Del 2: Ei forferdeleg ulykke rammar Buholmsundet

Det er tidleg morgon torsdag 13. august 1885. Fiskarane på Buholmen og Buholmsundet er tidleg oppe. Dei skal på linefiske på Storegga, åtte mil ute i havet. Det bles frisk bris og veret ser ikkje trygt ut. Nokre vel å vente nokre timar, i tilfelle vinden skal spakne. Kanskje tenker dei: Kor gale kan det bli? Det er jo sommar.
Mennene går i båtane som ligg tett i tett i det lune sundet på innsida av Buholmen. Dei riggar seg med utstyr, mat og drikke og set seg ved årane. Seks mann i seksringane, og mellom to og fire i dei mindre. Kanskje er der ein og annan førstereis, men høvedsmennene er erfarne og trygge.
Også dei som er igjen på land, er van med dette. Vi tenker likevel at ei og anna i husa på Buholmen kastar eit blikk på Borgundfjorden når segla kjem opp og båtane sklir utover. 40 båtar går ut frå Ålesund, og dei har god bør med nordavinden.

Eit «hvirvelcentrum» nærmar seg
Det hadde vore ei stor utvikling innan vermeldinga dei siste tiåra. Frå 1870-talet hadde telegrafstasjonen i Ålesund vore knytt til eit nettverk av observasjonspostar og telegrafstasjonar, i inn- og utland. Det betydde mykje for tryggleiken til fiskarar, losar og sjøfarande.
Vermeldingane kom inn tidleg om morgonen, og vart slått opp ved telegrafstasjonen i Storgata. I tillegg vart det sett fram barometermeldingar, tre stader i byen (1). Meldingane var mykje meir usikre enn i dag, og det var heller ikkje alle som fekk dei med seg før dei drog ut.
I Aftenposten denne morgonen kunne ein lese at «Et hvirvelcentrum har beveget sig hurtig fra Vest i nordøstlig retning over de britiske øyer, og staar i dag udenfor Norges Vestkyst. Søen urolig i Skagerak og mellom Norge og Skottland.» (2). Mennene i båtane hadde nok ikkje fått med seg denne meldinga. Dei måtte stole på erfaring og det dei kunne om vindretningar og verteikn.
Det gjekk godt heile vegen ut, men utpå dagen mørkna det vest i havet. Det var som ei raudbrun sky i horisonten. I åttetida vart dei ramma av nordvesten, med voldsom sjø og torever. Dei fleste av båtane snudde då uvêret tok til, men sju av båtane hadde sett ut reiskapen, og heldt fram (3).
Tre svarte døgn
Allereie dagen etter kan vi lese i Bergens Tidende at stormen hadde gjort stor skade på skip i hamna i Bergen (4). Nyheita om forlisa utanfor Ålesund nådde avisene først 15. august.
I Aalesunds Handels og sjøfartstidende kan vi lese at sju båtar og 37 menn var sakna. Talet vart sidan endra til 33 (5).

I Ålesund hadde dei begynt å ane uråd utover kvelden og natta ulykkesdagen. Fiskarane som hadde vendt heim, må ha fortalt om dei tøffe forholda. Men kanskje ville dei ikkje uroe dei som ikkje hadde fått heim sine unødig.
Det første livsteiknet kom eitt døgn seinare. Det britiske frakteskipet «Hero» hadde plukka opp ein av fiskarane, Peter K. Lausund, i live. Han hadde klamra seg fast til ei åre, og var så sliten at han ikkje orka å ta tak i tauet som vart kasta ut til han. Ein av mannskapet hoppa i sjøen og fekk han om bord (6).
No hadde det også begynt å dukke opp tome båtar og vrakrestar langs strendene. Den tredje dagen vart endå ein fiskar funnen i live. Peder Gundersen blei hjelpt opp på Blindheimsanden på Vigra.
Når han endeleg kom til hektene, fortalde han ei utruleg historie. Båtlaget hans fiska etter lange og kveite på Sva-tongane, då uveret kom over dei. Dei kappa garna og tok til å segle mot land, men nord for Runde gjekk det galt. Båten gjekk rundt og dei fire andre mennene forsvann i havet.
Gundersen klarte, utruleg nok, å snu båten, få mastra om bord og balansere henne på tvers over toftene. Slik dreiv han omkring i tre døgn, før han vart redda utanfor Vigra.
Den 17. august vart Knut Simonsen Lystad funnen omkomen. Han vart skylt i land på Hjørungneset, i Hareid. Han var surra fast i mastra (7).
Ingen av dei andre fiskarane kom tilbake. Nesten alle hadde budd i bydelen Buholmen/Buholmstrand. Dei etterlet seg 29 enker og 113 barn. Dette var folk som levde i enkle kår, og som var avhengige av kvarandre. Ein kan eigentleg ikkje fatte den fortvilinga og nauda menneska på Buholmen har kjent på i desse dagane.
Hjelp til enker og barn
Bydelen, Ålesund, og heile Sunnmøre vart ramma av tragedien. Dei fleste på Buholmen var jo innflyttarar frå bygdene og fjordane. Det var knappast ei bygd som ikkje hadde mista nokon.
Sunnmørsposten trykte eit «Opprop om støtte til enkene og borna» på førstesida, kvar dag ut månaden. Pengane strøymde til frå lokalsamfunna, andre byar, kjendis-Norge, sunnmøringar i Amerika, Kongen og Dronninga, Henrik Ibsen, norske båtar i Montevideo og den berømte svenske operasongarinna Christina Nilsson, for å nemne nokon.

Eitt tiltak kan med dagens auge verke underleg: Berre ei veke etter ulykka vart det halde ball på det flunkande nye Grand Hotell i Molde, til inntekt for «enker og foreldreløse etter stormen i Aalesund» (8).
Til saman fekk ein samla inn 57 652,38 NOK. I dagens pengeverdi er dette over fem millionar kroner.
Ein komité fordelte pengane mellom enkene og borna til dei omkomne. Det må ha kome godt med. Livet blei aldri det same, men det måtte gå vidare.

NOTAR
- (1) Aalesunds blad 04.09.1885
- (2) Aftenposten 13.08.1885
- (3) Smp 12.08.1935 Intervju med overlevande Peter K. Lausund
- (4) Bergens Tidende 14.08.85
- (5) Ålesunds handels og sjøfartstidende 15.08.85
- (6) Smp 12.08.1935
- (7) Smp 12.08.1935
- (8) Romsdals Budstikke
- (9)”Skulptur og relieff på offentlig sted i Ålesund”. Grytten/Dalhus/Dalhus, 2012
KJELDER
- Ulike utgåver av Sunnmørsposten og Aalesunds blad

Ingvil Eilertsen Grimstad
Adm. og leiing: Avdelingsdirektør kulturhistorie
917 69 356 / ingvil@vitimusea.no