Dekorasjon og ornament i jugendstilen
Forfattar: Signe Elvik Svoen, konservator
Denne artikkelen er ein del av vår «Rettleiar for jugendstilarkitektur». Rettleiaren består av fleire delar, og denne artikkelen høyrer til «Tilrådingar for arbeid på jugendstilhus». Alle delane inneheld verdfull informasjon for dei som arbeider med eller eig jugendstilarkitektur. Du bør lese alle delane for å få best mogleg utbyte.
Les meir om våre tilrådingar for dekorasjon og ornament ved å bla deg vidare nedover, eller undersøk andre tema i rettleiaren vår ved å nytte linkane nedanfor.

Dekorasjon og ornament
I motsetning til mange andre land i Europa er jugendstilen i Noreg ofte sparsamt dekorert. Mykje av estetikken i stilen kjem av formgrep som avrunda hjørne og form og plassering av bygningselement.
I den grad det er brukt reint dekorative element, er desse elementa som regel avgrensa og plasserte på nøye utvalde område i tilknyting til konstruksjonselement. Dei kan for eksempel vere plasserte rundt vindauge og dører, i etasjeskilje og takkantar.

Sjølv om mengda av dekorasjon er sparsam, er breidda av dekorasjonstypar stor. Det kan vere snakk om alt frå enkle geometriske former til utskorne groteskar i stein eller tre.
Ettersom jugendstilen ofte er så sparsam med dekorative element, er dei desto viktigare. Ei enkel linje i murpussen kan ha enorm estetisk innverknad på ein fasade utan annan dekorasjon. Dei meir forseggjorte dekorasjonane var ofte utførte av svært kyndige handverkarar og kan ha stor verdi i seg sjølv.
Ein annan faktor som er viktig å hugse på, er at mange av dekorasjonanen kan ha ein teknisk funksjon. Profilar og lister i fasaden kan ha hjelpt til med å leie vatn vekk frå fasaden, og ein kan derfor få problem med fukt dersom dei blir fjerna.
Sidan jugendstilbygningane blei reiste, er det mange av dei som har mist den originale dekorasjonen. I dag legg ein heldigvis større vekt på bevaring av slike dekorasjonar og av den immaterielle kulturarven som handverket er. Dette gjer det lettare å vedlikehalde, reparere og gjenskape dekorasjonar.

Istandsetjing og restaurering
Tradisjonelle bygningselement er ofte laga av gode materiale som kan reparerast, og dette kan òg vere tilfelle for ornament. Som regel er det mogleg å reparere dei skadane som oppstår, så lenge ein ikkje ventar for lenge.
Det er òg viktig å nytte handverkarar som har god kjennskap til dei teknikkane og materiala som blei nytta i jugendstilperioden.
I tilfelle der dekorasjonen er dragningar eller innriss i sjølve murpussen, må ein vere nøye med at dei ikkje forsvinn. Dersom ein må påføre ny overflatebehandling, er det viktig at ho gjenskaper den originale overflata og dekorasjonane som låg i den. Ein må òg passe på at nye målingslag ikkje fyller opp innriss og profilar som ligg i murpussen.
Materialval
Les meirLukk
Ved restaurering av skadde ornament og dekorasjonar på murbygningar bør ein unngå moderne, sementbaserte materiale. Slike materiale fungerer dårleg saman med dei originale materiala som blei nytta. I mange tilfelle vil kalk og kalksement vere det beste alternativet.
For ornament i tre, metall og stein er det også lurt å søkje materiallikskap, både av estetiske og av tekniske årsaker. Forskjellige tresortar har ulike eigenskapar, og ein er derfor best tent med å nytte same tresorten og tilsvarande materialkvalitet som den originale. Det same gjeld stein og metall.

Nyproduksjon
I nokre tilfelle er skadane så store at det ikkje er mogleg å redde det originale ornamentet. Då er det viktig at ein hentar inn ein spesialist som kan ta ned ornamentet og bruke det til å lage ein kopi.
Ein gipsmakar kan lage ei støypeform basert på originalen, og støype ein kopi i det ønskte materialet.
Dersom det originale ornamentet er utskore i stein eller tre, er det tilrådd å hente inn ein steinhoggar eller treskjerar til å lage eit nytt ornament i tilsvarande materiale som originalen. Det vil vere meir kostbart enn å få støypt ein kopi, men ornamentet vil halde seg langt betre, og det er ein markant forskjell i uttrykk mellom utskorne og støypte element.
Dersom det originale ornamentet er gått tapt, kan ein leite på teikningar og historiske fotografi for å finne dokumentasjon på korleis ornamentet såg ut. Mange av handverkarane som er spesialiserte på ornamentikk, kan gjenskape ornament basert på slik dokumentasjon.
Grunnlag for reproduksjon
Les meirLukk
Dersom dei originale ornamenta eller dekorasjonane er gått tapt, kan du undersøkje om det finst dokumentasjon i form av teikningar eller foto.
Høyr med byggjesakskontoret i din kommune for å få tak i originalteikningar av bygningen. Dersom teikningane manglar eller ikkje inneheld informasjon om ornament og dekorasjon, kan du høyre med lokale kulturhistoriske museum om dei har historiske fotografi frå området.
Du kan òg leite sjølv på digitale plattformer, for eksempel Digitalmuseet eller Digitalarkivet.
Ofte kan private arkiv innehalde detaljteikningar eller historiske fotografi som ikkje er tilgjengelege andre stader. Leit etter eit arkiv i bygningen eller høyr med etterkomarane av den originale byggherren om dei har noko liggjande.
Dersom ein ikkje greier å finne nokon god dokumentasjon av originalelementa, kan ein òg kikke på andre tilsvarande bygningar designa av same arkitekten frå same tida. Sjølv om ein ikkje er sikra at ornamenta blir heilt like dei originale, blir dei i det minste stil- og tidskorrekte.


