Kunnskap

Del 5: EXIT Buholmen

Det hastar med å ta ned husa i Klaus Nilsens gate. I februar 1978 har Sportsklubben Guard begynt å plukke ned hus nummer 11. Dører vert tatt vare på og tømmeret vert merka. Etterpå skal nummer 3, 5 og 13 takast ned. Gata skal vike for den nye innfartsvegen til Ålesund.

En gruppe står på tømmerbjelker ved et hus under konstruksjon i en norsk kystby.
Sportsklubben Guard i full gang med ta ned husa på Buholmen. F.v. Svein O. Grønvik, Mandor Torvik, Einar Welle, Odd Egil Nøstdahl, Per Schølberg. Skjermdump SA 06. mars 1978. Fotograf ukjent.

Året 1978 er det store tidsskiljet for Buholmen. Det var då bilane på innfartsvegen, Ålesundsvegen, dundra over Klaus Nilsens gate. Det kom ikkje som ei overrasking.

Presset på bydelen starta hundre år tidlegare, med toget. 24. september 1875 la ingeniørane Hansen, Crawdur og Almberg fram forslaget til togtrase mellom Romsdal og Ålesund. Dei meinte endestasjonen burde leggast til Buholmen (1). Folk i Ålesund syns ingeniørane mangla lokalkunnskap, for Buholmen låg for langt frå den eigentlege hamna (2). Arbeidet med å taksere området til jernbanestasjon kom så smått i gang, men prosjektet stoppa opp (3).

Men jernbanesaka slingra vidare. I 1913, året etter at bygginga av Raumabanen hadde starta, vart det halde ingeniørkonkurranse om utforming av nytt hamneområde og jernbane til Ålesund. Fleire av dei 30 forslaga som kom inn ville valse over Buholmen. Håpet om tog til Ålesund levde til litt ut på 1920-talet, men spora av på grunn av depresjonen.


Ein holme blir innfartsveg

Sjølv utan tog skjedde det ting på Buholmen. Dei første utfyllingane av holmen starta på vestsida i 1920-åra. Midt i sundet mellom Buholmen og Røysegata låg Skjæret. Skjæret vart gradvis fylt ut, og flata blei møteplass, arbeidsplass og leikeplass. Her kom også eit offentleg urinal. Parkeringsplassen rett sør for Røysegata 13 og 15 ligg på det som før var Skjæret.

På flyfotoet frå 1947 ser vi at både sundet og Skjæret er utfylt. Klaus Nilsens gate ligg ytst på Buholmen, og Røysegata endar mot Blixvalen.

På flyfotoet frå 1957 er Meierikaia utvida langs heile yttersida, og vi kan sjå det nye ferjeleiet mellom Ålesund og Hareid på Blixvalen. Det opna i 1956 (4). På dette tidspunktet hadde diskusjonane om ny hovudveg til Ålesund starta. Den aukande bilismen førte til kødanning og ulykker. På 1960-talet hadde vegambisjonane blitt firefelts motorveg, og fleire trasear vart diskutert (5). Nesten alle alternativa skulle over Buholmen.

Flyfoto viser den planlagte innfartsveien til Ålesund med to alternative ruter markert med hvite li.
Mogelege traseval for motorveg til Ålesund. Skjermdump Smp, 02.11.1963

Diskusjonane fortsette på 1970-talet. På flyfotoet frå 1970 er Røysegata ført vidare over Blixvalen, langs sjøsida utover mot sentrum. Det har ikkje skjedd så mykje nytt på Buholmen, men vi ser at det er fleire bilar i gatene. I avisene går debatten om miljø, trafikksikkerheit, effektiv transport og motorveg eller ikkje. Frå 1974 vart firefelts motorveg skrinlagt (6).

Den 15. desember 1978 opna den nye innfartsvegen. På flyfotoet frå 1982 ser vi at den nye Ålesundsvegen svingar utanom Røysegata, mellom meierianlegget og rett gjennom Klaus Nilsens gate. For dagens lesarar: Når du i dag tek av frå innfartsvegen og inn til Meierianlegget frå vest, køyrer du rett over sundet der Buholmfiskarane hadde båtane sine.


Redd Buholmen

Den planlagde rivinga av bydelen vekte kjensler, og ei gruppe frå Aalesunds museum gjekk saman for å bevare fire av husa i Klaus Nilsens gate. Nummer 3, 5, 13 og 11 vart valt.

Eitt av tiltaka for å skape merksemd kring bydelen og verneprosjektet var ei spesialutgåve av byvandringa. Søndag 30. oktober 1977 arrangerte Aalesunds museum ved Harald Grytten og Oscar Larsen byvandring til Buholmen. Det vart rekorddeltaking med 3-400 menneske.

Bevaringsgruppa hadde det travelt, for husa måtte vere rivne seinast 18. april 1978 (7). Det var sportsklubben Guard som tok på seg rivejobben, til inntekt for klubben. PR-sjef i Guard, Einar Welle, fortalte at rivinga gjekk raskare enn forventa (8).

Planen var så å gjere husa om til moderne bustader ein annan stad i byen. Ein ville ikkje at husa skulle verte ein spøkelsesby. Det var fleire forslag til plassering, og Grimmerhaugen ved Aalesunds museum og Sunnmøre museum var dei mest aktuelle (9).

Aalesunds museum fann det vanskeleg å løyse dei juridiske utfordringane med å bygge private bustader på museumsområdet. Finansieringa av prosjektet var også vanskeleg. Dermed stoppa det opp, og bygningsdelane etter dei fire husa vart liggande på Aalesunds museum.



