det kø ned til Birkevoldhjørnet på Sankt Olavs Plass , og dette førte med seg slike folkesamlingar at trafikken til tider stoppa opp.

Det vart sett i gang improviserte system for å gjere billettsalet meir effektivt og rettferdig, og politiet måtte hjelpe til for å dempe hissige køsnikarar.

Mange måtte reise skuffa heim, kapasiteten til Løvenvold vart sprengt.(31) Etterkvart vart det visstnok sett opp ekstrabussar slik at folk frå mellom anna Ørskog, Sykkylven og Brattvåg kunne få sjå filmen.

Pågangen heldt seg såpass stor at kinosjef Ivar Olsbø fekk løyve frå Oslo til å halde på filmen til «den er helt utspilt, og alle som vil, har fått se den. Og det blir uten tvil alle tiders rekord på Løvenvold for besøk til en enkelt film!»

Sunnmørsposten skreiv vidare om Karl Eilert Wiig, ålesundaren som spelte tysk gestapist i filmen. Wiig hadde tidlegare jobba med teater, og denne rolla var filmdebuten hans.(32)

Same avis melde 30. april 1946 at Englandsfarere hadde siste framsyning denne kvelden. Kinosjef Ivar Olsbø kunne melde at «Det har vært en jevn tilstrømning med kødannelse til hver eneste forestilling like til det siste».(33) 

Oppgjeret med Rinnan-banden 

Kunsten handsama «Viggo»-saka langt raskare enn rettssystemet. Den same dagen som filmen vart teken av plakaten på Løvenvold, starta den største rettssaka mot medlemmer i Rinnan-banden, den 30. april 1946

«Under kameratskaps maske ble Englandsfarere ført i døden» sto det på forsida til Sunnmørsposten i samband med at Sigurd Evensmo heldt sitt vitneprov om den mislukka englandsfarta fire år tidlegare. Denne forklaringa vart kalla det dramatiske høgdepunktet under rettsmøta i Trondheim.

Evensmo si oppleving med Rinnan-banden og Gestapo sine handlingar var allereie godt kjent gjennom den eventyrlege suksessen til boka og filmen, og var kjent både for den generelle ålmenta og for dei tiltalte.

Bjarne Jenshus og Ingvar Ålberg, dei to infiltratørane som hadde varsla Rinnan om utseglinga til «Viggo», var tydeleg uroa av gjensynet med Evensmo.

Dei hadde ikkje sett kvarandre sidan dei hadde vore saman i mange nervepirrande timar, ventande i «Viggo», før dei to kom seg på land og sveik alle i båten ved å tilkalle Rinnan. Dei satt som på nåler, klare til å bryte inn ved første og beste høve, men fann ingenting å utsette på vitneprovet til mannen som ved eit under hadde sloppe unna den dødelege lagnaden dei fleste i gruppa møtte.(35) 

Rettssaka mot Rinnan-banden var omfattande, og varte frå april til september, og domsdokumentet vart på 374 sider.(36)

Utfallet vart: Jenshus vart dømt til døden for landssvik, stort sett grunna «Viggo»-saka.(37) Aalberg vart dømt til tvangsarbeid på livstid.(38)

Leiaren Rinnan fekk dødsdom. Rinnan og Jenshus vart skotne med eit halvt års mellomrom på Kristiansten festning i Trondheim i 1947.(39) Aalberg sona ved Bjørkelangen tvangsarbeidsleir frå 3. august 1947 til 11. juli 1954.(40) 

«Viggo»-saka heldt fram

Etter at boka, filmen og Rinnan-saka hadde fått brei omtale, var «Viggo»-saka i all si gru kjent for folk, og det vart eit mysterium kva som hadde skjedd med båten som ikkje dukka opp mellom Valderøy og Vigra til den andre etappen av fluktruta sjøvegen.

På framsida til Sunnmørsposten sto det eit mystisk intervju på trykk den 16. mai 1946. Under tittelen «Kvar vart det av båten som «Englandsfararane» ikkje fann?» stod det at «Det har vore det store, brennande spørsmålet i den siste tida når vi har hatt den triste hendinga så nær både gjennom filmen og i den avskyelege Rinnansaka».

Avisa hevdar at dei kan lette på sløret som har kvilt over denne hendinga. Avisa skriv at:

«Det sit to menn framfor oss. Dei er i sin beste alder. Men dei har den skarpe blenken i augo som vi sakna hos sunnmøringane i filmen om englandsfararane. Desse to kan gi oss ei grei fråsegn om det som hende, for det var dei som sto føre utskipinga vestover. Namnet sitt ynskjer dei å halde for seg sjølve. Det viktige er at sanninga får kome fram, og skodda kan driva bort frå dette punktet og i den mørke hendinga.» 

Dei to hadde venta på «Viggo», før dei gjekk til land att. I intervjuet fortel dei at dei har høyrt at båten hadde fått motorproblem, og difor vart forseinka.

Det ein vel ikkje visste var at planen var at denne gruppa skulle ligge og vente på Godøya eit par dagar etter det att, og dermed ville nok soga fått den same utgangen.

Eventuelt hadde «Viggo» gått tilbake, og gruppa vidare til Shetland, med Rinnan-karane Jenshus og Ålberg om bord, med dei konsekvensane det ville fått.

Eller som dei anonymiserte Indolf Godø og Jakob Rørvik (41) konkluderte med: «Heile hendinga ser ut til å vere eit lagnadsspel som først gjer angivarane eit spikk, men sidan køyrer patriotane midt i ulukka. Vi gjorde i alle fall det vi kunne, og kan berre syrgje over den vending som hendinga tok.»(42) 

Denne artikkelen vart først publisert i «Årbok for Sunnmøre 2018» og er skriven av historikar Oddbjørn Hofseth (f. 1978). Hofseth underviser i den vidaregåande skulen og jobbar med lokal og regional historie. Han har også bakgrunn som dokumentarfilmskapar. 

