Kunnskap

Brann – søk tilflukt på Buholmen!

Snødekt gruvelandskap med trehus og murruiner fra en eldre industriby i vinterlandskap.
Like etter bybrannen i januar 1904. Trehusa på Buholmen sett frå Kipervika. Foto: Louis Anton Jacobsen / Viti sine samlingar

Vognmann Jørgen Østensen var uroa for hestane (1). Han heldt jakka godt om seg, og gjekk over til stallen på Buholmen. Max var litt uroleg, men elles var alt bra.

Jørgen gjekk tilbake til huset sitt på andre sida av Buholmsundet. Dei hadde hatt besøk til seint på kveld. Klokka hadde blitt to, natt til 23. januar 1904. Småbarnsfamilien i Rådstugata merka godt at sørvesten reiv i huset og piska sjøen, men no var det natt.

Like etter, klokka 02.15, gjekk signalet for storbrann!

Østensen heiv på seg kleda, og sprang utover. Han var ein av dei frivillige som var pålagt å møte opp for å hjelpe. Då fleire meter høge flammar sleika seg oppover bygningane i Nedre Strandgate, forstod han at dette kom til å verte ein katastrofe. Det beste han kunne gjere var å redde gamle og sjuke.

Østensen og vognforretninga hans var godt kjent i byen, og snart begynte folk å be om hjelp til å redde all slags saker vekk frå flammane. Alt var kaos, og han syns at veldig mange tenkte mest på seg sjølv. Han måtte hjelpe ei 80 år gamal dame med å redde ein møllspist brudekjole som var lagra på Ynglingen.

Ein eldsprutande drage

Historisk havneby med hvite trehus og seilbåter ligger ved foten av et stort fjell i Nord-Norge.
Ei tid før brannen i Ålesund, 1904. Sjøbuene og trehusa stod tett i tett. Foto: Sponland / Viti sine samlingar

Brannen starta i Nedre Strandgate, i Aalesunds preserveringsfabrikk. Sørvestleg storm og byger førte røyk og eld innover på Aspøya, i retning byen. Trehusa stod tett i tett. Elden spreidde seg frå Aspøya, over Brosundet, til husa bakom Brosundet, til Skansen og Skaret. Varme og røyk dreiv brannmannskapet med slangar, tunge brannsegl og utstyr frå den eine brannposten til den andre.

Om morgonen vart brannposten flytta til Gamle Korsen og toppen av Wiederøbakken. Ei stund såg dei ut til å lykkast, men så tok det fyr igjen og posten måtte flyttast til Kiperviktorget. Her begynte det å skorte på brannutstyr, for mykje hadde blitt igjen på Aspøya som no var utan bru og isolert.

Nokon prøvde å ro for å hente utstyret, men sjøen vart for røff. Ein dampbåt klarte etter kvart å legge til, men det tok lang tid. I mellomtida tok det fyr i Torvgata, og brannposten vart flytta til Voldsdalsveien og Buholmen.

Trass i at orkanen fortsette å rase, klarte vannslangen ved Buholmen å halde flammane unna. Men ovanfor fortsette det. Ikkje før klokka fire om ettermiddagen var det over.

Historisk svart-hvitt foto av en kystby med flere seilskip i havnen og bygninger spredt utover fjel.
Ålesund sentrum nokre dagar etter brannen. Eit trist syn. Foto: Ukjent / Viti sine samlingar

Sløkkearbeidet vart avslutta klokka to om natta den 24. januar. I ettertid vart det sagt at brannfolka kjempa mot ein eldsprutande drake med mange hovud (2).


Hestane kjempa seg fram i gnistregnet

Vi må tilbake til Østensen. Då alarmen gjekk, skunda han seg tilbake til stallen på Buholmen. Dottera til distriktslege Lorentzen, Dorothea, hadde allereie vore der og tatt hesten Tom. Ho hadde spent han føre ei varevogn og var på veg for å redde tinga i faren sitt kontor. Østensen var ikkje heilt glad for dette, for Tom var vanskeleg mot framande. Seinare fekk han vite at det hadde gått heilt fint.

Petter Eidsvik fekk låne hoppa Therese for å hente dottera som låg sjuk. Therese vart vekke, og Østensen frykta for at ho ikkje hadde overleve. Tre dagar etter kom ho til rette. Ho hadde gått utover Steinvågen, og berga seg.

Jørgen sjølv tydde til Max, trass i at han tidlegare hadde vore nervøs under brann. Det var ikkje lett for nokon av hestane som var på jobb denne natta. Dei måtte drivast fram med piskeslag på grunn av gnistrar og røyk. Max klarte seg overraskande godt. Det var som at han skjøna kor viktig oppdraget var.

Ein rutetur utanom det vanlege

En hestetrukket vogn med overdekket passasjerområde står på en grusvei rundt år 1900.
Østensen sin hesteomnibuss på rutetur i Nørvasundet. Foto: Sponland / Viti sine samlingar

Dette var eit heilt anna oppdrag enn dei var vane med. Jørgen hadde drive vognmannforretning sidan 1892, og i tida kring brannen var forretninga på sitt største.

For det meste frakta dei varer, men dei hadde også andre og gjeve oppdrag. Det var vognmann Østensen som køyrde vår eigen kong Oskar II og den tyske Keisar Wilhelm II då dei var i byen. På desse turane skein det frå nystrigla hestar og i Østensen sin flosshatt.