Flytting til Sunnmøre museum
Ting tek tid, og ikkje før i 1984 skjer det noko med materiala på Grimmerhaugen. Då tek Stiftelsen Gamle Aalesund kontakt for om mogeleg plassere husa på Sunnmøre museum. Det var interessant for museet fordi ein såg det som ei verneoppgåve å ta vare på eit kulturminne frå det gamle Ålesund, og også å vise ein typisk tettstad på kysten.

Stiftelsen Gamle Aalesund ga pengar til reising av eitt hus. Dåverande avdelingsleiar ved Sunnmøre museum, Einar Fagerli, såg over materiala på Grimmerhaugen, og meinte at Klaus Nilsens gate 11 var best bevart av dei fire husa.

Tomte- og murarbeidet kom i gang hausten 1988, og huset vart reist i løpet av 1989. Sidan den opphavelege tanken hadde vore å setje opp husa som moderne bustader, var det lite igjen av interiørdetaljane. Interiøret i nummer 11 er derfor rekonstruert på grunnlag av intervju med folk som kjende huset og generell kunnskap om perioden. Huset vart plassert i eit gateløp på Hegreholmen i Katavågen, ilag med andre kulturhistoriske bygningar frå Sunnmøre.


Buholmen inn i tidskapselen

Det skjer noko når ein stad forsvinn. Folk har formidla mange minner frå bydelen opp gjennom åra. Klaus Nilsens gate er kapsla inne av tida, men vi får nokre glimt frå dei som var der.

Ein av desse er Trygve Meyer (f. 1946). Foreldra hans vaks opp på Buholmen, og han fortel om den gongen tidleg på 1950-talet då han var ein liten gut på besøk hos slektningane i nummer 11. Han sit på trappa og følgjer nysgjerrig med på dei som kjem på døra til slumsøstrene. Slumsøstrene leigde i nabodelen av huset på denne tida, og dei delte ut gratis mat til trengande (10).

Ei anna er Anne Brita Høghell som budde på Buholmen under krigen og litt ut på 1950-talet (11). Slumsøstrene dukkar opp i hennar forteljing også, i tillegg til det rette fine gateløpet i Klaus Nilsens gate. Gata var perfekt for å slå lyre. Der var også fleire kolonialforretningar, og borna sverma kring fru Gåseide i frukt og tobakksforretninga (12).

Og så var det alt som skjedde ved kaiene: Borna som stimla til meierikaia når fjordabåtane kom med mjølk og folk, eller sparka ball på Skjæret i Buholmsundet. Vi må heller ikkje gløyme tida før Jonsok så borna hjalp til med å samle material til bydelsbålet Bollaren, ute på Bålholmen. Alle frå Buholmen song sjølvsagt «Bollaren lenge leve – Kjerringa dø»! (13).

Dei siste generasjonane som hadde barndomen sin på Buholmen fekk med seg at dei gamle husa var frå ei anna tid, i kontrast til alt det nye som skjedde i byen. Ingen av husa hadde toalett, og klesvasken vart kokt over grue i kjellaren. Dei formidlar ei stemning som er borte for alltid.


Exit Buholmen?

Hvitmalt trehus med brune vinduskarmer står ved vannkanten på betongfundament under en dramatisk hi.
Klaus Nilsens gate 11, Sunnmøre museum. Foto: Viti

Hittil er denne artikkelen skriven som om Buholmen er vekke. Det stemmer faktisk ikkje. I 2024 er 55 personar og 39 firma oppført i Gule Sider i Klaus Nilsens gate. Truleg er det endå fleire. Tine meieri er framleis ein stor arbeidsplass. Det skjer altså mykje på Buholmen kvar dag.

Tenk på det neste gong du køyrer over Klaus Nilsens gate på veg til bysentrum. Buholmen har endra seg og den gamle gata er vekke, men om du lengtar, eller er nysgjerrig, kan du i alle fall besøke Sunnmøre museum. Der står framleis Klaus Nilsens gate 11. Set deg på trappa, eller ta ein tur innomhus.

NOTAR

  • (1) Aalesunds tidende 25. september 1875
  • (2) Aalesunds tidende 4. august 1875 og Aalesunds tidende 28. september 1975
  • (3) Aalesunds blad 8. februar 1876
  • (4) Grytten 1997, s. 28
  • (5) Sunnmørsposten 2. november 1963
  • (6) Sunnmørsposten 25. januar 1974
  • (7) Smp 22. oktober 1977 og Smp 01.november 1977
  • (8) SA 06.03.1978
  • (9) SA 3. april 1976
  • (10) Intervju Trygve Meyer 10.12.23
  • (11) Smp 28. april 1978
  • (12) Truleg kjøpmann Arthur B. Wennersberg sine butikkar og en gros. Wennersberg har fleire generasjonar handelsfolk etter seg i byen.
  • (13) SA 21. juni 1978

KJELDER

  • Gule sider. Sett 04.03.24
  • Sæther, Per Sæther,«Buholmhus i tettstadmiljø på Sunnmøre museum», Gavlen 1989 Vol 9 nr 1
  • Grytten, Harald, Byleksikon I, Litt om mye i Ålesund, Sunnmørsposten Forlag, 1997
  • Sunnmørsaviser i Nb.no
  • Digitaltmuseum.no
  • Intervju Trygve Meyer 10.12.23
  • Viti sitt fotoarkiv
  • Adressebok for Romsdals amt
Ingvil Eilertsen Grimstad

Ingvil Eilertsen Grimstad

Adm. og leiing: Avdelingsdirektør kulturhistorie

917 69 356 / ingvil@vitimusea.no

Del 5: EXIT Buholmen — Viti — Viti