Kunnskap

Ei bygd i bryting

Spjelkavika på 1900-talet

Endringar i samfunnet vert spegla av dei fysiske omgivnadene våre. Nye behov skaper nye bygg, og er over tid med på å danne nye former for tilhøyrsle og identitet. Slike endringar skjer gjerne utan at vi reflekterer noko vidare over dei: I sjøkanten, til dømes, der det for få år sidan var behov for tilflòt frå båt, romlege kaier og høglofta bygg til oppheng og tørk av nøter og garn, er det no lettstelte leilegheiter som er etterspurde. Og der nærleiken til elva tidlegare var avgjerande for kvar industri kunne etablerast, vert slike område i dag gjerne nytta til rekreasjon og friluftsliv.

Ingen stad på Sunnmøre ser vi slike omdanningar tydelegare enn i Spjelkavik. For medan Ålesund sentrum framleis ber preg av bygningsarven frå attreisingsåra etter bybrannen i 1904, har dette området, ei mil lenger aust, vore gjennom store endringar dei siste hundre åra.

Historisk utsikt over Spjelkavik med hvite trehus og fjell i bakgrunnen.
Oversiktsbilete av ein del av Spjelkavik, før 1910. Foto: Sunnmøre museums samlinger / Viti.

Endringane har gått i fleire fasar: Frå å vere eit tradisjonelt gards- og grendesamfunn, via utbygging av industri og næringsliv, er Spjelkavik i dag prega av høg tilflytting og omfattande bustadbygging. Her finn vi også det største kjøpesenteret og det viktigaste knutepunktet for samferdsle i heile Møre og Romsdal. I grove trekk kan ein seie at byvoksteren til Ålesund kommune har kome nettopp i Spjelkavik. Difor må også utgangspunktet for desse endringane søkast i samhandlinga mellom Spjelkavik og Ålesund by.

I byen fanst inga elv. Dei bekkefara som rann ned frå Aksla gav knapt nok til kaffivatn og vask av klede. Skulle ein gjere seg ytterlegare nytte av vasskraft måtte ein difor søke utanfor bygrensene, der slikt var å finne; som til dømes i Langevåg – eller i Spjelkavik: Spjelkavikelva hadde eit fall som egna seg til utbygging, og med det djupe Brusdalsvatnet som stabilt og sikkert magasin. 

På 1800-talet roma Spjelkavikbygda både plassmenn, småbrukarar og storkarar. Som elles langs sunnmørskysten, var dei fleste det vi kan kalle fiskebønder. Avlinga frå garden vart gjerne speid på med det som kunne landast over ripa i færingen. Forrådskammeret, Borgundfjorden, låg like utfor båtstøa. Og frå elva kunne ein hente både laks og aure.

Dessutan hadde staden eit topografisk føremon, sjølve vika. Hit søkte silda i stim, årvisst i periodar. Eit eige notlag, der i alt 20 oppsitjarar var med, fanst her på 1800-talet. I 1900 vart det skipa eit notlag til, «Nylaget», der også småbrukarar og plassmenn kunne få ta del.

På denne tida var her mange gode sildeår. Nøter og garn stod tett i tett, og oppkjøparar kom langvegs frå for å handle. Opp til 20 oppkjøpsbåtar kunne ligge her samstundes.

Et stort hvitt trehus med to etasjer ligger på en gresskledd bakke omgitt av løvtrær.
Slyngefabrikken i Spjelkavik, 1961. Foto: Ragnar Øvrelid. Sunnmøre museums samlinger / Viti.

Naturleg nok vart då også dei første industrianlegga i Spjelkavik knytte til produksjon av fiskereiskap. Det aller første var Aalesunds Slyngefabrik A/S, som vart etablert i 1874, og som var eigd av P. D. Stafseth og brødrane Kraasbye. Fabrikken, som låg på vestsida av elva og gjorde seg nytte av vasskrafta der, tilverka fiskesnøre og fortaum til fiskeliner. Fortaumen vart delvis produsert i fabrikklokala og delvis som heimeindustri, kring på gardane i bygda.