I 1903 skaffa han seg ei to-hesters omnibussvogn med plass til 20 passasjerar. Denne vart sett i rute mellom Storledbakken og Nørvasundet berre to dagar etter bybrannen. Turen kosta 20 øre (3). Men altså ikkje denne natta.

Heile natta heldt han og Max på, fram og tilbake i teleløysinga på Borgundvegen. Det var svart av folk som gjekk innover. Damene sine side kjolar vart slepne i søla. Jørgen og Max fylte vogna med lausøyre, møblar og arkivmateriale. Han redda fogden sine verdifulle protokollar, og han var med på å få pasientar frå lasarettet og sjukehuset i sikkerheit.

Han syns folk langs vegane raska med seg mykje rart, og i ettertid smilte han litt av dette. Dei bar med seg lampar, krimskrams og kommodestas, men lite mat.

Medan Jørgen hjalp til med å redde folk og verdisaker, så gjekk også tankane hans til kona Aagot og dei fire borna. Var dei trygge? Kom dei seg unna? Heldigvis visste han at dei fem køyrekarane og to tenestejentene som budde hjå dei ville hjelpe familien.

Redningsholmen

Et historisk bybilde viser ruiner og utbrente bygninger etter en brann, med fjell og sjø i bakgrunn.
Bilete kort tid etter brannen i 1904. Husa på Buholmen vart redda, og fleire søkte tilflukt her under brannen. Foto: Ukjent / Viti sine samlingar

Nesten heile byen var brent ned, ti tusen var huslause, og dei var trøytte og redde. På dette tidspunktet var det ingen som visste korleis dette skulle gå, eller om det var mange omkomne. Midt i alt dette finns der lysglimt, ikkje minst på Buholmen.

Østensen sitt bustadhus i Rådstugata var nedbrent, men då han kom seg ned til Buholmen søndag morgon vart han veldig glad for å sjå at husa stod igjen. Han vart særleg glad for det som møtte han i hestestallane. Stall og høyloft var opptatt av damer som heldt på med morgontoalettet. Dei vaska seg i bøttene som hestane drakk av, og klarte seg tydelegvis godt med slike primitive greier. Han syns dei tok det med godt humør. Vi må rekne med at det var fullt av brannflyktningar i Klaus Nilsens gate.

Buholmen vart også viktig for fluktruta til sjøs. På Buholmkaia stod sju fiskedamparar som tok om bord gjenstandar og evakuerte. I 15-tida den 23. januar gjekk båtane frå Buholmen innover til Nørve. Mange overnatta om bord i skipa.

Då det heile var over vart det straks behov for midlertidige kontor, ikkje minst for det krevjande forsikringsarbeidet. På Buholmen måtte ein del av husa takast i bruk som kontor og forretningslokale. I Søndmørsposten 30. januar står det at publikum kunne kome til Standals enke sitt hus på Buholmen for brannassuranse og at overrettssakfører K. Friis Petersens sitt kontor er i Dunkefabrikken på Buholmen.

Hestekrefter under panseret
Ein ny by vart bygt opp og ei ny tid kom. Østensen var ikkje redd for den nye tid. I 1909 gjekk han til innkjøp av automobil, ein fransk Darracq med fem seter. Dette var bil nummer tre i Ålesund.

Dei fleste var skeptiske og i starten gjekk forretninga trått. Han kan ikkje ha sett føre seg kor mange som etter kvart kom til å skaffe seg hestekrefter under panseret. Han kunne heller ikkje vite at dette motordrivne vidunderet, litt lenger inn i framtida, skulle få store konsekvensar for Buholmen...


Neste: Exit Buholmen. Publiserast april 2024

NOTAR

  • (1) Vi veit ikkje om det var Jørgen Østensen som såg etter hestane denne kvelden. Kring 1904 hadde han 17 hestar, og like mange tilsette i vognmannforretninga si. Sidan resten av natta er fortalt av hovudpersonen sjølv, har forfattar derfor late han starte forteljinga frå brannatta i stallen på Buholmen.

  • (2) Brannmannskapet sin kamp mot flammane var som Herakles’ kamp mot slangen Hydra. Kvar gong eit hovud vart hogd av, vaks det ut to nye.

  • (3) Aalesund museums skrift nr. 25, Intervju med kjøpmann J. Østensen.

KJELDER

  • Bugge, Kristian, Aalesunds historie, bind 1, 1923
  • Aalesunds museums skrift nr. 25, «Blant annet om barn, tran og museumsplan
  • Viti | Det brenn!, Ingvil E. Grimstad
  • Smp 1944, 22. jan
  • Smp 1948, 23. Jan
  • smp 2016, 02.02
  • Folketelling 1900, Ålesund
  • Ministerialbøker Ålesund 1894-1906
  • Norges brannkasse, Ålesund
  • Årbok for Sunnmøre 2020, Et fotografi frå 1909, Ivar Gunnar Braaten
Ingvil Eilertsen Grimstad

Ingvil Eilertsen Grimstad

Adm. og leiing: Avdelingsdirektør kulturhistorie

917 69 356 / ingvil@vitimusea.no

Brann – søk tilflukt på Buholmen! — Viti — Viti