Dompapen - ikkje så dum?

Har du nokon gong blitt kalla, eller sjølv kalla nokon, ein dompap?
Faktisk har dompapen i eldre tysk tradisjon vore eit symbol på dumskap og gagnløyse, sjølv om namnet der har ei heilt anna meining.
Dompap kjem frå tysk «dompfaff» som betyr «domherre», altså kannik, eller prest. I mellomalderen bar desse geistlege ein svart kalott og ei kappe med same farge som brystet til dompaphannen.
Og så har han altså blitt sjølve julefuglen! I godt over hundre år har han pryda julekort, der han gjerne sit i eit kornnek med sitt vakre, raude bryst.
Det er berre hannen som har den raude fargen. Hoa er meir grå, med eit svakt rosaskjær.
Ei legende fortel at dompapen fekk farga si frå Jesu blod, medan han drog torner ut av tornekrona då Jesus hang på korset.
Dompapen er monogam, og para er ekstremt tett knytte til kvarandre. Hadde dei vore menneske, ville vi sagt at dei var svært forelska!
Av di han oftast er å sjå om vinteren, trudde ein tidlegare at dompapen trekte lenger nordover om sommaren. No veit vi at han er her heile året, men han lever svært anonymt og tilbaketrekt i hekketida. Om vinteren derimot, streifar han omkring i store flokkar, på leiting etter mat.
Og, beklager å måtte øydelegge julestemninga, men dompapen vil sjeldan vere å sjå i eit kornnek! Han er slett ikkje glad i korn. Derimot er han svært glad i solsikkefrø og andre feite frø. Om våren et han gjerne blomeknoppane på frukttre og andre blømande tre.
Men altså ikkje kornnek.
Dompapen har ikkje ei stor songstemme, slik som lerka, lauvsongaren eller svarttrasten. Trass i dette er han ein god imitator, og i Mellom-Europa vart han tidlegare oppfostra i fangenskap og trent til å synge korte melodiar. Det kravde tolmod og mange månader med arbeid, men da kunne han lære fleire melodiar og synge desse feilfritt.
I den grad ei slik evne krev intelligens, kan vi altså seie at dompapen slett ikkje er så dum.
Han har òg ei stor evne til å tilpasse seg. På grunn av sansen for frukttreblomar var det tidlegare skotpremie på han i område med mykje fruktdyrking. I desse områda har det vist seg at han blir tydeleg meir sky og forsiktig. Han kan altså gjere seg erfaringar og hugse desse.
Derimot lever han i lukkeleg uvisse om at vi menneske er blitt prega til å sjå på han som ein julefugl, men julekorta vil nok òg i framtida vise han, omgitt av sporv og meisar, sittande i eit kornnek når det nærmar seg jul.