Nokre år seinare var det her Hans Pedersen Mittet ønskte å satse. Ved elva låg eit fullt utbygd møllebruk, med renne, vasshjul og arbeidslokale. Det var Andreas Nilsen Aspehaug som hadde drive kombinert mølle- og sagbruk her. Mittet fekk med seg grunneigaren, Edv. Liljedahl. Og saman starta dei opp Spilkevigs snørefabrik i 1894.

I en gammel tekstilfabrikk står arbeidere langs en rekke med store vevemaskiner i et lyst industrir.
Kvinnelege arbeidarar står ved kvar sin garnbindemaskin i Spilkevigs Snøre- Not- og Garnfabrikk, 1904. Foto: Sunnmøre museums samlinger / Viti.

Slyngefabrikken og snørefabrikken danna fundamentet som industristaden Spjelkavik vart tufta på. Elvekrafta var sjølve føresetnaden, noko ikkje minst Mittet visste å gjere seg nytte av. Samstundes vart kraftmangelen i den attreiste byen stadig meir prekær. Mittet gjekk difor inn ein avtale med Ålesund kommune om felles utbygging av elva. Og i mai 1917 stod eit nytt og topp moderne kraftverk ferdig; komplett med kanal, røyrgate og turbinar. I tillegg til å forsyne Mittetfabrikken, vart det spent opp kraftliner fram til byen. Dermed kunne både bustader og bedrifter forsynast med straum frå Spjelkavikelva, fram til anlegget i Tafjord kom i drift hausten 1923.

Utover på 1900-talet vaks det nye Spjelkavik fram.

Fiskarbonden og plassmannen vart avløyst av fabrikkarbeidaren, handverkaren, kjøpmannen - og bussjåføren: Då Andreas H. Spjelkavik tok til med å køyre varebil til og frå byen i 1920, såg han at frakt av passasjerar vart meir og meir etterspurd. Og fire år seinare sette han karosseri på ein lastebil han hadde kjøpt; noko som gav plass til 14 personar.

Tre barn står på støtfangeren til en gammel rutebuss merket "Spjelkavikruten" med norske flagg.
Tre barn med norske flagg står frampå rutevogna Spjelkavikruten, tidlig 1940-tall. Foto: Sunnmøre museums samlinger / Viti.

I følgje eit oversyn frå 1941 fanst her både møbelfabrikkar, skofabrikk, konfeksjonsfabrikk, fjørfabrikk og barnevognfabrikk. Her var mekanisk verkstad, bilverkstad og bensinstasjon. Her var gartneri, trelasthandel, kafé, bakeri, «modeforretning» og kolonialbutikkar.

Eventyrlege sildeår, før og etter siste krigen, la dessutan grunnlag for ei ny vekstnæring, notbøteria: Langs sjølina låg dei, i rekke. I alt åtte skal det ha vore på det meste. Visstnok den største konsentrasjonen av slike anlegg i heile landet.

Det første, nothenget til Spilkeviks Snøre- Not- og & Garnfabrik, vart sett opp i 1908/09. Det siste som vart bygd, Erik Foss & Sønner A/S, har nyleg blitt jamna med jorda. No er bustadblokker er i ferd med å reise seg på det gamle industriområdet attmed sjøen.

En forfallen industribygning i betong med store vinduer står ved siden av et trebygg i forfall.
Nothenget med bøteri og monteringsanlegg på Spilkevigs Snøre- Not- og Garnfabrikk, 1969. Foto: Ragnar Øvrelid. Sunnmøre museums samlinger / Viti.

Ut igjennom etterkrigsåra auka folketalet jamt og trutt. Og større barne- og ungdomskull kravde bygging av nye skular: Ny skule for Spjelkavik stod ferdig i 1964, og fire år seinare stod første byggetrinn av Åse skule klar til bruk. Dette området opplevde ekstra stor tilflytting i samband med det nye sjukehuset. Sjukehuset stod klart i 1971, og gav arbeid til meir enn 1000 menneske.