Kjelder:

[1] Den første norske filmen som handla om den andre verdskrigen var Vi vil leve (1946), regi Olav Dalgard og Rolf Randall. Sjå til dømes Bent Kvalvik: «De første norske filmene om krigen», Aftenpostens historiemagasin, nr. 5 2016.

[2] Ulstein, Ragnar. Englandsfarten. 1: Alarm i Ålesund. Oslo, Samlaget 1979, s. 202

[3] Norges Handels og Sjøfartstidende 18. august 1941

[4] Haugesund Avis 22. mai 1942. Omgrepet englandsfart og englandsfarar ser ifølgje kjeldene ut til å ha endra meining undervegs: Medan ein den første tida etter at dette vart eit tydeleg problem for okkupasjonsmakta, vart omgrepet nytta om dei som drog til England for å segle for «fienden», tydde omgrepet etter kvart all flukt frå Noreg til Storbritannia.

[5] Ulstein, Ragnar. Englandsfarten. 1: Alarm i Ålesund. Oslo, Samlaget 1979, s. 202-204.

[6] Vika er òg kalla Olsvika, og ligg vis-a-vis der Gåseidvika småbåthamn er i dag.

[7] http://sunnmoremuseum.no/om-oss/sunnmoere-museum/utstillingar/viggo-tragedien/

[8] Lars Dannevig vart truleg drepen under avhøyr i Trondheim, dit fluktgruppa vart sendt til etter pågripinga. Sjå Ulstein, Ragnar: Englandsfarten 1: Alarm i Ålesund, s. 312, eventuelt Henry Oliver Rinnan si forklaring i rettssaka mot Rinnan-banden, slik det er referert i Sunnmørsposten 6. mai 1946.

[9] Sunnmørsposten 1945, dato ukjent.

[10] Ringerikes Blad 25. oktober 1946

[11] Programbladet nr. 4 1979

[12] Ulstein, Ragnar. Englandsfarten. 1: Alarm i Ålesund. Oslo, Samlaget 1979, s. 202

[13] Evensmo, Sigurd. Ut i kulda. Oslo: Gyldendal, 1978, s. 7

[14] Sjå til dømes Evensmo, Sigurd. Skjævesland, Thorleif (red): Ingen fred å finne: artikler, essays, innlegg 1935-1977. Oslo: Gyldendal, 1982.

[15] Sjå etterordet til Haagen Ringnes i Evensmo, Sigurd. Englandsfarere. Oslo: Bokklubben, 1976.

[16] For samanlikninga si skuld er det interessant å lese Englandsfarere opp mot Englandsfarten 1: Alarm i Ålesund

[17] Haugaland Arbeiderblad 23. januar 1946.

[18] Aftenposten 23. april 1946, Norsk Filmblad nr. 5 1946.

[19] Sunnmørsposten 16. mars 1946, https://no.wikipedia.org/wiki/DS_%C2%ABEira%C2%BB_(1896)

[20] Signert Knight, Morgenbladet, ukjent dato. Englandsfarere, Filmdokumentasjon langfilm nr NL-124

[21] Vestfold Arbeiderblad 17. april 1946.

[22] Tønsberg Blad 17. april 1946.

[23] Arbeiderbladet 23. april 1946.

[24] Signert Reidar Lunde, Aftenposten, ukjent dato. Englandsfarere, Filmdokumentasjon langfilm nr NL-124. Spesiallesesalen for privatarkiv og sjeldent materiale, Nasjonalbiblioteket.

[25] Filmmelding signert G.L. Ukjent avis, ukjent dato. Englandsfarere, Filmdokumentasjon langfilm nr NL-124. Spesiallesesalen for privatarkiv og sjeldent materiale, Nasjonalbiblioteket.

[26] Filmmelding signert Chr, ukjent avis, 23. april 1946. Englandsfarere, Filmdokumentasjon langfilm nr NL-124. Spesiallesesalen for privatarkiv og sjeldent materiale, Nasjonalbiblioteket.

[27] Sunnmørsposten 23. april 1946.

[28] Sunnmørsposten 9. mai 1946.

[29] Flyer frå Atlantic Bio i København, utan dato. Englandsfarere, Filmdokumentasjon langfilm nr NL-124. Spesiallesesalen for privatarkiv og sjeldent materiale, Nasjonalbiblioteket.

[30] Porsgrunn Blad 26. mars 1946.

[31] Sunnmørsposten 23. april 1946.

[32] Sunnmørsposten 26. april 1946.

[33] Sunnmørsposten 30. april 1946.

[34] http://rinnanbanden.no/index.asp?s=dommen-1-2

[35] Sunnmørsposten 7. mai 1946, Sarpsborg Arbeiderblad 7. mai 1946.

[36] http://rinnanbanden.no/index.asp?s=dommen

[37] http://rinnanbanden.no/index.asp?s=Bjarne%20Jenshus

[38] http://rinnanbanden.no/index.asp?s=ingvar%20aalberg

[39] https://www.nrk.no/trondelag/xl/70-ar-siden-henrettelsen-av-norges-mest-fryktede-nazist-1.13350333

[40] https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Sonderabteilung_Lola

[41] Ulstein, Ragnar. Englandsfarten. 1: Alarm i Ålesund. Oslo, Samlaget 1979, s. 199

[42] Sunnmørsposten 16. mai 1946.

Evensmos Englandsfarere - Boka, filmen og mottakinga — Viti — Viti