Kunnskap

Du har vel huska å snu primstaven?

I det førmoderne samfunnet nytta ein primstaven til å halde orden på merkedagane gjennom året. Primstaven er eigentleg ein evigvarande kalender. Den er oftast laga av tre, og har innskorne merke som fortel om faste datoar. Kvar dag er markert med eit lite hakk, og kvar sjuande dag har ei særleg markering. Alle heilagdagar og merkedagar er markert med eigne symbol.

En lang primstav i mørkt tre har innrissede symboler og merker langs hele lengden.
Foto: Mirjam Vikestrand / Viti

Primstav frå Sunnmøre museum sine samlingar. Denne primstaven er pryda med riksløva på handtaket, og har tilhøyrt Anton Lerheim sine samlingar.

Primstaven har to sider: ei vinterside og ei sommarside. Ved faste datoar vart staven snudd. 14. oktober er vinternatt, etter den gamle inndelinga av kalenderåret. Denne dagen var starten på vinterhalvåret, og den dagen skulle primstaven snuast.

Dagen er markert på dei fleste primstavar med ein vott. Symbolikken er truleg opplagt: votten viser at det er den kalde årstida som er på veg. Ei alternativ tolking er at det kan vere paven sin hanske som er framstilt som ein vott, sidan 14. oktober også er minnedagen for St. Calixtus. Calixtus, som levde i Roma på 200-talet, er noko så uvanleg som ein slave som vart pave.

Gamle runer er risset inn i en mørk trestav med dekorative hakk langs underkanten.
Foto: Mirjam Vikestrand/Viti

Vi ser votten tydeleg til venstre, som det første symbolet på vintersida av primstaven.

Et par hvite strikkede ullvotter ligger på en lys bakgrunn.
Foto: Line Iversen / Viti

Sjøvottar frå Sunnmøre museum sine samlingar. Sjøvottane var ein del av fiskarbonden si standardutrusting. Dei vart strikka ekstra store, og når dei vart brukt vart dei tova slik at dei vart varme og gode. Desse vottane er truleg frå slutten av 1800-talet. Dei har aldri vore brukte, og er difor ikkje tova. Foto: Line Iversen/Viti

Første vinterdag var ein merkedag for vêret: er det godt vêr denne dagen, kan ein vente ein god vinter. Er det kaldt, kan ein sjå fram mot ein snørik vinter.

Dagen markerte òg at ein skulle sette bjelle på hesten når ein var ute og køyrde, slik at folk kunne høyre at det kom hest i mørket.

En gammel rusten bjelle i jern med firkantet form og buet håndtak på toppen står mot hvit bakgrunn.
Foto: Mirjam Vikestrand / Viti

Hestebjelle frå Skodje.

Om du har huska å snu primstaven kan du la den ligge på vintersida heilt fram til 14. april. Då er det sommardag, og tid for å snu primstaven igjen.

Du har vel huska å snu primstaven? — Viti — Viti