Del 1: Folk og fe på Buholmen
Buholmen var ein av fleire holmar i øylandskapet Ålesund. På Krums kart frå 1898 ser vi korleis holmen såg ut, før dei store utfyllingane.

Holmen ligg på sørsida av byen omtrent der Meierikaia er i dag, og litt omtrentleg var han 200 meter lang og 100 meter brei.
På kartet har det kome bru over sundet til Nørvøya, og vi tel 13 hus (1). Gata heitte Klaus Nilsens gate, etter ein handelsmann som levde på 1600-talet. I følgje presten Hans Strøm var Nilsen oppfinnaren av torskegarnet. Det kan kanskje hende.
Namnet Buholmen
Buholmen fekk namn lenge før det flytta folk dit. Truleg kjem namnet av at fjordafolket kom og let bufeet sitt beite her, før turen gjekk vidare til slakting i Ålesund.
Holmen var heilt omflødd, sundet var djupt og fjordbøndene kunne kjenne seg trygge på at bufeet ikkje stakk av garde. Der var gras, men det var snautt med høgre vekstar.
Dei første busetarane
Dei første folka som busette seg på holmen var truleg Bernt Olsen Buholm f. 1795 frå Melset i Sykkylven og Ragnhild Nilsdotter f. 1793, frå Sula (2).
Dei fekk fire barn, og dei må ha busett seg på Buholmen nokre år før nest eldste dottera, Randine, vart konfirmert i 1838 (3). Året etter døydde Ragnhild, 46 år gamal.
Bygdefolket kjem
Bernt fekk både ny kone og nye naboar, for kystbyen Ålesund vaks. I 1885 hadde byen 7500 innbyggjarar, ei fordobling i løpet av tjue år. Og det fortsette.

I 1904 var folketalet 12 000. Buholmen er som eit lite tidsbilete av kystbyen. Då budde der nemleg folk frå heile Sunnmøre: Frå Herøy, Norddalen, Volda, Borgund, Ulstein, Hareid, Skodje og meir.
Dei fleste var fiskarar, sjøfolk og husmødre, men her var også fabrikkarbeidarar, snekkarar, skomakarar, paraplyreparatørar, verftsarbeidarar, syersker, butikkarbeidarar og tenestejenter. Ein kan trygt kalle Buholmen anno 1904 eit arbeidarstrøk.
Det var lite storfolk på Buholmen. I Klaus Nilsens gate budde det mange som hadde brote opp og søkt eit nytt liv i byen. Jordbruk og fiske gav ikkje lenger nok arbeid på bygdene for dei store barnekulla.
Nokre reiste til Amerika, men mange fleire reiste til byen – eller Buholmen.
Klaus Nilsens gate 11
Til Buholmen kom også to familiar frå Godøya: Arnt Karlsen Ystenæs og Marie Johansdatter Ystenæs, og Ole Kristian Dyb og Petrine Severine Larsdatter Dyb (f. Alnæs). Dei reiste huset sitt i Klaus Nilsens gate 11 i 1879.
Det er dette huset som i 1989 vart flytta og reist på Sunnmøre museum. Meir om korleis huset hamna der les du i del fem; Exit Buholmen.

Sunnmørske byggetradisjonar
Godøyingane følgde sunnmørske byggetradisjonar og reiste huset på ein grunnmur av naturstein i lafta tømmer som dei kledde med liggande panel.
Det gjekk ei trapp inn til huset midt på, der ein kom inn i ein gang og eit kjøken. Her gjekk det også ei trapp til halvetasjen oppe. På begge sidene var det like store stover og kammers, ei side for kvar av dei to familiane.
Dei måla huset gulkvitt med brune vindusramer og dørparti. Her var verken bad eller vassklosett, men utedo i bakhagen (4). Slik budde dei fleste på Buholmen, og elles i Ålesund for den del.
Det var ikkje storslagent, men det var born i gata, arbeid i fabrikkane og gode fiskeår. Men snart skulle ei stor ulykke ramme dei…
KJELDER
- (1) N.S. Krum 1898
- (2) Digitalarkivet: Kirkebøker og folketellingar Borgund
- (3) Sunnmøre arbeideravis 28. mars 1949 og folketelling 1870
- (4) Sæther, Gavlen 1989

Ingvil Eilertsen Grimstad
Adm. og leiing: Avdelingsdirektør kulturhistorie
917 69 356 / ingvil@vitimusea.no