Kunnskap

Del 3: Jul på Buholmen

En nostalgisk julestue med pyntet grantre, rød fløyelsofa og rundt bord med rød duk ved siden av et.
Jul i Dybhuset på Sunnmøre museum. Det var lite igjen av det opphavelege interiøret då museet tok over huset. Museet valte å lage eit tidsbilete frå ca 1910. Foto: Viti

Martha Ystenes har vatn i munnen (1). Ho er ute i «vaskarhuset» på nordsida av Klaus Nilsens gate 11, og ser etter kjøtet. Spekekjøt og heile skrottar av får og gris heng frå taket. Alt ser bra ut, men kvinnene har det travelt. 1910 er på hell, og det er berre få dagar til julaftan.

Klede og dukar har blitt reparert, vaska og rulla. Spiskammersa er fylt av frukt, julekaker, flatbrød og kolonialvarer. Men det er mykje som står att.

Mennene har det ikkje like travelt sidan det er ei pause i fisket på denne tida. Husfaren Arnt Ystenes brukar kan hende tid i naustet, og kanskje har han hemmelege snikkararbeid til å legge under juletreet. Familien Ystenes held til i venstre del av huset og Dyb bur i den høgre.

Rike fellesskap
Ystenesborna Martin (12), Elisabeth (9) og Karl (8) gler seg til både kvelden og gåvene. Mor Martha har laga julegåver, nye strømper eller eit fint plagg.

Kanskje får dei også noko frå dei to syerskene som leiger hos dei for tida. Dei lagar klede til fine damer, men veit også at ein blondekrage, ein rosett eller ei fjør kan pynte opp ein enkel kjole, hatt eller jakke.

Ein av dei ugifte sønene på loftet til nabofamilien, Jacob Dyb, har skomakarverkstad. Ingen trengde gå med holete upussa sko til jul i Klaus Nilsens gate 11.

Byjul
Ei stund tilbake hadde Martha og borna vore ute i byen, i butikken til Moses Steinfeldt i Skansen. Borna må ha gjort store auge. Her var alt som kunne sette eit barnehjarte i ekstase: ridehestar, dokkevogner, masker, munnspel og mykje meir. Det gjer inntrykk på Martha også, for når ho tenker på oppveksten sin på garden Skyttarholmen på Blindheim er det som ei anna verd.

I byen kappast butikkane om å selje gåver og utstyr, og det bognar i butikkvindauga. Juleførebuingane var nok også meir strevsame før, med alt som skulle gjerast på garden og utan elektrisk lys. Den gongen var det heller ikkje vanleg med juletre. Nokre meinte at treet var styggefære.

Men no var det nye tider. Dei skulle ha gran i stova på Buholmen, med glitter, papirlenker, lys og julekorger. Korgene skulle ho fylle med godteri som rosiner, sukker eller julemannar, og ho gler seg til å pynte treet ilag med borna.

Kongensgade i Ålesund viser en travel bygate med flotte jugendbygninger og folk som samles på forta.
Det var mykje å sjå i Kongens gate. Bilde frå 1908. Foto: Albert Gjørtz / Viti sine samlinger

I ei sky av mjøl
Familien Dyb er glad i mat. Det er husmor Petrine som står for flatbrød- og lefsebakinga, men ikkje åleine. Dei siste vekene har dei stadig hatt besøk av slektningar frå Godøya som har delteke i julebaksten.

Den som kikar inn i kjellaren medan flatbrødbakinga står på, vert møtt av ei sky av mjøl. Baking og matstell er profesjonalisert i Dybfamilien. Den eine sonen, Lauritz, var bakar og ein annan, Olaf, arbeidde på Aalesunds margarinfabrikk.

Et formelt familiefotografi fra 1800-tallet med foreldre og seks barn i viktorianske klær.
Familien Dyb i 1880 – åra. f.v. Olaf, Ole med Nikka på fanget, Jakob b.t.v Dina og Lauritz. Mor Petrine har Ragna på fanget. Foto: Ukjent / Viti sine samlinger - gitt av Hjørdis Dyb og Ragna Dyb Godø.

