Kunnskap

Ein song for romjula

Romjula kan vere ei tid for å møte slekt og kjende. Songen «Einn Kveld i Julinne» handlar om eit slikt selskap i romjula, og viser verdien av den gode samtalen og å dele god mat og drikke.

En gammel julevise med tittelen "Einn Kveld i Julinne" står trykt på et gulnet papir med gotisk skr.
Trykk frå Aarflot-arkivet, «Einn Kveld i Julinne» 1-2 vers.

Teksten er prenta på Egsets Bogtrykkeri i Volda, som var etablert av Siver Aarflot i 1809. Egsets Bogtrykkeri var det første trykkeriet på landsbygda i Noreg.

Litteraturhistorikar Jostein Fet si forsking i og kartlegging av prent frå Egset er ei unik kjelde for kunnskap om både trykkeriverksemda og tydinga av tekstane som vart prenta der. Prentet er ein del av det rikhaldige Aarflot-arkivet i Viti.

Høyr dei to første versa framført av Jostein Skare

Opptaket er henta frå kassetten «Folketonar frå Volda og Ørsta». Produsent Dagfinn Nupen.

Teksten i «Einn Kveld i Julinne» handlar om dialogen mellom to naboar på romjulsbesøk. Songen har heile 12 vers.

En side fra en gammel bok med åtte nummererte vers på nynorsk, skrevet i gotisk skrift på gulnet pa.
Trykk frå Aarflot-arkivet, «Einn Kveld i Julinne» 3-10 vers
En side fra en gammel bok med to nummererte vers på nynorsk og dekorative ornamenter nederst på sid.
Trykk frå Aarflot-arkivet, «Einn Kveld i Julinne», 11-12 vers
Cecilie Rørstad

Cecilie Rørstad

Avdeling kulturhistorie: Konservator

994 25 888 / cecilie@vitimusea.no

Ein song for romjula — Viti — Viti