Kunnskap

Ein smak av luksus

Sofaen har ikkje fått same merksemd og status som sitt søsken, stolen. Men sofaen kan vise til ei interessant og mangslungen historie fram til i dag.

Sofa i pil og pedding

En antikk toseters sofa med gul stofftrekk og rammeverk i flettet rotting står utstilt på museum.
Den første sofaen laga av P.I. Langlo på Stranda.

Den første sofaen som vart laga av pionerbedrifta P.I. Langlo på Stranda. Den representerer ein overgangsfase frå møblar laga med flettverksmateriala pil og pedding til møblar med trerammer.

Sofaen er ei vidareutvikling av den veggfaste trebenken som vart nytta i norske tømmerstover i mange hundre år. I borgarlege heimar kom etter kvart frittståande møblar med gjordband og stoppa setefesta til eit treramme. Dette varmøblar som var gode å sitje på under lengre sosiale samver. På 1800-tallet vartdet utvikla komfortable sofaer med spiralfjører i setet. Mot slutten av hundreåret vart tunge overstoppa salongmøblar med fløyelstrekk, frynser og pompongar høgste mote i borgarskapet.

Etter kvart vart sofaen allemannseige. Møbelprodusentar på Nordvestlandet tok i bruk flettverksmaterialar som pil og peddig som kunne nyttast utan kostbar maskinteknologi.Med lette og rimelege korgmøblar kunne dei tilby vanlege folk møblar som dei tidlegare berre kunne drøyme om.

Eldar Høidal

Eldar Høidal

Avdeling kunst og design: Førstekonservator NMF

900 18 419 / eldarh@vitimusea.no

Ein smak av luksus — Viti — Viti