Julehelsing frå Pierce Street, Minneapolis
Når dei ikkje hadde besøk, var det stillare inne hos Dyb enn hos Ystenes. Dei seks borna til Petrine og Ole Dyb var vaksne, men Nikka, Dina, Jakob og Olaf budde framleis heime.

Ragna hadde fått jobb som hushjelp hos advokat Brøgger i byen. Lauritz var i Amerika. På ein tur tilbake til Ålesund gifta han seg med Anna Oline Festø. Då dei to reiste tilbake til Minneapolis i 1906 låg eldstedottera deira Hjørdis i magen. Lauritz fekk arbeid som bakar der borte, og fortsette med det då dei flytta heim til Ålesund 1913.

Denne jula, i 1910, går tankane til Petrine og Ole ofte over Atlanteren. Det er sannsynleg at dei får amerikabrev no ved juletider, og at det dei les gjer inntrykk. Lauritz og Anna skriv om livet med to små døtre i Pierce Street i Minneapolis, eit rådhus så stort som ein koloss, trikk og mange bilar i gatene.

Nicollet Avenue i Minneapolis viser travle butikker og biler fra tidlig 1900-tall i solnedgangslys.
Postkort frå Minneapolis, sendt som julehelsing frå utvandra sunnmøring til slekt på Vatne i 1910. Her var også Lauritz Dyb og familien frå 1906 til 1913. Foto: Potter-Hibbard Co. / Viti sine samlinger

Julekvelden
Det er tid for å setje seg ved bordet. Inne hos Ystenesfamilien leitar Arnt fram Bibelen og les frå juleevangeliet. Born og vaksne sit i finstova rundt det runde bordet med kvit duk, tende lys og drypande fåreribbe.

Kanskje sender Arnt, som akkurat har blitt 63 år, ein tanke til dei han har mista. Det er førstekona Marie, dottera Laura og sonen Martin Ludvig. Han er takksam for alle dei som sit i stova rundt han, også den første ungeflokken som no har starta vaksenlivet.

Akkurat denne kvelden er det heilt stille i Klaus Nilsens gate. Folk held seg inne og ingen vindar riv i møna. Gatelyktene skin og det dei tende stovelampane lyser frå vindauga.

Også i kystbyen Ålesund skjer det som skal skje på julekvelden. Eit steinkast frå Buholmen, i Fjellgata, vert det fødd ei lita jente, Astrid Regine Vestnes.

No kan borna opne gåvene.

NOTE

  • (1) Folk og stader i denne forteljinga er ekte, men kva dei har tenkt og gjort desse juledagane i 1910 er forfattaren si førestilling.

KJELDER

  • Intervju med Ragna Dyb Godø og Hjørdis Dyb, 19.11.1991 v/ Per Sæther, Sunnmøre museum
  • Kyrkjebøker for Ålesund
  • Immigrantlister Ålesund
  • Folketelling Ålesund 1900, 1910
  • Adressebok for Romsdals Amt 1909
  • Jul på Sunnmøre, fleire årgangar
  • Juletreet i Norge, Lilly Weiser Aall, Norsk Folkemuseum 1953
  • Informant Trygve Meyer, 13.12.23
  • Sunnmørsposten / Romsdals budstikke / Aftenposten / BT 1910
  • «Sangen i Eilat», Monrad Norderval, 1968
  • «Familien Steinfeldt – da byen gråt», Therese Alvik, 2013
  • Amerikabrev frå Knut J. Standal, Jul på Sunnmøre 1975
Ingvil Eilertsen Grimstad

Ingvil Eilertsen Grimstad

Adm. og leiing: Avdelingsdirektør kulturhistorie

917 69 356 / ingvil@vitimusea.no

Del 3: Jul på Buholmen — Viti — Viti