Kunnskap

Den første påska på Reindalseter

«Hyggeligere turer enn de Turistforeningen arrangerer til hyttene kan en neppe tenke sig», skreiv Sunnmørsposten i 1939.

Påstanden kunne stå godt til dei mange blide andleta på dette biletet, sjølv om det vart teke eit par år tidlegare.

Truleg er det muntre turfølgjet det første av mange storinnrykk i den nybygde Reindalseterhytta i Tafjordfjella, i påska 1937.

Fotografen var Magne Flem (1908-1995), som i løpet av eit langt yrkesliv i Sunnmørsposten både var typograf, fotograf og redaktør. Frå 1930-talet og framover tok han ei rekkje blinkskot som i dag står som viktig kulturhistorisk dokumentasjon.

Trass i stram økonomi i Den Norske Turistforening(DNT) si avdeling Ålesund-Sunnmøre (ÅST) vart det bygd ny hytte i Reindalen i Tafjordfjella i 1935.

Arbeidet var krevande. Materialen, som skulle langt til fjells, vart handtert heile 35 gonger før den var framme. Deler av turen vart den frakta med løypestreng, med eit spenn på 800 meter.

Sommaren 1936 stod hytta ferdig, og 1.juli vart den høgtideleg innvigd. Sunnmørsposten sin utsending rapporterte levande frå turen opp: «I de bratte kneikene blev der sikkert liggende igjen mangt et kilo overflødig Ålesunds-flesk, samlet på kontorkrakken eller i sjefsstolen.»

Vel framme fekk dei frammøtte oppleve nybygget, som i følgje same journalist var «gjennemført i sunnmørsstil, enkelt, vakkert, rent, probert og hyggelig, kort sagt en prektig hytte».

Med 34 soveplassar var Reindalseter ÅST si største hytte til då. Sidan har den blitt utbygd slik at den no kan ta imot nærare 80 overnattingsgjestar som vil oppleve det eventyrlege landskapet høgt til fjells.



Forfatta av: Torbjørn Akslen, historikar.

Litteratur:

  • Sunnmørsposten 26.08.1935, 24.06.1936, 06.07.1936 og 17.06.1939
  • Høidal, Eldar 2018. Folket og fjella. Ålesund-Sunnmøre Turistforening i 130 år.
Den første påska på Reindalseter — Viti — Viti