Byens bursdag
Han kom aldri til Ålesund. Det næraste skal ha vore Bergen, der han var innom i 1833. Sjølv om turen dit var eit unntak, og han stort sett drog til Kristiania, var oppslutninga om unionen med Sverige på sitt høgste blant nordmennene under kong Oscar 1., frå 1844 til 1859. Oscar 1. var ein aktiv konge, som engasjerte seg direkte i styringa av dei to rika.
Populariteten hans, også her i landet, vart stadfesta av den nykrona kongen si «morgongåve» til det norske folk: Her avgjorde han symboltunge saker som lenge hadde skapt splid. Blant anna vart nye flagg for dei to rika tekne i bruk; med eitt, felles unionsmerke, den såkalla «sildesalaten».
Oscar 1. innførte også St. Olavs Orden, den første norske orden, i 1847. Innføringa var viktig for å understreke jamstillinga mellom dei to landa i unionen. Samstundes var namnet ei anerkjenning av at Noreg hadde ei eiga, sjølvstendig soge, som kunne førast langt tilbake i tid.
Året etter at St. Olavs Orden var innført, 13. april 1848, underteikna kongen resolusjonen om «Ladestedet Aalesunds Overgang til Kjøbstad».
Den politiske prosessen som førte fram til dette vedtaket, hadde starta tre år tidlegare: Den 16. juli 1845 gjekk eit einstemmig kommunestyre inn for å søke staten om å gjere Ålesund til kjøpstad.
Søknaden vart tilrådd av amtmannen, og, 11. august 1847, slutta Indredepartementet seg til: I si innstilling understreka Indredepartementet at næringslivet på staden var i jamn vokster. Drivkrafta i utviklinga var eksporten av klippfisk, som auka år for år.
Også byhistorikar Odd Vollan peikar på at bystatusen i 1848 var ei politisk stadfesting av det som allereie var eit økonomisk faktum: Ålesund var på dette tidspunktet ein handelsby; særleg utvikla etter at utvida kjøpstadsrettar, som staden fekk i 1824, gjorde det mogleg å handle direkte med utlandet.[1]
Formell status som kjøpstad, eller by, var like fullt viktig: Ikkje minst gjaldt å på plass ein kommunal administrasjon som kunne handtere voksteren i næringslivet, og den aukande tilflyttinga som voksteren førte med seg.
Slike argument nytta også Stortinget i si grunngjeving, då det i mars 1848 slutta seg til innstillinga frå Indredepartementet.
Nokre veker seinare signerte altså kong Oscar 1. vedtaket. Og Ålesund vart by.
Av: Ivar Gunnar Braaten, historikar.
[1]Vollan, Odd 1949: Aalesunds handelsforening 1847 – 1947. S. 13