Også vidaregåande skular kom til: Borgund yrkesskule starta opp i 1948, men hadde røter som var langt eldre. Nytt bygg for yrkesskulen stod ferdig i 1973. Same året kom her også ny ungdomsskule. Det tidlegare Ålesund Handelsgymnas vart flytta til Spjelkavik, og fekk namnet Spjelkavik vidaregåande skule.

For å få plass til dei mange innflyttarane måtte ein satse på å etablere tettare busetnadsmønster. Rekkehus og bustadblokker vart svaret. Mellom dei første var blokkene i Furmyra , som vart sette opp tidleg på 1970-talet.

Auka folketal var med å skap eit rikt foreiningsliv: Frå før fanst både bedehus og misjonsforeiningar – og idrettslag. Det siste var danna i 1932. Allereie same året vart det første langrennsløpet arrangert. Løypa gjekk fram til Bigtonhytta. Etter kvart breia aktivitetane til laget seg ut, og til dømes vart her skipa både fotballag og alpinlag.

Forsamlingslokala vart ofte nytta til ulike føremål. På sundagsskulehuset på Åse vart det til dømes halde konfirmantundervising, og i kjellaren vart det skipa eigen aktivitetsklubb for ungdom på 1960-talet. Aktivitetsklubben var ein populær og mykje vitja møtestad. Hit kom ungdomar både frå Åse, Furmyra og Breivika, fortel ein av medlemane, Nora Gunn Morken Farstad.

Historisk flyfoto av Spjelkavik ved Ålesund viser spredt bebyggelse mot fjord og fjell i bakgrunnen.
Flyfoto frå Spjelkavika, 1959. Nede til høgre ser vi Spjelkavik Skofabrikk, der handelssenteret på Moa ligg i dag. Foto: Sunnmøre museums samlinger / Viti.

Dei mest omfattande endringane, frå jordbruk og industri til bustader, handel og service, fann stad i Moaområdet:

I 1917 vart tre utmarksteigar på gardane Åse, Furmyr og Nedregarden selde til Ålesund kommune. Grunnen til at bystyret i Ålesund sikra seg desse vel to hundre måla, var at dei skulle dyrkast opp. Her kunne byfolket få dyrke sine eigne teigar. På eigedomen låg også eit grustak. Det kunne kome til nytte når kommunale vegar skulle vølast.

Frå 1950-talet vart garden forpakta vekk, og drifta vart lagt om til husdyrhald. Særleg vart det satsa på storfe. Til tider var her så mange mjølkekyr at garden var mellom dei aller største leverandørane til Sunnmøre Meieri.

Gardsdrifta på Moa heldt fram utetter 1960-talet, men i 1970 vedtok bystyret i Ålesund at området skulle regulerast om: Her skulle det bli kontor, butikkar og såkalla ålmennyttige føremål.

Det siste var det som kom først: I 1979 kom helsehuset på plass, og knapt tre år seinare, i 1982, var arbeidet med å bygge butikkar og busstasjon kome i gang. Busstasjonen opna same hausten, og dei første nybygde butikklokala stod klåre til bruk i 1983.

Eitt år seinare, i mars 1984, gav journalisten Hans Stette i Sunnmørsposten følgjande statusrapport frå korleis overgangen frå gardsdrift til butikkdrift så langt hadde vore:

«På Moa, der ålesundarane dreiv potetdyrking og stilte opp bydasstønner i endelause rekkjer, der er det no shopping og uplift, solstudio, suntan og trim. Der sjeldne rugder kurra for fem år sidan, kan du når som helst få strukturbehandling og glansvask og bli stripebleika til musikk frå jungeltrommer.»



Av: Ivar Gunnar Braaten, historikar.

Ei bygd i bryting — Viti — Viti