Borgundfjorden og torsken
«Vårtorskefiske er av aller største betydning og fortener å kalles Sunnmøres beste næringsmiddel, vor ved mange tønner gull er innbrakt», skreiv presten og folkeopplysaren Hans Strøm for 260 år sidan.

Vårtorskefisket tar til ved Kyndelsmessa 2. februar, men på Sunnmøre kjem det store innsiget som regel i slutten av februar eller byrjinga av mars. Så no er tida komen. Torsken skal gyte. Finn fram fiskestong eller handsnøre. Fiskegarn må du derimot leggje igjen heime. Det er forbode å bruke garn under vintertorskefiske i Borgundfjorden - i dag.
Ein gong i året kjem gyteferdig torsk til traktene våra. Vi får innsig av både kysttorsk og skrei. Kysttorsken held til i farvatnet utanfor Møre, medan skreien kjem frå dei enorme havområda rundt Bjørnøya og Spitsbergen - og frå Barentshavet. Også beitande kysttorsk – sildetorsken, kjem for å meske seg på silderogn denne tida. I gode år ligg rogna som eit teppe over den steinete sjøbotnen på Mørekysten. Så mykje kan det vere, at vekta av silderogna utgjer tre gongar vekta av Noregs befolkning.
Kysttorsken kjem som regel første inn fjorden. Riktig fart i sakene blir det når innsiget av skrei startar. Og når kysttorsk og skrei stimar inn i Borgundfjorden, då er det gjort. Då er dei - alle som ein, blitt til Borgundfjordtorsk.
Det var ein gong «saadan Overflødighet af Torsk»
Strøm fortel om ein overflod av torsk i Borgundfjorden; dei beit på kroken – og gjekk i garnet, bokstavleg talt. Fiskarane fylde båtane sine både to og tre gongar for dag.
“Alle vore Fiskere forføie sig hen til Borgenfjorden, hvor de paa 50 Favners Dyb baade kan bruge Torske-Garn og Diup-Aagn, og forfinde desuden saadan Overflødighet af Torsk, at de i visse Aaringer daglig have kundet fylde sine Fisker-Baade 2 til 3 Gange, nemlig een Gang hver Morgen med den Torsk som fanges i Garn, og et Par Gange i den øvrige Tid af Dagen, ved at fiske med Snor”.
Om vi går enda lengre tilbake i tid, finn vi også spor etter eit rikt fiske i Borgundfjorden.
For 1100 år sidan vaks det fram ein marknadsplass her, som med tida blei til ein by. Den første på Sunnmøre. Borgundkaupangen låg der Klokkersundet skjerer inn til den lune Katavågen. Her har handel og handverk blomstra, innhylla i ein eim av fisk.
Hamna syda av liv medan fastbuande og tilreisande handla med tørrfisk og lyse, silke og vin, kvernsteinar og sko. Arkeologiske funn som fiskebein, fiskekrokar og dorgesøkker fortel om Borgundfjordfisket i dei eldste tidene. Det er til dømes funnen heile 30 603 fiskebein under arkeologiske utgravingar i Borgundkaupangen.

Fiskereiskapane
Handsnøret var lenge den vanlegaste fiskereiskapen under vårtorskefisket. Ein ny reiskap – lina, dukkar opp for fyste gong i kjeldene i 1618. Då blei fire karar frå Hjørundfjorden bøtlagd for å ha stole fiskeline i Borgundfjorden.
Nokre år seinare blei også ein kar frå Ulstein bøtlagd for eit liknande tjuveri. Så kom garnet. Torskegarn var i bruk på Sunnmøre frå 1640-talet, og vanleg frå 1690. Hundre år seinare var torskegarn i vanleg bruk langs heile den lange Norskekysten.
Dei nye fiskereiskapane var ikkje for alle i starten, og det blei konfliktar. Så lenge ein fiska med handsnøre, var det plass nok til alle. Torskegarn og -line tok derimot mykje meir plass, og det blei uorden i reiskapane, kjving og konfliktar.
Striden var allereie i gang i 1625. Då søkte “den menige almue udi øyene på Sunnmøre” lensherren om at linefiske måtte forbydast. Noko seinare, i 1651 , kom ei forordning som sa at torskegarn og -line var forbode både på havet og på fjordane under vårtorskefisket.
Forordninga har nok i liten grad blitt tatt til vitande i sona Borgundfjorden. Det syner dei fyste skrifteprotokollane frå 1656 og utover. Her kan vi sjå at sunnmøringane, nordfjordingane og sunnfjordingane gjekk føre med å ta i bruk torskegarn og line. Områda med over 40 % torskegarn i skifta låg rundt Borgundfjorden og Bremangerlandet/Vågsøy. Når det gjaldt torskeline, låg Borgund fremst med 29 % i skifta.

Lang, lang rekke
Hans Strøm var grundig og nøyaktig når han gjorde sine undersøkingar:
”En med al muelig Fliid og efter nøieste Undersøkninger forfattet Balance-Regning over Torske-fiskeriets Beløb i Aaret 1756 at Båter tilsvarende 499 Fioringfar-enheter med 2994 fiskere deltok i Borgundfjordfisket”.
Det var tilreisande og fastbuande fiskarar om kvarandre, og trongt om plassen. Postmeister Tonning såg uordenen som herska under vårtorskefisket i Borgundfjorden, og fekk vedtatt ei lov som sa at det skulle fiskast med garn om natta og handsnøre og line om dagen.
Lova blei strengt handheva. I 1823 blei fiskarane bøtlagt for 206 spesidalar, 4 ort og 8 skilling. Året etter var det kunn 1 ort og 15 skilling i bøter. Det blei sagt at Tonning under garnsettinga pleidde å spasere - frå båt til båt - frå Slinningen til Borgund. Ei strekning på omlag ei halv mil.
Bjørn Myklebust skildrar også garnsetting under Borgundfjordfisket i sitt skriv frå 1971:
“Snart ligger det båtar som perler på ei snor bortover sjøen. En praktiserer nemlig lukesetting i Borgundfjorden (...) Snart innfinner også oppsynsbåten seg, og dem paraderer fram og tilbake foran båtrekkene som en general foran sine tropper. Plutseleg går flagget på oppsynsbåten til værs (...)
I samme nu hugger årene i vannet, en tar spenntak i tofta og ryggene bøyes for et kraftig åretak (...) Garn etter garn siger snart ut av bakskuten etterfulgt av større og mindre plask fra kuler, søkkesteiner og de større steinene på langeføttene. Omsider er hele garnsettingen ute, og snart forsvinner dubbelet eller bøya med et siste plask over bord. Karene retter ryggen og slenger et “tvi” etter. Det skal borge for godt fiske”.
Borgundfjordfisket var ein gong det klart viktigaste fiskeriet på Sunnmøre. I gode år ei regional Sareptas krukke. Men torsken som kjem til Mørekysten er litt ustadig. Nokre år er han langt inne, andre år langt ute. Nokre gonger står han grunt, andre gonger djupt. Det er gode fiskeår og dårlege fiskeår om ein annan.
Folk undra seg over dette. Nokon meinte det var nettopp garna som skremde torsken. Nokon meinte det var lina eller rykken. Andre sa at det var all fiskesloa eller tarebrenninga som skremde torsken herifrå. Til og med nordlyset fekk skulda.
I gode fiskeår var folk glade og fornøgde, i dårlege år minka både motet og trua. “Vil ein sjå torsk no, lyt ein fara på museum”, blei det kommentert eit dårleg fiskeår.
I dag veit vi meir om torsken si vandring, økosystem og klima, men framleis er det spenning.
No er tida kommen, torsken skal gyte! Blir det boblande liv i Borgundfjorden i år, og får eg ein på kroken, mon tru?
Finn fram fiskestonga eller handsnøret, men la garnet bli heime. Vintertorskefiske i Borgundfjorden er ikkje ei Sareptas krukke lenger, så vi må ta godt i mot dei torskane som kjem. Berre smake litt – ikkje ovete. Vise måtehald og respekt, for både natur og tradisjon.
Skitt fiske!
Kjelder
Les meirLukk
Myklebust, Bjørn: Borgundfjordfisket, Fiskeridirektoratets skrifter, serie fiskeri, Vol. V. NO. 3, 1971
Nedkvitne, Arnved: “Mens bøndene seilte og Jægterne for – Nordnorsk og vestnorsk kystøkonomi 1500 - 1730”, 1988
Hutchinson, Alan: “Vestnorske og trønderske bønders fiskerier” i Fangstmenn, fiskerbønder og værfolk, bind 1, 2014